Dag og Tid nr. 40, laurdag 4. oktober 2003
Bøker:
Utydeleg romanprosjekt frå Memo Darez
Eg gledde meg veldig til å lese Memo Darez roman Mitt liv uten meg, men lesinga gjorde meg forvirra og forarga på forlaget.
ROMAN
Memo Darez:
Mitt liv uten meg
Aschehoug
Ein romandebut er alltid eit interessant nyhende. Særleg spennande er det når debutanten er innvandrar som gjev ut boka si på norsk.
Memo Darez roman er forteljinga om kurdaren med det mangslungne og ikkje særleg kurdiske namnet Alan Xosé Morin, eller AXM, som han gjerne blir omtalt som i romanen. Handlinga går føre seg i Noreg. AXM forsvinn, men etterlèt seg eit langt manus på kurdisk som fortel om livet hans i Noreg og i opphavslandet.
Langtekkeleg
Memo Darez har utstyrt romanen sin med to forteljarar. Den eine er omsetjaren, ho som får i oppgåve å omsetje AXMs manus til norsk. Ho er eg-forteljaren i innleiinga på romanen, der ho fortel korleis det gjekk til at ho fekk oppdraget med å omsetje manuset. Ho er også eg-forteljaren på dei tretti siste sidene i romanen, der nokre hol i AXMs manus blir fylte ut med forklaringar.
Men elles er romanen sett saman av Alan Xosé Morins forteljing om sitt omflakkande liv, hovudsakleg i ein norsk by som kan vere Oslo, der han brukar dagane til å vandre gatelangs og observere folk og hendingar. Kva han lever av, får lesaren ikkje vite, men det er openbert at han ikkje har noko arbeid. Han oppsøkjer avisa Sagbladet for å få sjefredaktøren til å trykkje ein artikkelserie om tilhøvet for kurdarane i Tyrkia. Og han treffer Camilla, som han har eit kjærleiksforhold til. Men Camilla reiser til Malaysia og etterlèt han i lengsel og venting, og med artikkelserien om kurdarane går det ikkje heilt slik han hadde tenkt seg; han blir offer for eit komplott.
Handlinga er syltynn og svært langdryg, hovudsakleg av di romanprosjektet ikkje er klart nok skissert. Konspirasjonskomplottet verkar lite overtydande, romanpersonane er sjablonaktige, lesaren blir stadig utsett for skolelæraraktige leksikonforedrag, teksten er generelt patetisk og det vrimlar av lause trådar.
Rare setningar
Memo Darez roman er likevel ei heilt spesiell leseoppleving på grunn av språket. Darez, som er utdanna sivilingeniør og som har hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo, er av kurdisk opphav, men har budd mange år i Noreg. Då boka blei lansert, uttalte han at han med denne romanen håpa å kunne gjere det norske språket rikare.
Han har gjort sitt beste. Darez romanspråk er særleg frodig og fargerikt, om enn også høgttravande og sterkt forblomma. Knapt eit substantiv får lov til å stå i fred utan adjektivisk styring. I kombinasjon med «heilnorske» ord og vendingar gjev dette eit overraskande og pussig inntrykk. Men ein les boka med ei murrande «finn fem feil»-kjensle. For kva er gale med denne setninga: «Hun var ikledd et yndig og kort skjørt som dekket kun knærne.» Eller denne: «Jeg bega meg til den rislende fossen med lange, vennlige strømvirvler.» Eller denne: «Jeg har all respekt for henne og bukker under for det hun gjør.» Eller denne skildringa av ei kjærleg omfamning: «Vi var på stående fot og hun holdt meg under beltestedet.»
Romanen er full av slike rare setningar, som får lesaren til å stogge opp og undre seg. Og le! Men med dårleg samvit! For det er høgst uklart om desse setningane er konstruerte med medvit og humor, eller om dei er eit resultat av språkforvirringa til forfattaren og slurv frå forlaget. Teksten gjev eit merkverdig inntrykk av å vere skriveøvingar, ein slags «kua har fire hjørner»-tekst på eit høgare nivå. Kva Aschehoug har tenkt seg med denne utgjevinga, er ei gåte. Meiner forlaget at og/å-feil, direkte feilstavingar og gjennomgåande inkonsekvente formval, samt stadige repetisjonar av svært spesielle uttrykk, er ein rikdom for språket?
Det er ein viss, men dessverre altfor lite markant forskjell i måten omsetjar-eget og AXM-eget uttrykkjer seg på i romanteksten. Dette forsterkar inntrykket av at det her er snakk om umedvitne språkfeil og ufriviljug komikk frå forfattaren si side, og dermed grov forsøming frå forlaget si side. Det same gjer dei mange lause trådane i teksten, samt inkonsekvente og iblant fullstendig irrelevante opplysningar.
Blant etablerte intellektuelle innvandrarar ser ein ein veksande tendens til å vilje tilføre språket i vertslandet noko nytt, leike med identiteten og føye til noko av det som er innvandraren sitt eige. I Sverige debuterer denne hausten Jonas Khemiri, av arabisk opphav, med ein roman der han lèt hovudpersonen stykkje opp det svenske språket, tyggje det i seg og spytte det ut igjen i vill uorden. Det er eit svært interessant prosjekt, og kanskje er det ein liknande tanke bak Memo Darez roman. Dessverre gjer han med romanen Mitt liv uten deg den typiske debutantfeilen; han vil ha med altfor mange ting på ein gong, i staden for å reindyrke ein klar idé. Dermed blir romanen sprikjande og overflatisk, språket overlessa og ideen med boka utydeleg.
Nøste Kendzior
|