Dag og Tid nr. 39, laurdag 27. september 2003

Klima:
Svidde åkrar i Europa

Varmen og tørken i sommar har øydelagt kornhausten i mykje av Europa. Dette kan vere berre ein forsmak på det klimaendringane kan føre til.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Det vekte mykje merksemd da skogbrannane rasa over Portugal i sommar, og da eit tusental menneske døydde i Frankrike på grunn av den ekstreme varmen. Mindre omtalte er dei store skadane den varme og tørre sommaren førte til for landbruket i store delar av Europa. Kornhausten i Frankrike blir truleg 20 prosent under det normale, skriv The Guardian. I EU som heilskap ligg kveiteproduksjonen kring ti millionar tonn – ti prosent – under normalen. Hardast råka i EU er det søraustlege Tyskland. Men skadane er langt verre lenger aust.

I Ukraina, som i si tid var sjølve kornkammeret til Sovjetunionen, kan heile 75 prosent av kornhausten vere tapt i tørken.

I Moldova er hausten kring 80 prosent under det vanlege. Det blir sagt at kornhausten der ikkje har vore så dårleg sidan kriseåret 1945. I Romania skal det ikkje ha vore ein så dårleg haust i manns minne.

Store tap

Landbruksdepartementet i USA har redusert anslaga sine for kornhausten i verda med 32 millionar tonn, mest på grunn av tørken i Europa. Andre fagmiljø spår enda større tap.

Den dårlege kornhausten kjem på eit uheldig tidspunkt for verda. Tre av dei fire siste åra har etterspurnaden etter korn, ris og mais vore større enn produksjonen – og det var før tørka i sommar. Lester Brown, leiaren for Worldwatch Institute, har spådd kraftige prishopp på korn dei neste månadene, noko som vil råke fattige land hardast.

– Hetebølgja har kome på eit tidspunkt da kornforsyninga i verda allereie var under press. Den produserte kornmengda per menneske på jorda er no på sitt lågaste på meir enn 30 år, seier Brown. Heile 38 land skal i større eller mindre grad ha ei matkrise – sjølv om ikkje alle desse krisene har med vêr eller klima å gjere. Og nok ein gong må verda ty til reservelagra sine. India skal allereie ha blitt nøydd til å ta i bruk 50 prosent av matreservane sine, på grunn av intens varme og flaum i mange delstatar.

Som venta

Det store spørsmålet er om den elendige kornhausten i år berre er eit forvarsel om dei problema klimaendringane kjem til å forårsake. Varmen og tørken i Sør- og Sentral-Europa i sommar er i alle fall i samsvar med den utviklinga mange klimaforskarar har spådd: Ei utvikling som er venta å bli stadig verre i takt med den globale oppvarminga, skriv New Scientist. Bladet viser mellom anna til forskaren Jørgen Olesen ved det danske instituttet for landbruksforsking.

Han meiner at det på sikt kan bli umogleg å drive landbruk i delar av Sør-Europa.

I Nord-Europa kan derimot vilkåra for landbruk bli betre, meiner mange klimaforskarar. For USA sin del spår klimaforskarane at båe kystane skal bli våtare og få
større avlingar, medan mykje av det grøderike Midt-Vesten kan
bli råka av øydeleggjande tørke.

I august månad var temperaturen på den nordlege halvkula 0,79 gradar over gjennomsnittet – den varmaste august sidan målingane tok til, melder CICERO Senter for klimaforsking. 2003 ligg så langt an til å bli det nest varmaste året som er målt.

Tida vi no er inne i, er ekstremt varm også i eit mykje lengre perspektiv, skriv The Guardian. Ein studie gjord av klimaforskarar ved University of East Anglia og University of Virginia tyder på at jorda no er varmare enn nokon gong dei siste to tusen åra. Studien byggjer dels på årringar frå nokre av dei eldste trea i verda, dels på boreprøvar frå isen på Grønland og i Antarktis.

– Om du hadde bora langt nok ned i isen, kunne du ha studert klimaet hundretusenvis av år attende i tida. Vi har berre studert dei øvste tusen metrane. Vi fann ut at tida frå 1980 av heilt klart er den varmaste perioden dei siste to tusen åra, seier professor Philip Jones til the Guardian.



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |