Dag og Tid nr. 41, laurdag 11. oktober 2003
Bøker:
Verd å vente på
Øystein Stene er reflektert. Han veit noko om isolasjon, einsemd, sosiale posisjonar, venting, framfor alt venting, og alt dette tar han ut i debutromanen Ventemesteren.
Øystein Stene:
Ventemesteren
Aschehoug
Øystein Stene er debutant. Han er født i 1974, har hovudfag i litteraturvitskap, bur i Oslo og underviser på Teaterhøgskolen. Det er dei reine fakta. Samtidig leverer han ei debutbok som normalt skulle vekkje større oppsikt enn desse romanane om gutane som rakar pungen og desse som sviv rundt i Oslo-natta og søv bort dagen derpå. Øystein Stene er reflektert, han veit noko dei andre ikkje veit eller har sett seg inn i, han veit noko om isolasjon, einsemd, sosiale posisjonar, venting, framfor alt venting, og alt dette tar han ut i debutromanen Ventemesteren.
Godot
Sjølvsagt går tanken til Samuel Becketts Mens vi venter på Godot, den meiningslause ventinga og gjøglinga for å få tida til å gå, og Stene er også innom desse sidene ved ventinga, dei absurde på-funna, dei absurde historiene frå oppveksten, og når dette samtidig koplast saman med pubertale lengslar og kjønnsfikserte fantasiar, blir framstillinga til tider svært så underhaldande.
Men Stene har neppe eit eksistensielt ærend, det verkar meir som om han prøver ut ein idé, kor langt går det an å trekkje eit tema som venting, kva skal ein fylle ventinga med, kva er vitsen med denne ventinga, og kor ynkeleg og bortkommen går det an å gjere mannsrolla i ei verd der kvinnene er i ferd med å ta styringa der mannen før hadde kontroll.
Impotens
Even Huuk, som eg-forteljaren heiter, byggjer sjølvsagt opp eit sinnrikt forsvar for det valet han har gjort, han lyfter sin eigen isolasjon opp på eit åndeleg og filosofisk nivå, sjølv om problemet hans er temmeleg jordnært:
Mannen er impotent, han har aldri hatt sex, diagnosen blir «erektil dysfunksjon», samtidig med at mannen lir av sterk berøringsangst. Dermed framstår forteljaren som komisk og latterleg, det finst ingen tragiske dimensjonar ved han, han blir berar av forfattarens idé med heile teksten.
Even bur i leilegheita etter bestemora, mora bur i Frankrike, og faren døydde før guten blei født. Det er onkelen som tar hand om han og får han i behandling hos MedStat, eit privat føretak med både medisinsk og psykologisk kompetanse, store ambisjonar på vegner av pasientane og med imponerande resultat å vise til. Even får samtaletimar hos prof. dr. med. Gregor Gallefoss. Her serverer han dei mest utrulege historier og fantasiar frå oppveksten der forholdet til det motsette kjønn heile tida står i sentrum.
Forsøk
I oppgangen der Even bur, bur også Ada, ei som lever av å prostituere seg mens ho ventar på å komme inn på Kunstakademiet. Mellom desse utviklar det seg etter kvart eit ganske nært vennskap og ganske vill situasjonskomikk, og ein ventar kanskje at Even skal tenne og bli kvitt desse absurde ideane om venting. Men slik går det ikkje, for Ada er ledd i MedStat si behandling som etter kvart blir svært så invaderande med heimebesøk og personleg rapportskriving med stramme leveringsfristar. Ironiseringa over behandlingssamfunnet er ikkje til å ta feil av.
Ventemesteren har ei original vinkling ved at romanen snur det sexfikserte i samtidslitteraturen til det motsette: impotensen. Slik blir Lars Ramslies Fatso og Øystein Stenes Ventemesteren motpolar, sjølv om dei begge handlar om den utstøytte, einsame og jomfruelege mannen i ei tid der møydommen for lengst er tapt. Lesne mot kvarandre gir desse to romanane eit interessant perspektiv på det problemet som etter kvart opptar mange: Kva skal vi gjere med mannen, eller kor skal mannen gjere av seg?
Oddmund Hagen
|