Dag og Tid nr. 40, laurdag 4. oktober 2003


Leiar:
Gjeldsslave i krise

I fleire dagar har me følgt dramaet om Kjell Inge Røkke. Kom han til å takla gjeldskrisa? Ville han greia å betala det misleghaldne Orkla-lånet på 600 millionar kroner? Kom hyttepalass, fly, båt og privat luksus til å gå fløyten? Mange av oss likte tanken, men ingen ville ofra dei mange arbeidsplassane i Røkke-bedriftene.

Samstundes med at vanskane toppa seg for Røkke her heime, har me registrert kva som skjer på andre sida av Nordsjøen. Ti mil nordafor London – i Milton Keynes – tok det engelske botnlaget Wimbledon sist helg i bruk den nye fotballbana si. Kjell Inge Røkke og Bjørn Rune Gjelsten kjøpte klubben på 90-talet, men det skar seg fort. Både Drillo og norske spelarar vart sende heim, og laget kom i konflikt med eige publikum. Det enda med at eigarane valde å flytta heile 1. divisjonslaget til Milton Keynes.

Aftenposten fortel kor mykje dei rabiate norske investorane har brukt på dette idiotiet. For fem år sidan kjøpte Røkke og Gjelsten Wimbledon FC for 300 millionar kroner. Pengane vart lånte frå Aker RGI. Etter kvart trekte Røkke seg ut, men Gjelsten brukte langt over 100 millionar på å halda liv i den dødsdømde klubben. Til saman har dei tapt 500 millionar på Wimbledon. Dei rota bort nesten like mykje som Røkke skuldar Orkla.

No har gjeldsslaven fått eit kort pusterom frå gjeldsforhandlingane. Røkke har kortsiktig gjeld i milliardklassen, og Orkla-lånet vert omtalt som berre toppen av isfjellet.
I London har dei gamle Wimbledon-tilhengjarane  starta på nytt. Entusiastane boikottar alt som har med den norskeigde klubben å gjera. Dei prøver i staden å skapa nytt liv for ein ny klubb i den lågaste divisjonen.
No spørst det kva tid Røkke går same vegen.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |