Dag og Tid nr. 40, laurdag 4. oktober 2003


Klok på bok 633:
Keramiske viser
«‘Dikt for småsjefer’ trur vi samlinga som kom for eit lite bel sidan, heiter, og at diktaren er Bjørn Rønningen. Dersom det ikkje finst fleire Bjørn Rønningenar i norsk skjønnlitteratur, så er han mannen bak ei laaang rekkje dikt og historier for barn, deriblant, og ikkje minst!: herlege Fru Pigalopp! Vi vert nostalgiske og fjerne, men det gjer ikkje noko, for det er snart helg!», skriv skeisebibliotekarane i LASK og viser til denne heimesida: http://home.online.no/~groennsl/frupigalopp/

Ho Maj Voss i Oslo lét seg lure: «Ja, denne gang måtte jeg på biblioteket. Trodde lenge det var André Bjerke som er mesteren når det gjelder barnevers ved siden av Inger Hagerup, men nei! Så var det Bjørn Rønningen og diktet har adresse til mange!»

Ho Hilde Matre Larsen i Oslo skriv slik: «Ukens svar er Bjørn Rønningen, tittel på diktet er rett og slett ‘Ønsker meg et viskelær’, og er å finne i Kagge forlags samling ‘Dikt for småsjefer’ (2001), nærmere bestemt s. 28. Får man ikke tak i eit slikt viskelær, kan jeg anbefale å synge høyt i dusjen eller å rope nei hver gang dumme tanker kommer. I tillegg har jeg hørt at det finnes et nytt og effektivt rengjøringsprodukt som kan hjelpe. Swiffer tror jeg det heter

«‘Sjefen over alle sjefer’, Asgeir Borgemoen, gav ut ei samling ‘Dikt for småsjefer’ i 2001. Her har han teke med ‘Ønsker meg et viskelær’ av Bjørn Rønningen. Eg trur diktet vart prenta første gongen i ‘Allikke skalikke, tøysevers’ (1990). Bjørn Rønningen har ellers vore ein flittig visesongar, medarbeidar i fjernsyn og tv, skribent og rimsmed og barnebokforfattar i over tredve år. Høgdepunkta i karrieren er vel ‘Fru Pigalopp’ og ‘Jul i Skomakergata’
», skriv han Gunnar Bæra på Løten.

Han Ivar Stokkeland takkar for premien og svarar rett endå ein gong med eit lite P.S. «Dette viskelæret blir litt for lettvint. Viskinga som måtte trengast, kan vi jo han tykje ta oss av sjøl. Sjå det dumme i augo, og legg det så bort i det du veit at det kan gjerast litt betre neste gong. ds

Eg går litt i ball med pronomena her med tanke på han tykje, men det er kanskje slik ein uttrykkjer seg deg der du held til?

Han Stein Erik Finne i Bergen, ho Birgitte Berge i Rådal, han Karle Gjernes på Smøla og ho Torill Strøm på Myre svarte kort og korrekt. Sistnemnde er ein trufast deltakar som ikkje har vunne på eit bel. Gratulerer Torill!

Han Gunder Runde i Ulsteinvik har fleire ord på lager: «Der ligg mykje visdom i barnevers, og slett ikkje minst i Bjørn Rønningen sine. Sjølv om det no er nokre år sidan eg las barnelitteratur på sengkanten, kjenner eg til denne karen. Jul i Skomakergata har vel vore sendt om lag ti gonger på fjernsynet, like populært for dei små kvar gong. Og eg minnest også Fru Pigalopp frå lang tid tilbake. Dette diktet er altså skrive av denne populære og produktive forfattaren, og heiter det same som førstelinja, ‘Ønsker meg et viskelær’. Eg lurte ei stund på kvifor overskrifta var ‘Dikt frå sjefen’ – eg tenkte først på han raudhåra som eg ikkje hugsar namnet på (Asgeir?), men så fann eg ut at viskelæret stod i samlinga ‘Dikt for småsjefer’ – utgitt på utstoppelege Kagges forlag», skriv han Gunder. Og som du sikkert har skjønt når du les dette, så hadde du rett i dei første mistankane dine: Han sjefssjefen Asgeir har redigert barnediktsamlinga.

Ho Ingrid Lomholt i Gaupne fann løysinga på biblioteket: Ho skriv at «danskane vart so glade for Rønningen si bok: ‘Fru Pigalopp’ at dei fekk han til å lage julekalender for TV i 70-åra. Eg skal ynskje meg eit viskelêr i julegåve!»

Han Olav Molven i Bergen faksar framleis fikse forfattarfunn: «Bjørn Rønningen er ein mangslungen herremann. Eg møtte han for meir enn 40 år sidan. Han merka seg alt då ut med ‘penneaktivitetar’. Vi hadde fleire morosame meiningsutvekslingar, og noko har eg gøymt som varig minne. Det undrar meg ikkje at Bjørn Rønningen vart ein skrivande kar med humor som eitt av kjenneteikna. Eg reknar med at mange av Kpb-spaltistane roser han med fagre ord og vendingar. P.s. Berre ei lita regnbyge akkurat no. Eg reknar med godvêr når eg kjem til Osterøya

Klok på bok 633

du kan henge meg til tørk på en snor
nedi bakgården bak i byen der du bor
fest en klype på hver hånd
og bare la meg henge sånn
til jeg er tørr

jeg er ikke redd for fugler eller regn
men for småunger som står og pælmer stein
og gamle damer som ler og ler
til de ler seg i hjel
og det er gørr

etter mye kulde blir det plutselig hett
er du sulten lenge nok blir du mett
jeg har sett det skje en gang
at mørket i min munn sang
lysere enn alt

for det er mer mellom himmel og jord
for eksempel denne tynne tørkesnor
og mellom undertøy og laken
henger jeg og jeg er naken
det er kaldt

Dette er illustrert nedfallsfrukt frå denne bokhausten. Stikkord: Barnum. Kven er opphavsmannen? Fleire fagre ord og vendingar blir mottekne med takk hjå Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no og faks 22 41 42 10 før fredag 10.10.
Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |