Dag og Tid nr. 40, laurdag 4. oktober 2003


Irak:
Den lange krigen
Sommaren 2002 hadde USA endeleg bestemt seg for å ta Saddam Hussein. I røynda var det den lange krigen mot Irak, som starta eit tiår før, som endeleg hadde fått eit ideologisk fundament, meiner Henrik Thune.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no

NUPI-Forskaren som var stand by i NRK-studio under den amerikansk-britiske invasjonen i Irak, har i boka Krigsdansen skrive soga om Saddam Husseins fall i to versjonar. Den korte versjonen starta 12. september 2001, dagen etter terroråtaket mot Pentagon og tvillingtårna i New York. Det nasjonale tryggingsrådet til Bush var samla, og etter nokre innlegg tok forsvarsminister Donald Rumsfeld ordet og sa: «Kvifor skulle vi ikkje også ta Irak, ikkje berre al-Qaida?». Etterpå var det berre eit tidsspørsmål, men kvifor dukka akkurat Irak opp i synsranda denne dagen?

Det handlar den lange soga om, ei historie som ikkje berre starta med Golfkrigen i 1991. Ho starta også uavhengig av den seinare propagandaen for å knyte 11. september til al-Qaida. Men det var ein irakisk student i eksil som for ti år sidan først fekk Thune til å interessere seg for spørsmålet. «Golfkrigen held på enno», sa han.

Dei nykonservative

Som det sidan har vore skrive mykje om, var det alt under Bush senior plassert folk i administrasjonen som i 1997 skulle stå fram som ein del av den nykonservative lobbyen Prosjektet for det nye amerikanske hundreåret (PNAC), med frontfigurar som William Kristol, Dick Cheney, Paul Wolfowitz, Robert Kagan og mange andre. Kagan og Kristol hadde i 1996 skrive artikkelen «Towards a Neo-Reaganite Foreign Policy» i tidsskriftet Foreign Affairs, og lobbyen skreiv brev både til Clinton mens han var president, og til Bush II då han tok sete i Det kvite huset. Men Wolfowitz var først på banen i mai 1990, då han og dåverande forsvarssjef Colin Powell fekk i oppdrag å dra opp dei historiske linene for USAs strategiske framtid, til bruk i ei intern Pentagon-brifing. Berre Wolfowitz fekk tid til å leggje fram vyane sine, og han fekk etterpå i oppdrag å sy det saman til ein amerikansk forsvarsstrategi, eit dokument Washington Post og New York Times lekte utdrag av i 1992. Forteljinga om den nykonservative lobbyen er no kjend historie, og han har seinare fått sitt fremste propagandaskrift i Kagans bok Makten og paradiset.

Thune skildrar dette som det siste av fire scenario, som saman skulle ende med invasjonen i Irak. Det første er soga om FNs våpeninstruktørar som gjorde jobben sin, men som etterkvart mista sin politisk relevans. Det andre er tryggingsrådet i FN som bygde opp ein sanksjonspolitikk mot Irak, men som vart splitta og gjekk i kvar si retning, noko Hussein visste å slå politisk mynt på. FN-politikken fekk sitt endelege samanbrot med det amerikansk-britiske firedagarstoktet «Operasjon Ørkenrev» i 1998. Det tredje var dei økonomiske sanksjonane som meir og meir verka mot føremålet, og som var moralsk uforsvarlege. Det siste kom mest grotesk til uttrykk då Madeleine Albright som utanriksminister vart intervjua i fjernsynsprogrammet 60 minutes:

«Vi har hørt at en halv million barn har dødd i Irak. Dette er flere enn de som døde i Hiroshima. Er det verdt prisen?»

Etter å ha tenkt seg om sa Albright:

«Jeg synes dette er et svært vanskelig valg, men prisen.... vi mener det er verdt prisen» (sitert etter boka).

Ikkje determinist

– Eg påstår ikkje at det var gitt at denne utviklinga måtte ende med krig, seier Thune.

– Som eg skriv er vegane til krigen, og grunngjevingane for han, ikkje det same. Men det låg i korta at ein måtte gjere noko meir enn berre å styrke sanksjonane og utvide flyforbodssonene. Etter 1998 var striden om våpeninspeksjonane berre eit politiske spel. Og når alt anna hadde spela fallitt, låg ideologien frå den nykonservative lobbyen klar. Denne gruppa hadde ein avgjerande innverknad på den amerikanske kongressen, som hausten 1998 vedtok «den irakiske frigjøringsakten». Den gjorde regimeendring i Irak til amerikansk lov: «USAs politikk skal være å fjerne det regimet som er styrt av Saddam Hussein fra makten i Irak». Firedagarskrigen til USA og Storbritannia i 1998 kom på eit tidspunkt då våpeninspektørane hadde komme langt. Både svenske Rolf Ekeus og den amerikanske etterfølgjaren Richard Butler skreiv det i rapportane sine. For USA var spørsmålet difor: Dersom tilhøvet til Hussein ein gong blir normalisert, kva då? Svaret vart førebyggjande krig. Det avgjerande er ikkje kva dei har, men kva USA trur dei kan få, seier Thune.

Frå 1992 til 2002

– Held ein saman lekkasjane frå 1992 og den nasjonale tryggingsstrategien som Bush la fram hausten 2002, er dei veldig like i innhald. USAs utanrikspolitiske hovudmålsetjing skal vere å hindre framveksten av andre rivaliserande supermakter. Amerikanske interesser er best sikra med å fremje amerikanske samfunnsverdiar. USA må om nødvendig førebu seg på einsidig krigføring for å førebyggje framtidige truslar.

– Med denne doktrinen utfordra USA Europa. Men du skriv også at Wolfowitz og meiningsfellane hans «gjør mange av oss andre til forsvarere av det etablerte. Vi blir legalister og FN-forkjempere. Vi forsvarer staten og statsmaktens suverenitet.» At folkeretten vik for menneskerettane var vel inga ny problemstilling?

– Nei, og gapet mellom USA og Europa er ikkje så stort som mange vil ha det til. Kosovo-felttoget var eit resultat ei felles oppfatning om kva som er ein stats legitimitet. Det interessante er at også Kofi Annan etter Bushs tale i FN nyleg sa at ein må tenkje nytt i dette spørsmålet. Det krev inga nyskriving av FN-traktaten, men det er eit skifte. Og det burde spore til nytenking i norsk utanrikspolitikk. Men det einaste UD seier, er at ein er positiv til «reform-initiativ».

– Problemet er vel at nyorienteringa er ei endring på USAs vilkår?

– Ja, dersom ho kjem, vil det vere å etterkomme USA. Men det er kanskje naudsynt likevel for å tvinge USA attende til FN. Det finst ingen annan farande veg enn at væpna intervensjonar framleis må ha Tryggingsrådet i ryggen, men i dag er det usikkert om rådet har den legitimiteten som trengst. Det er bygd på stormaktsinteressene etter siste verdskrig. Latin-amerikanske eller afrikanske land er ikkje fast representerte, heller ingen muslimsk stat.

– Er det realistisk å tru på ei demokratisering i Irak som ikkje er på USAs vilkår?

– Eg vil ikkje ta for gitt at eit framtidig regime må vere USA-venleg. Til og med den mest kjende irakiske opposisjonspolitikaren USA brukar, har måtta distansere seg. Førebels er Saddams 13 år lange krig med USA enno ikkje over. Spørsmålet er kva som har hendt med Saddam. Alt tyder på at han gjorde ei taktisk tilbaketrekking då han såg at USA nærma seg Bagdad. Faren no er at restane av regimet hans koplar motstanden mot okkupasjonen til det internasjonale terrornettverket, seier Thune.

Framandelementet

– Kvifor kallar du krigen mot Irak eit «framandelement»?

– Han er eit framandelement i det som skulle vere krigen mot terrorismen. Nokre få månader etter at 11. september har vist at terrorismen ikkje har noko fedreland, er den amerikanske strategien attende i krigen mot spesielt utvalde «røvarstatar». Terrortrusselen vart tolka på ein slik måte at middelet for å bli kvitt han framleis er væpna invasjon med konvensjonelle våpen. Og når det vart svaret, var ideologien bak alt uttenkt. Det er ein politikk som er mykje meir ideologisk enn han er realpolitisk. Men held utviklinga i Irak fram som no, vil det tvinge USA attende til realpolitikken, seier Thune.

Boka hans er ikkje berre ei drøfting av røtene til Irak-krigen. Det er også ein kritikk av ein opinion som berre rører på seg når det blir krig, men som har brydd seg mindre om eit Irak som ikkje berre har blitt øydelagt av dei økonomiske sanksjonane, men som har vore bomba meir eller mindre kontinuerleg sidan opprettinga av flyforbodssonene. «Det er den velmenende ‘do-good-ismen’ på norsk – 68-generasjonens rettskaffenhetsfeber som forutsetter USA og fjernsynsbilder for å vekkes...»

– Ein annan stad er det snakk om «68-generasjonens rituelle USA-skeptismisme.» Kva gale har «68-generasjonen» gjort her sidan han blir nemnd særskilt to gonger?

Thune smiler.

– Det har vel med at eg sjølv er eit barn av den generasjonen. Det eg meiner er at debatten om Irak alt for einsidig har vore ein debatt for eller mot USA. Dessutan er boka ein kritikk av at media som berre fokuserer på dei dramatiske hendingane, er bestemmande for politikken, i dette tilfelle i ein langvarig konflikt.

– Du gir Irak hovudansvaret for dei lidingane FN-sanksjonane har påført folket. Korleis stemmer det med Albrights ord om at ein halv million døde barn var «verdt prisen»? Med det regimet som var, visste vel dei som sette sanksjonane i verk at det var folket som mest ville bli råka?

– Eg seier at Saddam har hovudansvaret, men at USA, Frankrike og Russland var sterkt medverkande. Dei tok omsyn til sine eigeninteresser uten tydelege bekymringar for den irakiske sivilbefolkninga. Paradoksalt nok gav sanksjonane Saddam det instrumentet han trong for å halde seg oppe. Etter 1998 var det endå meir tydeleg. Hadde han berre lagt seg flat, hadde han også undergrave sitt eige regime. Ein månad etter at USA i 1991 hadde stemt for resolusjon 687 i FN, då golfkrigen var slutt, kunngjorde ein av dei nasjonale rådgjevarane til Bush senior, Robert Gates, det som om det var ein resolusjon for å styrte Saddam. «Verdenssamfunnet vil aldri kunne godta lederskapet hans. Så lenge han fortsatt sitter ved makten, vil Irak derfor betale prisen. Alle mulige sanksjoner vil opprettholdes helt til han ikke lenger er der». Clinton-regjeringa var prega av det same synet, og «Operasjon ørkenrev» i 1998 var i røynda det siste farvel til FN-sporet, seier Thune. Han kallar det siste fase i ei utvikling der invasjonen vart politikken.

– Kva tykkjer du om den rolla Noreg har spela i denne saka?

– Noreg førde ein politikk for å balansere mellom stormaktene og for å unngå kritikk, men hadde ingen uttalt politikk utover det å ri av stormen mellom stormaktene. Vi hadde ein ambassade i Irak. Vi leidde sanksjonskomiteen i FN i den avgjerande perioden, og hadde stor Irak-kompetanse. Vi kunne ha spela ei meir uavhenging og betydningsfull rolle, men i staden vart den norske haldninga berre automatisk å støtte opp under det Tryggingsrådet hadde komme fram til. Noreg burde ha spele ei meir alliansefri rolle i Irak, slik Mexico gjorde det, seier Thune.

Han meiner elles at det trengst eit historisk søkjelys på kva rolle Noreg spela på åttitalet, då dei maktene som seinare skulle gå i spissen for å rive Saddam ned, var med på å byggje han opp.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |