Dag og Tid nr. 40, laurdag 4. oktober 2003
Roald Helgheim:
Å fullføre oppdraget
Oppdraget er ikkje fullført. Mission Not Accomplished er oppslaget i magasinet Time denne veka, med det herostratiske bildet av president Bush II, i full flygarmundur på hangarskipet Abraham Lincoln utanfor San Diego, der han 1. mai sa at «major combat operations in Iraq have ended.» Men sidan den avgjerande militærE sigeren «har Irak ikkje vore i anna enn trøbbel».
I mellomtida har general Wesley K. Clark, sigerherren frå Kosovokrigen, kasta seg tungt inn på banen. Boka som kjem ut i desse dagar, har den monumentale tittelen Winning Modern Wars: Iraq. Terrorism, and the American Empire, og det første utdraget står i New York Review of Books med den stutte overskrifta Iraq: What Went Wrong. Clarke vil bli USA-demokratane sin neste president, og han er i full gang med å posisjonere seg. «Kor god ein general var han?», spurde Time då dei for ei veke sidan følgde han i den politiske felten. Eitt er sikkert: Å markere seg som kritikar av eit pågåande amerikansk felttog, er ei risikabel plattform for ein som vil inn i Det kvite huset. Det var redsla for ikkje å bli sitjande i presidentstolen som gjorde at ingen amerikansk president frå Truman på førtitalet til Nixon på syttitalet våga å dra seg ut av Vietnam og Indokina
før det var for seint. Eller som avhopparen Daniel Ellsberg har sagt: Alle presidentane hadde den same grunnen til å halde fram: at kommunistane ikkje måtte vinne under deira presidentskap.
Bøkene om Irakkrigen er alt mange, og fleire skal det bli. Men Irak-litteraturen vil neppe komme på høgd med det stadig veksande berget av amerikansk Vietnam-litteratur. Daniel Ellsberg, avhopparen som leverte avsløringane til The Pentagon Papers, er ein av dei mest aktuelle med Secrets: A Memoir of Vietnam and the Pentagon Papers. Ellsberg var analytikar i institusjonen Rand Corporation då han vart rådgivar for forsvarsminister Robert McNamara. McNamara sette i gang eit utgreiingsarbeid, ein 70 siders hemmeleg rapport om USA si rolle i Indokina frå 1945. Rapporten viste at Washington konsekvent førde både opinionen og media bak lyset for å rettferdiggjere felttoget. Ellsberg var sjølv i Vietnam i to år. I 1971 fekk han nok, og avsløringane i The Pentagon Papers skulle i røynda bli starten på nederlaget i Vietnam, og enden på presidenttida til Nixon.
Likevel ser den mest monumentale Vietnam-krønika dette året ut til å vere David W.P. Elliotts over 1500 sider tjukke tobindsverk The Vietnamese War: Revolution and Social Change in the Mekong Delta. 1930-1975. New York Review Of Books kallar det den beste og meste opplysande boka om Vietnamkrigen sidan Pentagon-papira. Tonnevis av bøker og artiklar har prøvd å forklare korleis eit lite land i Indokina kunne vinne over verdas største militærmakt. Elliott har fokusert på ein provins nær Saigon i Mekong-deltaet, der forfattaren tek oss med på innsida av ein revolusjon som byrja på trettitalet.
Primærkjeldene for studien av den revolusjonære rørsla som først kjempa mot Frankrike, så mot USA, er mellom anna fire hundre intervju med fangar og folk som hadde rømt frå den kommunistiske sida mellom 1965 og 1971, utførde av Rand Corporation, skrivne ut på nær 12.000 sider. I sentrum står provinsen My Tho, og kjernen heile vegen er at om frigjeringsrørsla brukte terror og andre metodar mot sine eigne i krigen, var det alltid ein fiende som var større. I tillegg kjem mangelen på kunnskap i USA om kva som rørde seg på den vietnamesiske landejorda. Ellsberg hevdar at det har aldri vore nokon tenestemann på amerikansk statssekretærnivå som hadde bestått ein enkel eksamen i moderne vietnamesisk historie. Slik vankunne om Vietnam (eller om Irak i dag) kunne få ein til å tru på hengemyr-tesen til David Halberstam, forfattaren av boka The Making of a Quagmire. Men
Washington feila ikkje på grunn av mangel på kunnskap, som Pentagon-papira viste at det var nok av. Det var politikken andsynes veljarane på heimebane som gjorde at alle presidentar frå Truman til Nixon bestemde seg for ikkje å trekkje seg ut. Elliott, som er professor i innanrikspolitikk, tenestegjorde som soldat i Vietnam frå 1963 til 1965, og arbeidde seinare for Rand Corporation. Han skriv at når han tenkjer attende på desse åra, er noko av det som gjorde inntrykk på han det politiske nivået og den analytiske evna til dei «enkle bøndene». Det er ikkje noko rosenraudt bilde. Mange som slutta seg til kommunistpartiet Ho Chi Minh var med på å skipe i 1931, vart også offer for kommunistisk terror. Men frigjeringsfronten vart beundra av fleirtalet. Folk flest, skriv Elliott, tykte at franskmennene, Saigon-regjeringa og amerikanarane var verre.
Ellsberg skriv også om Tonking-episoden i 1964, då eit påstått nordvietnamesisk åtak på ein amerikansk patruljebåt førde til den avgjerande opptrappinga av krigen frå Lyndon B. Johnson. Då påstanden viste seg å vere feil, sa Johnsons rådgjevar Walter Rostow at sjølv om dei ikkje visste kva som hende i det heile tatt, «har vi eit gyllent høve til å bruke det». Ein annan gong ringde McNamaras viseforsvarsminister John McNaughton til Ellsberg og sa at «Bob» snart skulle møte pressa. «Vi har ti minutt på oss til å skrive seks alternative løgner til han». Dei to fiksa jobben på ti minutt, for mannen som på sine gamle dagar har presentert seg sjølv som ein av angrarane etter Vietnam-krigen. David Elliott konkluderer: «Same kva syn ein har på resultatet, vart det når det kom til stykket avgjort av vietnamesarane sjølve,
å få slutt på hundre år med utanlandsk intervensjon.»
Det var dei som fullførde oppdraget.
|