Dag og Tid nr. 39, laurdag 27. september 2003
Helgheim:
Lista til George Orwell
Nesten på hundreårsdagen for mannen som vart fødd Eric Blair, betre kjend som George Orwell, kunne avisa The Guardian i sommar publisere ei liste Orwell i 1949 laga over det han kalla «kryptokommunistar og medløparar», folk som ikkje var å stole på i kampen mot kommunismen. Forfattaren av alle tiders storebrorroman, 1984, hjelpte sjølv «Storebror» då han gjekk med på å overlate ei liste med 38 namn til det dåverande Information Research Department (IRD), ein halvhemmeleg institusjon under det britiske UD som ikkje finst lenger. Celia Kirwan var den store kjærleiken til den tuberkuloseramma Orwell, som døydde i 1950. Ho arbeidde i IRD, og det var til henne han gav lista.
54 år seinare publiserer forfattaren og historikaren Timothy Garton Ash lista i The Guardian, der han lenge har vore fast kommentator. Han hadde fått ein kopi av dottera til Celia Kirwan, som bad Ash om å skrive om henne. Seinare har den britiske regjeringa bekrefta at dei har den same lista, og at dei vil gjere henne offentleg tilgjengeleg. Meldingar om at det fanst ei slik liste dukka opp i fleire artiklar på nittitalet. 21. juni i år vart lista trykt i The Guardian. 25. juni var det hundre år sidan Eric Blair vart fødd i India, som eit barn av den britiske kolonialismen. Han slutta som politimann i Burma på grunn av motvilje mot kolonistyret. Han førde eit omflakkande tilvere, i 1934 kom den første romanen Burmese Days. Det var røynslene han gjorde under den spanske borgarkrigen som etter kvart gjorde den radikale Orwell til ein glødande antikommunist som Arthur Koestler. I ein ny artikkel i New York Review of
Books skriv Timothy Garton Ash at Orwell var ein kald krigar før orda var oppfunne.
Animal Farm og 1984 var oppgjør med totalitarianismen i alle former. At «Storebror»-forfattaren sjølv skulle bli ein angivar for dei hemmelege tenestene, er sjølvsagt ein grov historisk ironi. At lista har dumpa ned i den britiske offentlegheita midt i etterretningsskandalen om Irak-krigen, har inspirert mange til historiske parallellar. Hutton-høyringane etter sjølvmordet til David Kelly rullar stadig vidare, og dei britiske avisreferata i ikkje minst The Guardian er stadig ein svir å lese. Det har vore ei merkeleg røynsle å leve mellom Orwells 1949, dei tidlege åra av den kalde krigen, og 2003, i det som kan bli dei første åra av kampen mot terrorismen, skriv Ash. Kampen mot terrorismen vil
gje meir makt til dei hemmelege tenestene. Lista til Orwell er ei tå som stikk fram under eit teppe. Men det er eit teppe dei britiske styresmaktene ikkje har plikt til å løfte på. Dei hemmelege tenestene i England er fritekne frå alle lover om tidsbestemt offentleggjering. Om 50 år vil vi framleis ikkje vite kva som gjekk føre seg mellom Tony Blairs høgre hand Alistar Campbell og løyndepolitiet. Denne veka vedgjekk statsministerens kontor offisielt at dei sleppte fri namnet til Kelly for å undergrave BBC. På den tida Orwell gav frå seg lista si, prøvde Information Research Department å presse BBC til å skjerpe ordbruken om Sovjet til «politistaten Sovjet». BBC stod imot.
Det Ash uansett insisterer på som ein historisk lærdom, er at trass i det naudsynte i å ha hemmelege tenester, vil staten alltid dra dei i retning av maksimalt hemmeleghald og manipulering. Desto viktigare er det at vi andre kjempar for større openheit. Det gjorde også Orwell, meiner Ash, med eitt unntak.
Mellom namna på Orwells svarteliste var den radikale skodespelaren Michael Redgrave (far til den like radikale Vanessa), forfattaren J.B. Pristley, Charles Chaplin, Kingsley Martin, Isaac Deutsche (kjend for sine biografiar om Stalin og Trotsky) og historikaren E.J. Carr. Tom Driberg var både journalist, kommunist og parlamentsmedlem, avslørt av Anthony Blunt som Sovjet-agent. Walter Duranty var journalist i New York Times, der han vann Pulitzerprisen som Moskvakorrespondent i 1932. Utdelarane har no prisen oppe til revurdering, etter kritikk som har kome fram om at han oversåg hungerkatastrofen i Ukraina på trettitalet.
Ash har hatt tilgjenge til heile Orwell-arkivet i London, der det finst ei notatbok med 135 namn. Nokre av dei er synleg strokne, mellom dei den kjende historikaren A.J.P. Taylor, ein annan er Upton Sinclair. Timothy Garton Ash føresteller seg Orwell på sjukesenga, grublande over kva namn han skal gje til Celia Kirwan. Kven ville stå på Sovjets side når det kom til stykket? Ulikt MI6, som regjeringa på denne tida nekta for eksistensen av, stod Information Service Department på ei liste over avdelingar i Utanriksdepartementet. Målet var å samle informasjon om Sovjet og trekkje til seg journalistar, politikarar og andre som kunne brukast i arbeidet. Ein av dei var Robert Conquest, som sat i same hus som diplomaten Guy Burgess, ein sovjetagent som var der i tre månader og rapporterte alt til Moskva. Ein periode i 1952 arbeidde også unge Fay Weldon i huset.
Dei historiske ironiane er fleire. Peter Smollett, fødd i Wien som Peter Smolka, står på lista. Han var under krigen leiar for Sovjet-seksjonen i Det britiske informasjonsdepartementet, eitt av fleire departement som var modell for Sanningsministeriet i 1984. Seinare har det vist seg at Smolly faktisk var ein Sovjet-agent, rekruttert av Kim Philby. Mens den uskuldige Michael Redgrave hadde ei leiande rolle i filmatisering av Orwells roman i 1956. Under krigen arbeidde Orwell i BBC, og partikontora til INGSOC i 1984 liknar visstnok på interiøret.
George Orwell var ein kald krigar som døydde før den kalde krigen var skikkeleg i gang. Timothy Garton Ash kallar han den kalde krigens James Dean. Kor gjerne skulle vi ikkje sett han skrive om Berlin-muren og Vietnamkrigen, eller om Murens fall i ein alder av 87 år, skriv Ash. Kva hundreåringen ville ha sagt om den britiske Irak-smørja i dag, er ikkje godt å vite.
|