Dag og Tid nr. 41, laurdag 11. oktober 2003
EU:
Eit steg på veg mot superstaten?
EU skal få eigen president og utanriksminister, sams utanrikspolitikk og sams tryggingspolitikk. Men ordet «føderal» tør ingen å seie.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
For all del: Enno er det langt att til EU blir ein føderalstat à la USA. Men det utkastet til ei forfatning eller grunnlov som leiarane for EU-landa diskuterte i Roma sist helg, kan kallast eit viktig steg i retning av ei statsdanning. Såpass omfattande er dei endringane som utkastet legg opp til, og som leiarane i EU-landa skal stridast om dei neste månadene. At striden blir hard, synte konferansen i Roma tydeleg. Og sjølv om regjeringane blir samde om lovteksten, kan framleis folkerøystingar velte prosjektet i dei landa der regjeringane vågar å spørje folket til råds, vel å merkje.
Kontroversielt
Utkastet til ny EU-forfatning blir ofte omtalt som eit forsøk på å finne ein mellomveg: Eit forslag som verken vil støyte dei mest ihuga føderalistane eller dei som fryktar eit altfor mektig EU. Tony Blair, statsminister i det EU-skeptiske Storbritannia, skal til dømes ha sytt for å få luka ut ordet «føderal» frå utkastet. I halvtanna år jobba over hundre delegatar under leiing av Valéry Giscaird dEstaing med å lage eit utkast som flest mogleg skulle kunne svelgje. Men det tyder på ingen måte at innhaldet ikkje er kontroversielt. Utkastet inneheld mellom anna desse forslaga:
- Ein EU-president, som skal setje dagsorden og vere fremste representant for unionen
- Ein eigen EU-utanriksminister og eige utanriksdepartement
- Samkøyring av utanrikspolitikken
- Samkøyring av tryggings- og forsvarspolitikken
- Samkøyring av skattepolitikken
- Færre EU-kommissærar
- Fleire fleirtalsvedtak og redusert vetorett
Kommissærstrid
Omskapinga av EU er dels grunngjeven med EU-utvidinga i mai neste år. Unionen veks da frå 15 til 25 medlemsland, og dei gamle styringsordningane blir nokså tungvinte. Eit anna hovudproblem er at medan økonomiane i unionen er nesten fullstendig samansmelta, har den politiske leiinga vore heller veik unionen er ein økonomisk gigant med underutvikla politisk hjerne. Men når ein skal gje meir makt og handlekraft til unionen, må ein ta makt frå andre. Og det er aldri smertefritt. Det er fleire grunnar til at dei store EU-landa er langt meir nøgde med utkastet enn dei små.
Til no har til dømes kvart medlemsland i EU hatt minst éin kommissær med røysterett i den mektige EU-kommisjonen. Men med 25 medlemsland vil dette systemet bli tungrodd, blir det sagt, og ein kunne risikere å ende opp med ein del tullekommissærar utan nokon eigentleg funksjon. Utkastet til forfatning reduserer difor talet på kommissærar med røysterett til 15. Dette har ikkje vorte godt motteke blant dei mindre EU-landa og dei komande medlemslanda, for det er mykje prestisje i å ha sin eigen kommissær sjølv om han eller ho formelt sett ikkje representerer heimlandet.
Innføringa av ein eigen EU-president, som skal veljast for to og eit halvt år i gongen, vert dessutan slutten på den halvårlege rotasjonen av formannskapen i EU. Nyordninga har støtte frå store land som Storbritannia, Tyskland og Frankrike. Men dei mindre statane likar dårleg at dei misser sjansen sin til å få eit halvår i sola som formannskapsland. Småstatane er òg skeptiske til at ordninga med ein EU-president skal svekkje kommisjonen. Det har saktens vore mykje gale med EU-kommisjonen gjennom åra, men dei små landa i EU har sett på dette organet som ein slags ven og talsmann. Dei siste signala går ut på at Frankrike og Tyskland kan vere på glid i dette spørsmålet, i det minste når det gjeld talet på kommissærar.
Brølande mus
I eit anna av stridsspørsmåla er det derimot inga forsoning enno. Det handlar om røystetal i Ministerrådet. I Nice-traktaten frå 2001 fekk dei mellomstore landa Spania og Polen nemleg tildelt nesten like mange røyster i rådet som stormaktene Frankrike og Tyskland. Men i utkastet til ny forfatning får dei røystetal i samsvar med folketalet sitt. Om eit forslag har støtte frå over halvparten av medlemslanda og land med 60 prosent av folketalet, blir det vedteke.
Dette likar Spania og Polen mildt sagt dårleg, og ingen av dei gjev teikn til å fire på dette punktet. «Vi vil ikkje ha noko kompromiss. Det er ikkje vi som bryt ein traktat», seier den polske utanriksministeren Wlodzimierz Cimoszewicz.
Tyskland og Frankrike har på si side gjort Spania og Polen merksame på at dei kjem til å vere avhengige av store overføringar i mange år framover, og at det kan vere lurt å gå litt stillare i dørene om dei vil ha meir pengar frå EU.
Utan reservasjon
Dei heitaste kranglane om forfatninga til no har altså handla om maktfordeling og taburettar. Men viktigare på sikt er nok den utvidinga av verkefelta for EU som den nye forfatninga legg opp til, og det er her spørsmålet om EU som superstat dukkar opp. For det blir brukt store ord i utkastet, ikkje minst når det gjeld utanrikspolitikken. Unionen skal kunne «definere og gjennomføre ein sams utanriks- og tryggingspolitikk, inkludert den progressive utforminga av ein sams forsvarspolitikk», heiter det mellom anna. Og medlemsstatane skal «stø den sams utanriks- og tryggingspolitikken aktivt og utan reservasjonar i ei ånd av lojalitet og gjensidig solidaritet», står det skrive.
I praksis blir det ikkje fullt så enkelt eller samstemt. Fleire regjeringar, ikkje minst den britiske, insisterer på vetorett i utanriks- og forsvarsspørsmål, og slik blir det nok lenge enno. Forfatninga innrømmer dessutan Nato ei form for forkøyrsrett framfor EU i forsvarssaker. Men utkastet til EU-forfatning er likevel eit tydeleg steg i retning av ein verkeleg sams utanrikspolitikk som er noko ein stat må ha.
Forfatningsutkastet legg òg opp til at EU skal få større makt når det gjeld justis, politivesen, immigrasjon og energispørsmål, og dermed blir den nasjonale sjølvråderetten på desse felta mindre. Dei nye røystereglane og innskrenkinga av vetoretten i Ministerrådet gjer dessutan EU til eit meir handlekraftig politisk system enn før, med mindre høve til å bremse for einskildland. Når det gjeld skattepolitikk, trør utkastet svært varleg dette emnet er sensitivt, og orda om «harmonisering» er milde og vage. Men det er ein start, det òg.
Demokrati?
Blir så det nye EU meir demokratisk enn det gamle? Førebels må svaret bli kanskje. Den nye forfatninga er i alle fall delvis tenkt som eit forsøk på demokratisering. Det til no intenst impotente EU-parlamentet er tiltenkt noko meir makt enn før. EU-parlamentet er det einaste organet i EU som er direkte valt, men deltakinga i vala har vore ned mot 20 prosent i fleire land. At makt skal flyttast ut av den svarte boksen kalla EU-kommisjonen, kan òg føre til ei demokratisering og utlufting av EU-systemet. Dessutan skal nasjonalforsamlingane i EU få meir høve til å uttale seg om vedtaka i kommisjonen, men dette liknar mest på eit fikenblad.
Og sjølve prosessen fram mot ei EU-forfatning har ikkje noko spesielt demokratisk preg. Som den franske avisa Liberation nett skreiv på leiarplass: Ingen av borgarane i Europa har blitt spurde om kva dei synest om å få ein europeisk president. «Togn frå veljarane, togn frå borgarane togn for demokratiet», skriv Liberation.
Skjær i sjøen
Om alt går etter planen, skal den nye konstitusjonen vedtakast av EU-regjeringane før jul, medan Italia har formannskapen i EU. Slik kan den italienske hovudstaden bli fødestad både for den opphavlege Roma-traktaten og den nye EU-forfatninga, og formannskapen til Silvio Berlusconi kan bli hugsa for anna enn den ufyselege nazivitsen frå i sommar. Men få trur at det skal gå så fort, særleg ikkje etter den tunge starten på forhandlingane sist helg. «Om det blir ein avtale før jul, skal eg løfte på topplua og gratulere, men det vil overraske meg mykje», sa Göran Persson etter helga si i Roma.
Når EU-regjeringane til slutt kjem til semje om forfatninga, vil dei modigaste og mest demokratiske av dei halde ei folkerøysting om saka i heimlandet neste sommar. Til no har seks land varsla at dei vil halde folkerøysting, medan fleire tenkjer på det. I prinsippet skal eit nei til forfatninga i eitt land vere nok til å velte avtalen. Men slik erfaringane til Danmark og Irland har vist: Om eit lite land seier nei i ei folkerøysting, får dei sjansen til å røyste om att, heilt til svaret blir «rett». Skulle derimot folket i fleire land eller i ei stormakt som Frankrike, der EU-skepsisen er stigande takke nei, kan faktisk heile forfatninga gå i vasken. Det er interessante tider for EU.
Kjelder: BBC, The Economist, The Guardian, The Independent, Berlingske Tidende, Politiken, Aftenposten, NTB.
|