Dag og Tid nr. 39, laurdag 27. september 2003
Kultur:
Smeltar saman sprø humor og djupt alvor
Det er artig å leika med mytane om dei største ikona våre, seier Hans Sande.
Og leika det gjer han til gangs i novella «Mitt liv som Gro».
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no
Det er ein psykiatrisk hjelpepleiar på Valen sjukehus som skal ha ført Gro-biografien i pennen, og den nye Sande-boka er like burlesk som mange av dei førre. Ein mann og to hundehovud prydar omslaget på Hundar i mørkret. Mannen og hundane ser verda med hundeblikk gjennom dei same augo.
Det handlar om å snusa kringom i verda for å sjå kva som finst av opplevingar; om å leita etter andre hundar slik som i tittelnovella «Hundar i mørkret». Der kjem dei to hovudpersonane frå kvar sin kant, med kvar sin lengt, det er mørkt, men dei finn kvarandre.
I ei anna novelle handlar det om ein mann i femtiåra, ein einsam plommedyrkar som lever saman med hunden sin i Kvinnherad. Han drøymer om særleg ei som han kunne ha vore i lag med; ei som han kanskje har ein son i lag med frå militærtenesta i Nord-Noreg. Tråden frå denne novella går vidare til ei novelle som handlar om broren og faren til mannen.
Det er denne broren som er psykiatrisk hjelpepleiar på Valen sjukehus. Han meiner sjølv han er full av kloke tankar, men får ingenting sagt, og føler på seg at ingen vil høyra på ein halvgammal hjelpepleiar. Han kjem i krise og får det føre seg at han er Gro Harlem Brundtland. Den lengste novella «Mitt liv som Gro» handlar om dette samanbrotet. Her kan folk lesa korleis Gro eigentleg har det inni seg.
Kvifor skriva om Gro?
Kanskje har det samanheng med at ho har vore ein viktig person for alle nordmenn i ein lang periode. Som så mange andre har eg eit ambivalent forhold til henne. Det er flott at eit sterkt kvinnfolk står fram og går til topps i politikken, men på den andre sida er ho eit skikkeleg maktmenneske. Det var ein som sa ho var ein av dei få statsministrane i vår tid som hadde undersåttar, og det trur eg er rett. Eller som Odvar Norli sa det: Den dama er ikkje fødd; ho er konstruert.
Før Hans Sande skreiv novella om Gro og
livet hennar, las han fleire av biografiane som er skrivne om henne. I novella serverer han tankar og kjensler som ikkje kjem fram med i desse bøkene.
Kanskje dette er tankar Gro har brent inne med. Eg vonar ho vil ha glede av boka, smiler Sande.
Han er innom alle dei tema som han oppfattar som viktige i livet til Gro; som Alta-saka, abortkampen, EU-striden og andre Ap-politikara frå Gerhardsen til Treholt. Smaksprøvene og den ustoppelege ordmengda til den tidlegare statsministeren er imponerande og suggererande.
Hans Sande skriv også om tilhøvet mellom Gro Harlem Brundtland og Reiulf Steen. I novella skildrar han korleis Reiulf, «naken og avkledd», kjem inn på kontoret til Gro i regjeringsbygget.
«Vel å merke i symbolsk forstand», har Sande lagt til for ikkje å fornærma nokon.
Du er ikkje redd for politikar-reaksjonar?
Det er ein hjelpepleiar på Valen sjukehus som har skrive dette i ei tussebyge. Er det nokon som reagerer, må dei venda seg til rette vedkomande. Eg har ikkje ynskje om å trakka på nokon, seier Sande som har plassert den skrivande hjelpepleiaren i nynorskland. Han brukar nynorsk, men idet han glir over i Gro-identiteten, kjem bokmålsfrasene til Gro fram. Og resten av novella er på bokmål.
Umedviten prosess
Mellom novellene har Hans Sande lagt inn korttekstar.
Når eg har lese ei novelle, kan det vera tungt å ta fatt på den neste. Dei korte tekstane kan vera som eit pusterom. Dels er dei tekstar i ein samanheng, dels fører tankane inn i ein annan retning. Det har vore eit artig arbeid å finna fram til mellomtekstar, og til tekstar som eg ikkje hadde tenkt på. Eg trur at i all skaping først og fremst er ein umedviten prosess. Det er noko som ikkje kan tenkjast ut eller planleggjast, men som er der som ei kribling eller uro, med eit bod om at det er noko som vil verta sagt. Eg kan ikkje tenkja meg fram til det, men brått dukkar det opp. Orda kjem ut av fingrane. Og då er det noko heilt anna enn det eg kunne ha tenkt meg. Det handlar vel om gje seg over til det som putrar i det umedvitne, og som kan koma opp til overflata, seier Sande.
Han er oppteken av skaping, og på spøk seier han at likskapen mellom gudane og forfattarane er at dei kan skapa alt og kva som helst av ingenting.
Og kva er då skilnaden på Gud og forfattaren? Jau, at forfattaren må skriva bøkene sine sjølv, flirer han.
Levande og daude
Innimellom novellene serverer han seksten punkt for korleis ein skal stella både eit lik og ein levande mann.
Det er mykje å passa på for at det skal gå bra, seier han lakonisk. Det er barokk Sande-humor når ein les punkta med same nummer opp mot einannan. Lat gebisset vere til pårørande har sett den daude og loket skal skruast på, er råd seksten til dei som balar med lik. Lat gebisset vere inne til mannen har slokna er rådet til dei som må stri med ein levande mann.
Hans Sande fortel at det var diskusjon i forlaget om teksten med reglane for stell av lik, skulle takast med, men det finst faktisk lesarar som er interesserte i å lesa om korleis lika faktisk vert stelte. Før var det allmenn kunnskap, no vert stellet gjort i det dulde, av fagfolk.
Fleire av personane i novellesamlinga er pla
sserte i Sunnhordland, i Hans Sandes del av landet. For tre år sidan flytta han heim att til doktorgarden i Kvinnherad, til ein stad som har vore i slekta like sidan 1850-talet. Der har han strandebarmar på sjøen, plommer i hagen og verkstad der han både målar og lagar skulpturar.
Men aller helst skriv han. Så langt har det vorte til saman 33 bøker, og for romanen Sprekk som kom for eit par år sidan, fekk han storslegne kritikkar. Han har skrive over 20 barnebøker, og kjem med ny bok denne hausten.
Når det berre kan seiast på den måten, skriv eg barnebøker. På det viset får det barnslege bløma. Humor og alvor høyrer tett saman, både i barne- og vaksenbøkene. Eg er ikkje interessert i å skriva bøker som er rein underhaldning. Noko av kunsten er å få sprø humor til å smelta saman med det djupaste alvor.
Det er ikkje lett?
Jau! Det høyrest kanskje svært ut å seia det, men det boblar naturleg fram. Det er det som gjer det så moro å skriva. Det er den same leitinga etter det ukjende; den same gløden etter å finna ord, setningar og handlingar, seier Sande.
Frosken, som den nye barneboka heiter, er eit døme på det. Ho er ein slags flettetekst der to historier fell saman til ein. Den eine teksten handlar om ein son som tek ansvaret for den blinde faren, medan den andre handlar om ein frosk som nett har vore rumpetroll, og som lurer på kva han skal bruka livet til. I båe bøkene Hans Sande kjem med denne hausten finn ein samansmeltinga av djupt alvor og sprø humor.
|