Dag og Tid nr. 39, laurdag 27. september 2003
Bøker:
Poetisk leik
Roger Fuglestad debuterer med tilgjorde og kunstige dikt. Og det er nett-opp kjenneteiknet ved poetisk tale.
DIKT
Roger Fuglestad
Scelus en hentydning
Aschehoug
Det er ikkje uvanleg å definere poesien som det motsette av
daglegtale. Det er vanleg å seie at poesien er ekstra høgtale, ekstra lågtale, kunstig språk, tilgjort tale, forgjort, fortrylt og stilistisk kalkulert tale, ja, tale som gjer merksam på talemåten sin. I tillegg til å gjere merksam på eiga språkføring, gjer Fugelstads merksam på andre talemåtar ved å leike seg innpå dei og (for)bruke dei. Dermed kan vi også kalle poesien hans for motspråk, og motspråk er kampspråk som står i opposisjon til rådande språk og tenking, anten motspråket er av politisk, eksistensiell eller filosofisk karakter. Viljen til å vere motstrøms har hos Fuglestad resultert i 53 sider med skikkeleg kunstig språkføring målt mot den kvardagslege prosaen vi vanlegvis er omgitt av. Dikta er ein leik og eit eksperiment, og dei viser med det at poesien anno 2003 ennå kan mangt når det kjem til å rokke ved tilvande
førestillingar om språk og våre måtar å forstå tilværet på.
Scelus en hentydning heiter denne merkelege boka. Ho skaper sitt eige mytiske univers samtidig som ho låner talemåtar frå mytologi og bibelstoff. Forteljarstemma i dei tre diktavdelingane formaner, profeterer, taler alvor, taler tøv og ironiserer. Den første bolken inneheld tretten tittellause dikt, den andre avdelinga byr på femten kapittel sette opp som bibelkapittel med vers, og den siste bolken inneheld tolv fragment.
Fuglestad framstår med si innpåleiking og sitt forbruk av mytar, bibelskrift og kunstig språkføring som ein danna mann, som etter Georg Johannesen er det motsette av å vere original. Stilen og språket Fuglestad etterliknar og (for)bruker er frå halvdøde, døde, meir og mindre levande mytar og bibelskrift. Han følgjer i skriftspora til språkføringar som finst utanfor dagens dominerande journalistspråk. I Bibelen finn vi derimot den språkføringa Fuglestad imiterer, men Bibelen finn vi ikkje i journalistspråket. Bibelen og Fuglestad er noe for kvarandre, mens journalistspråket er noe for seg sjølv, kunne vi seie. Med sitt skriftspor skaper Fuglestad prompte ei alternativ språkføring som ikkje er å sjå i andre sam-tidsuttrykk. (Kanskje såg vi det sist nettopp i kongebøkene til Johannesen?)
Tittelen Scelus en hentydning kan gi ein peikepinn om kva denne merkelege boka er for ei bok. I byrjinga av samlinga står det skrive at scelus er latin og har fleire tydingar, mellom anna synd, skjendig handling, slyngel og skurk. «En hentydning» er som kjent eit norsk ord for den litteraturvitskaplege termen «allusjon», som vi veit har noe med å vise til andre skrifter å gjere. Fagbøker kan dessutan fortelje at «allusjon» kjem av det latinske «allusio» som tyder «leik». Allusjonen er med andre ord ei innpåleiking, som Einar Molland ein gong omsette ordet med. Og i grunnen seier den omsetjinga mye om karakteren til allusjonen og arbeidet til Fuglestad i denne boka: Fuglestad grev ikkje (utelukkande) alvorleg i tradisjonen, men leikar seg innpå andre tekstar og språkformer. Leik er ikkje grav-alvor, men forsøk på skeiv, humoristisk graving. Slik sett kan eit leikande
gravearbeid fort bli ein parodi, ein song ved sida av annan song. Kommentarsong, kunne vi kalle det. Slik song har som oppgåve å tematisere retorikken og meininga i annan song. Dette er med andre ord ikkje poesi om kjærleiken, sanninga, det verkelege, det poetiske og det politiske. Dette er heller dikt om korleis vi forstår eller gir form til kjærleiken, sanninga, det verkelege, det poetiske og det politiske.
På kva måte endrar og tilfører så Fuglestad dei gamle talemåtane noe nytt og spennande? Det er jo denne endringa eller tilføringa det står om viss vi skal kunne kalle debutboka til Fuglestad vellykka, og det vil eg gjere, særleg fordi eg vil hevde at det i leik og eksperimentering ofte er noe uavklart som taler til den leikandes fordel. Dette uavklarte er kanskje ikkje noe anna enn språket sjølv. Gravalvoret frå det bibelspråklege i undergangsprofetiane hos Fuglestad veltar titt over i skjemt og ironi, ikkje minst med det som framstår som meiningslause og tomme påstandar og forklaringar. Dermed står vi att med ei diktbok som etterliknar bibelspråk og mytologi for å destruere bibelspråk og mytologi. Fuglestad viser og avslører retorikken i det høgstemde og ofte elegante språket i gammal visdoms- og profetlitteratur. Fuglestad nyttar seg ikkje av mytar og bibelspråk for å redde og restaurere tenkje- og talemåten i det mytiske, bibelske og arkaiske språket. Hans poeng ser ut til vere å
avsløre profet- og sannseiarspråk, og med det destruere og avsløre falsk tale i det religiøse profetspråket. Her er med andre ord mye ironi, eller med atter andre ord, her er stor og kalkulert avstand til høgspråket.
Men ironi er ingen enkel storleik. Språk og ironi har det med å meine både-og og vel så det. Du kan godt seie det eine og få tilhøyrarane til å høyre det andre, men du har likefullt sagt begge delar og meir enn nok. Dette er gammal innsikt. Språket opnar seg mot fleire moglege meiningar, fortolkingar og referansar. Fuglestads forbruk av bibelspråk gjer oss noen illusjonar fattigare og noen innsikter klokare, kan vi nok seie. Men den språkføringa og den retorikken han vil kritisere og avslutte, kleber ved han og held fram i hans eiga skrift, sjølvsagt. Fascinasjonen for bibelspråket heng igjen i forbruket av det. På sitt beste er ei slik språkføring enkel, overtalande og vakker; på sitt verste er ho forenklande, fordummande og usann. Åtvaringane og utbrota profetstemma eller forteljaren hos Fuglestad kjem med om å høyre rett etter og forstå riktig rammar i alle retningar.
Det rammar bibelspråket og forbruket av bibelspråket, ja, det rammar poesien generelt og denne boka spesielt, det rammar oss alle ved å gjere oss usikre og utrygge på kva språk i grunnen seier om det verkelege. Til slutt og til saman blir ikkje denne diktboka lukka tale, men ho blir nok dunkel tale. Derfor vil boka til Fuglestad sannsynlegvis bli misforstått og mislikt av dårlege lesarar. Mens gode lesarar vil forstå og like henne viss ho er god.
I midtbolken av denne boka er, som sagt, 15 dikt eller kapittel sette opp som bibelkapittel med bibelversinndeling. Eg siterer første kapittel av denne midtbolken i sin heilskap (utan versinndelinga til Fuglestad). Alt over er eg for øvrig usikker på. Alt under står på side 23 i boka til Fuglestad:
«Men selv blant dere, de mest vulgære pøbler, skal det finnes falsksyngere, spåmenn og jærtegnfortolkere, uten gyldige kurs. La det være sagt. Og slik er det sagt. De spåmenn som kaster sine kort og ikke vil kjennes ved dem, skal dere ikke høre på. Den skald som synger med falsk tone, er ikke å lite på. Den dikter som skriver mens han snakker, og bruker blekk som ikke kan sees, han skal dere steine. Og dette gjelder alle. Forlanger han penger skal dere vende ham ryggen, ta med dere familiene deres og forlate byene uten å ofre, for byen dere er i vil bli rammet av ulykker og hjemsøkt av pest. Vær derfor raske. Og dersom du trenger hvile på reisen, legg deg med ryggen mot bakken. Da bærer du verden på din rygg. Den du forlot kan du kalle dum, og byen for
dumhetens by. Vend derfor aldri tilbake. For det er intet å vende tilbake til.»
Atle Christiansen
|