Dag og Tid nr. 39, laurdag 27. september 2003

Film:
Borgarskap utan sjarm

Å sjå til kan han minne om den falne Statoil-sjefen, direktørsonen som vel kapitalen framfor kjærleiken i den glimrande danske klasseanalysen Arven.

FILM
Arven
Regi: Per Fly
Danmark 2002

I fjor lærde Noreg regissøren Per Fly å kjenne gjennom Benken, eit filmatisk djupdykk i fille
proletariet, etter det han seier sjølv inspirert av ein artikkel frå Kirkens Nødhjelp om korleis samfunnet handsamar menneska på botnen. Fly vart så råka av det han las at han gjekk laus på eit filmprosjekt utan tanke på kva det ville koste. Med Jesper Christensen i hovudrolla var det inga sosialpornografisk elendehistorie, men ein film som tok menneska på alvor. Regissøren vandra rundt i miljøa i lag med sosialarbeidarar, og Christensen skapte rolla si ute i felten. «Ein skal sjå folk i augo, også når dei ligg nede», sa regissøren om det som skulle vere den første i ein trilogi, om proletariat, om borgarskapet, om middelklassen.

I Arven er det borgarskapet og den herskande mentaliteten der som blir lagd under lupa, når den unge sonen til eigaren av Danmarks største stålverk får vite at det er han som er etla til å ta over, etter at faren har gått bort og hengt seg. I så fall rykkjer han forbi svogeren som har vore firmaets trufaste slitar i 15 år, mens han sjølv knapt har vore der sidan dei eldre arbeidarane var barnevakt for han. Men folk gjer sjeldan ende på seg utan grunn, og far lét etter seg nokre uventa hol i rekneskapen som krev fastleik og handling for å berge dynastiet. Og ettersom Christoffer (Ulrich Thomsen) er fødd inn i det, meiner dynastiet, med den myndige mor Annelise (Ghita Nørby) i spissen, at han og ikkje den pinglete svogeren, er rett mann på rett plass. Det meiner ikkje den svenske skodespelaren, vakre Maria (Lisa Werlinder) som Christoffer er lukkeleg gift med i Stockholm, der han sjølv driv i restaurantbransjen mens ho står på scena på Kungliga Dramaten. Difor nektar Christoffer først å ta over, men i det han kunngjer farens død for den store arbeidsstokken, overraskar han også alle med å proklamere sitt eige inntog på toppen av dynastiet, til ektefellens lammande sjokk.

To verder

Korleis det går, er ikkje så vanskeleg å forstå, særleg ikkje i ein film som med så enkle middel og slik utsøkt skodespelarkunst skildrar borgarskapets kulde, enten det er gjennom interiør, eksteriør eller den glatte konversasjonen som knapt skil ein familiemiddag frå eit styremøte eller eit overflatisk borgarleg cocktailparty. Det er to verder mot kvarandre, og med si mutte framtoning er Ulrich Thomsen glimrande som mannen som slitst mellom dei, samstundes som han meir og meir framstår som firmaets faste avgjerdsmann. Stoda i den nådelause bransjen fordrar tiltak som sprengjer familien endå meir.

Sterkt spel

Filmen opnar med at Christoffer søkjer attende til gamle tomter fem år etter at soga vår startar. Det er glimrande skodespel i alle roller. Ghita Nørby er den danske filmens ukrona dronning, som skapt til rolla som dynastiets ambisiøse mor. Men i sentrum står unge Christoffer, martra mellom kjærleiken og kapitalen som i eit ibsensk drama. Kjenslene rasar i andletsdraga til borgarskapets utvalde, men stilen er rein-dyrka, sober, aldri melodramatisk. Det vart ein gong laga ein film om borgarskapets diskrete sjarm. Men det moderne borgarskapet har ingen sjarm. Heller ikkje den kan kjøpast for pengar. Så står det att å sjå om Fly ser noko håp for middelklassen.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |