Dag og Tid nr. 40, laurdag 4. oktober 2003
Bøker:
Kvitekrist får fot feste
Ein delvis ny roman i delvis gammal form seier noe om ei gammal tid. Men kva seier han om vår tid?
ROMAN
Roy Jacobsen
Frost
Cappelen forlag 2003
Eg har det både-og med forfattarskapen til Roy Jacobsen. Han er alltid ein dyktig forteljar og som regel ein framifrå stilist. Ein sjeldan gong er han bare stilist og fullstendig tom for anna enn sjangerflink eleganse. Da er han ein grunn påfunnforfattar som ikkje ein gong skriv på gode idear, men på artige påfunn. Slik er til dømes den første novella hans i Fugler og soldater (2001), frykteleg elegant og fullstendig utan åndsliv. Og når eg nå har lese den nye sagaromanen hans, Frost, veit eg ikkje kva romanen vil. Det er ein handlingsmetta og på mange måtar eventyrleg roman. Eg forstår at Jacobsens fascinasjon for sagalitteraturen endeleg har fått han til å skrive si eiga soge frå den tida, men det er ein moderne roman han har skrive, med enkelte sagastilstrekk. Seier han noe vektig om vår tid, eller den gamle tida for den del?
Gest
Frost startar med fødselen til Torgest Torhallason på Island 993 år etter Kristi fødsel. Han blir kalla Gest, den framande. Han er hurtig og ram i replikken. Gest er rask til beins og smett unna motstandarane sine. Han utfører dei mest elegante kunststykka bare ved å etterlikne andre. Han skjer ut naturtru figurar i tre. Han er kunstnar, og han har klisterhjerne. Høyrer han ei historie, hugsar han henne. Gest hugsar alt. Gest har alle dei eigenskapane som skal til for å bli ein fabelaktig romanhelt. Far hans blir drepen av storhøvdingen Styrr, og Gest hemner far sin og må rømme frå Island. Etter dette handlar livet hans om å flykte frå dei som skal hemne seg på han igjen. Lagnaden fører vår hovudperson frå Island til Norge og England gjennom heile livet og romanen. Som ein Gest (ein framand) kjem han til å leve heile livet på flukt. Han kan i grunnen minne om ein modernist i
eksil, som lever utanfor og borte frå sitt eige folk. Men sanneleg ser det ut til at vår modernist i eksil mot slutten av romanen finn seg heime i sjølvaste skrifta. Han lèt seg kristne og lærer seg lese- og skrivekunsten. Og der fell Gest på mange måtar til ro, i skrifta. Men før den tid er mye blod rent ut av mannekroppar i hemnaksjonar og krig.
Gest lever i ein vond og tilsynelatande ubryteleg sirkel av drap og hemn. Men Gest utviklar seg, eller Jacobsen let han utvikle seg. Gest blir på ingen måte from, eller noe i nærleiken av from, men han tenkjer over dei slektsstolte drapa han gjennomfører, og han skaffar seg ein distanse til sitt opphav og vender seg til det nye. Det gamle er Odin og slektshemn. Det nye er Kvitekrist. Tittelen «Frost» viser òg til den kjensla Gest etter kvart blir klar over i sitt indre, at hans liv er styrt av ein indre frost som han freistar å kvitte seg med ved å vende seg til Kvitekrist og døype seg. For han er styrd av det han kallar den indre lova i sitt hjarte. Men denne lova er neppe meir indre enn at ho kjem utanfrå, frå tida sjølv. Gest tenkjer på drapa sine og finn ut at «hevnen på Viga-Styrr var utført av plikt og hat, mens hevnen på Trond baula og Odd Ravnsson skrev seg fra den medlidenhet, godhet
eller til og med kjærlighet han hadde lært å føle for noen vilt fremmede.»
På tusen år
Med Frost gjenskapar Roy Jacobsen ein gammal sjanger og ei tid som for lengst er forbi. Både sjangeren og den gamle tida er om lag 1000 år gammal. Men i litteraturen er 1000 år som éin dag, og éin dag er som 1000 år. Dette er ein delvis ny roman i delvis gammal form som seier noe om ei gammal tid og noe om vår eiga tid. Jacobsen er gjennom sin 495 siders roman bare passeleg tru mot sagasjangeren. Sagalitteraturen er kjend for sin ytre eller såkalla objektive stil, med indirekte personskildring i opptrinn og replikkar. Jacobsen på si side går ikkje av vegen for å skildre dei indre tankane og kjenslene til sin helt. Soga Jacobsen har skrive, er omtrent 395 sider lengre enn dei fleste norrøne soger, og den tekstmengda får vi sjølvsagt tole i våre dagar. Vi skriv trass i alt på PC eller Mac, og kjenner oss ikkje plaga av dei same ordøkonomiske prinsippa som dei gamle heldt seg til. Men det var
ikkje PC dei mangla den gongen, dei mangla sansen for det uvesentlege. Digresjonen var neppe oppfunnen ennå. Bare det som vedgjekk konflikten eller hovudhandlinga skulle med. Nå er det kanskje slik med denne romanen også, at han bare tar med det som vedgår konflikten til hovudpersonen. Det er bare det at dette livet er så rikt på konfliktar og eventyr, og sidan Jacobsen er ein moderne forfattar, nøyer han seg ikkje med noen typiske episodar frå livet til hovudpersonen sin. Alt skal med, frå fødselen til slutten på livet. Frost er ein biografi også. Det er ein danningsroman om ein heidning som vender seg frå Odin til Kvitekrist.
Atle Christiansen
|