Dag og Tid nr. 41, laurdag 11. oktober 2003

Bøker:
Sju gonger Ambjørnsen
Sju noveller om einsemd og brå møte med det uhyrlege.    

Ingvar Ambjørnsen:
Delvis til stede
Noveller
Cappelen

Ingvar Ambjørnsen har skrive meir enn éi bok i året frå og med debuten i 1981 og fram til i dag. Mellom romanar og ungdomsbøker har han gitt ut fire novellesamlingar, der i alle fall dei tre siste er solide: Jesus står i porten (1988), Sorte mor (1994), Natt til mørk morgen (1997) og årets Delvis til stede (2003). Han har dessutan publisert fleire romanar som vi like gjerne kan kalle langnoveller, kortromanar eller forteljingar. Ambjørnsen er med andre ord velkjend med den korte prosasjangeren. Og novella er som bokmeldinga. Her er ikkje plass til utanompreik. Ingen av novellene til Ambjørnsen stampar omkring utan å vite kvar dei skal. Alle har retning og substans. Verken novella som form eller Ambjørnsen som forfattar, har det med å utsetje og dvele ved poenga. Straks eit hyggeleg univers er etablert, oppstår noe som snur opp-ned på hygga. Uhyrlege tilfelle av den eine eller andre sorten veltar eit vanleg og ordna kvardagsliv over i det kaotiske og kritiske.
Komierotikk er det første vi møter: «Da toget stanset hadde jeg hodet mellom bena hennes.» Verken komikken eller erotikken kan vare, det veit alle som har levd ei stund. Straks etter å ha slått fast at han ligg der, mellom beina hennar, stoppar toget. Og med det kjem uroa over han. Han går ut av kupeen for å sjekke forholda, og framfor toget møter han døden. Dette møtet kan han etterpå ikkje formidle til kona, han må forteie det. Einsemd
og død fører livet over i eit nytt spor.

Feller ingen dom
Løgn og forteiing går hand i hand med skamma og einsemda, men i desse novellene blir det ikkje gitt noen eintydig dom over desse fenomena. Løgna har også sin misjon, likeins forteiinga og skamma. Og det høyrest rett og rimeleg ut, at det er ei tid for å handle dumt og ei tid for å skamme seg. Ei tid for å tale og ei for å teie. Den doktor Relling-aktige forteljaren i den siste novella, som ein stad nemner doktor Stockmann og ikkje Relling, seier det slik: «Det var en vakker dag med sol og blå himmel, og jeg tenkte at vi ville få en fin tur over fjellet dersom vi bare kunne tie om det aller meste.» I ei verd prega av kriminalitet, dumskap, uforstand og vondskap, må du sjå etter utvegar. Og du må lære deg å bli fortruleg med einsemda. Slik er det i alle fall for folka i desse novellene. Det ligg fridom og noe som liknar på frelse i einsemda, trass i at vi altså veit at einsemd ikkje fører noe meir med seg i lengda. Men når livet er prega av uforstand og kriminalitet, kvar gjer du av deg? Ein fyr i ei av desse novellene flyktar frå jobben og oppryddinga som ventar i heimen etter at husværet hans er robba og vandalisert. Og i denne flyktande undergangen ligg også ei slags frigjering, eller nytt fangenskap: «Nå hadde jeg nesten ikke annet å miste enn livet selv. Jeg visste ikke om det var blitt mer eller mindre verdt for meg, men noe var blitt annerledes. Adskilt fra gjenstandene var jeg blitt en tryggere mann. Eller kanskje bare en god del mer likegyldig.»

Mannfolk
Hovudpersonar og forteljarar i novellene er menn. Dei er slett ikkje skakke og rare alle av desse mannfolka heller. Livet treffer dei bare midt i panna. Og det gjer vondt. Tematikken er felles i alle novellene. Det handlar om at mennesket er grunnleggande einsamt og redd, og formulert slik verkar det kanskje velkjent og kjedeleg. Men det er det ikkje. Novelleforma er for så vidt velkjend, men Ambjørnsen har noe på hjartet, og det blir det ekte litteratur av. «Varm litteratur», heldt eg på å skrive, men det får vere måte. Fleire gonger i årets noveller blir møtet med einsemda utpeikt som både lagnadstungt og avgjerande for personane, og einsemda er ikkje utelukkande negativ heller. Ho er eit faktum som det nærmast gjeld å gjere seg fortruleg og ferdig med, på eit vis. Men eit grunnvilkår er det sjølvsagt vanskeleg å bli kvitt. Dette triste synet på menneskelivet, at det er grunnleggande einsamt og at folk ikkje kjenner einannan sjølv om dei bur med einannan, har Ambjørnsen sams med ein såpass mørk forfattar som Kjell Askildsen. Men der einsemda hos Askildsen framstår trist og definitiv, er det nesten som om erkjenninga av einsemda hos Ambjørnsen er eit nødvendig utgangspunkt for å kunne forstå seg sjølv og dei andre. Einsemda er ei kraft hos Ambjørnsen, eit grunnvilkår det gjeld å møte for å kome vidare. Utan einsemda kjem du i alle fall ingen veg.

Galgenhumor
Ambjørnsen skriv enkelt og utan jåleri. Viss han gjer seg til, er det med underforstått galgenhumor. Enkelte tekstparti faldar seg elegant ut i prosalyriske skildringar. Ei form for beiskt og fandenivoldsk livssyn gløder stille midt oppi nederlag og skam. Forfattaren nyttar enkle og vanlege norske kvardagsord. Men han er fint lite låglitterær, langt derifrå. Språket er danna. Han ligg nærmare riksmål enn samnorsk. Han skriv «elven» og til og med «bryggen», men «gaten» formulerer han «gata». Han skriv eit sobert riksmål, ikkje ein gong replikkane er krydra med låg- eller folkespråk. Folka hans bannar rett nok ein del, men slett ikkje for mye. Novellene til Ambjørnsen framstår moralsk høgverdige og djupt menneskevennlege. Ofte lèt Ambjørnsen personane i novellene framføre den beiske, underforståtte og avvæpnande replikken. Humoren dyttar det tragiske over i det komiske. Kanskje kunne vi seie at Ambjørnsens realistiske noveller finn stad i det latterlege, eit livs- eller skriftområde bortanfor grining og gapskratting? Som om det er slik menneska er når dei ikkje lenger veit kven dei er: latterlege? Men det er kanskje feil å snakke om det latterlege, all den tid det er meir enn nok av regn, sludd, undergang, einsemd og død i desse novellene? «Tristesse», er ein karakteristikk som ein av novelleforteljarane sjølv hentar fram.
Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |