Dag og Tid nr. 41, laurdag 11. oktober 2003

Kommentar:
Eit strupetak, men kven sin strupe?

Det er ikkje nokon original observasjon at Irak-krigen hadde eitt eller anna med olje å gjere. Det går som eit refreng at USA ville sikre seg dei neststørste oljereservane i Midt-Austen. Når ein i tillegg veit at det er ei ulmande sosial uro i den amerikanske klientstaten Saudi-Arabia, at regimet der slett ikkje sit så trygt som ein trudde, og ikkje minst at femten av dei nitten flykaprarane som var med på åtaket mot amerikanske byar i 2001, var statsborgarar i Saudi-Arabia, er det ikkje vanskeleg å forstå at USA ser seg om etter ein forsikringspolise.

Den amerikansk-leidde okkupasjonen av Irak kan likevel ha ei side som sjeldnare kjem fram i norske medium.
Vi har lett for å stire oss blinde på bildet av USA som ein sterk stat, den einaste gjenverande supermakta i verda, ja som sjølvaste hypermakta. Vi vert utsette for kommunikasjonsindustriane deira kvar dag, og ikkje minst der tek ein stadig opp att bodskapen om det sterke landet. Innimellom slepp ein Edward Said eller ein Mike Moore gjennom garnet for å fortelje at medaljen har ei bakside. Elles er kritisk sjølvrefleksjon ikkje det mest iaugefallande trekket ved den amerikanske underhaldningsindustrien. Ser ein til dømes på historia til den amerikanske økonomien dei siste tjue åra, er det iallfall veikskapen og slett ikkje styrken som vert mest tydeleg. Tidleg på åttitalet forvandla USA seg frå å vere den største kreditoren til å vere det mest gjeldsette landet i verda, takk vere Reagans rustingskappløp kombinert med ein uansvarleg og regressiv skattepolitikk. Atomvåpna la begge supermaktene øyde, men på ein annan måte enn alle hadde tenkt. Sidan har USA slite med kroniske underskot både på statsbudsjettet og på handelsbalansen med utlandet.

Prisen for den vanstyrde amerikanske økonomiske politikken er det dei fattige og sjuke som har betalt. Samfunnet er meir polarisert økonomisk og sosialt enn noko anna industriland, valden er endemisk og to prosent av amerikanske menn sit for tida i fengsel.

Grunnen til at USA har kunna køyre ein slik underskotspolitikk, ligg i dei reformene som vart gjennomførte i det internasjonale finanssystemet på sytti- og åttitalet. Med dollaren som internasjonal reservevaluta er USA det einaste landet i verda som kan ta opp lån hos seg sjølv. Den dagen ein annan valuta, til dømes euroen, overtek den rolla, er festen definitivt slutt. Da vil den amerikanske levestandarden i snitt måtte falle med om lag tjue prosent. Lite kjekt, men iallfall berre halvparten av den nedgangen i kjøpekraft som mexicanarane måtte gjennomgå på åttitalet.

Underskotet på den amerikanske handelsbalansen ligg på rundt 450 milliardar US-dollar i året. Av dette utgjer oljeimporten ca. 80 milliardar, altså ein vesentleg del. I 1973 importerte USA om lag ein fjerdedel av oljeforbruket, i 1999 utgjorde importen over seksti prosent. Ei skremmande utvikling, ikkje minst for oss som lever i prestestyrte land med olje men utan demokratisk valt statsoverhovud.
Det er interessant å sjå kor den amerikanske oljeimporten kjem frå. Halvparten kjem frå det amerikanske kontinentet, som altså forsyner sytti prosent av det totale forbruket. I 2001 skaffa Saudi-Arabia 585 millionar fat (av ein totalimport på 3475 millionar fat), Irak – allereie da! – 285 millionar fat, altså ein relativt liten del. Amerikanarane sytte klokt nok for å importere frå eit stort spekter med land i ulike verdsdelar.

Dei som derimot er sterkt avhengige av olje frå Midt-Austen, er EU-landa. Og da er vi framme ved kjernen i saka. USA treng strengt teke ikkje Iraks olje, iallfall ikkje no. Kontrollen over Iraks olje derimot gir dei eit strupetak over europearane. Éin ting er at den irakiske olja kan prisast i dollar. Men dersom euroen i ei ikkje altfor fjern framtid trugar med å bli den nye internasjonale reservevalutaen, da veit ein kor det er lettast å presse på.
Det som mest umiddelbart vil kunne føre til at dollaren vert skifta ut med euroen, er at Storbritannia sluttar seg til eurosona. Da ville aksje- og finansmarknaden i London gå over til euro, og den britiske økonomien, som framleis er den femte største i verda, ville heve det samla bruttonasjonalproduktet i eurolanda over det amerikanske nivået. Da ville USA ikkje lenger vere verdas største økonomi. Nettopp derfor kan vi vere – eg heldt på å skrive «bombesikre», men det ville nok vere smaklaust i samanhengen – på at britane aldri vil få lov til dette. Den amerikanskåtte tabloidpressa ville syte for det, og det finst andre meir subtile pressmiddel òg.

Alt dette har nok Mr. Tony og partikameratane truleg skjønt for lenge sidan. Når dei likevel veit at sjansen for å få Storbritannia inn i eurosona er lik null, trass i at dei sannsynlegvis vil det, og at dei økonomiske argumenta for det er gode, er det like greitt å smyge seg inn til amerikanarane i håp om å raske med seg nokon smular i Irak.
Men noko pent syn er det ikkje.

Det finst mykje interessant refleksjon omkring den amerikanske økonomiske veikskapen og dei militære eventyra til landet i ei bok som kom ut i Frankrike i fjor, og som no er på veg oppover bestseljarlistene i Tyskland. Forfattaren er veteranjournalisten og redaktøren Emmanuel Todd, og boka heiter Après L’Empire: Essai sur la décomposition du système américain. Hadde Samlaget klart å klore seg til dei norske rettane, hadde dei fått til ei storvinning for nynorsk skriftkultur.
Stephen Walton

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |