Dag og Tid nr. 38, laurdag 20. september 2003

Roald Helgheim:

Den svarte kassa

Ein norsk konsernleiar blir sitjande trass i at han har godkjent noko som liknar ein klassisk korrupsjonsavtale, med pengane plasserte i eit selskap registrert i skatteparadiset Turks & Caicos, med konto i Sveits. Seier han opp sjølv, misser han ein fallskjerm på 7,5 millionar. Får han sparken, får han fallskjermen med seg. Slike uanstendige fallskjermavtalar ledar vi knapt på augneloket av lenger. Om «konsulentavtalen» på 115 millionar kanskje ikkje er av astronomisk storleik, er han som skoren ut av forteljinga til Eva Joly, korrupsjonsjegeren som denne veka gav ut boka Er det slik vi vil ha det?.

Som forhøyrsdommar leidde ho felttoget mot den franske oljeheilagdommen Elf, i avsløringa av ein korrupsjonsskandale verd rundt tre milliardar franc. Ho har vunne første runde i ein kamp der ho i årevis vart motarbeidd, truga på livet og overvaka, og systematisk mistenkjeleggjord av media. I den franske revolusjonens land er tonegjevande media eigd av den mest korrupte storfinansen. Forteljinga om Elf-raidet er sjokkerande i seg sjølv, ført i pennen i ein korthogd, råkande stil. Men det er når Eva Joly i slutten av boka spenner opp det store, globaliserte korrupsjonslerretet, at det ikkje lenger er ein sterk thriller om ei sak, men ei forteljing om eit verdsomspennande system. Vanlegvis kallar vi det økonomisk kriminalitet eller korrupsjon. Joly vil heller kalle det straffridom. «Det handler om en måte å leve høyt over loven på, fordi man er sterkere enn loven.»

Til ho var 50 trudde Joly fenomenet var utvekstar på samfunnet. Ti år eldre ser ho ingen forbrytarliga, men «respektable etablerte maktinstanser som har tatt storkorrupsjonen opp i seg som en naturlig dimensjon ved utøvelsen av makt.» Konsern lagar ikkje berre ei «svart kasse» til eigne, lyssky transaksjonar. «Dypere sett er det den straffriheten lederne i politikken og næringslivet nyter godt av, som får dem til å beskytte globaliseringens svarte bokser (bekvemmelighetssteder, finansmarkeder for derivater, bankparadiser, internasjonale clearinginstanser i ly for all kontroll ) – de som gjør dem i stand til å skjule og plassere fruktene av korrupsjonen, og som samtidig er til for de internasjonale, lyssky aktørene og for organisert kriminalitet.»

Globaliseringa av økonomien gjer systemet vanskelegare å gjennomskode, og lovene har heller blitt lempa på enn skjerpa. Alt i 1977 gav europeiske regjeringar næringslivet lov til å føre opp mutingar som «spesielle handelsomkostninger», skriv Joly. Dei sektorane korrupsjonen utfaldar seg mest i, er energi, store byggjeprosjekt, rustningssektoren, telekommunikasjon og gruveverksemd. Det er sektorar av strategisk verdi. Sju av verdas 15 største selskap høyrer til energisektoren. Utbytet av korrupsjonen er konsentrert på få hender, i ein pyramide der det i dømet Elf var tre hovudleiarar som plukka med seg tre firedelar av det antatte underslaget. I nokre av sektorane har storleiken på provisjonar skote fart. Offisielt er det pengar som blir betalte til mellommenn, men Elf-etterforskinga viste at ein betydeleg del av dei vende attende til «firmaets nære omgivelser», enten på kontoen til leiarane, eller for å fylle opp den «svarte kassa». Berre med utgangspunkt i den franske våpenindustrien og dei provisjonane som er gjengs der, kan ein rekne seg til at «hvert år forsvinner et sted mellom tre og syv Elfsaker i skatteparadisenes Bermuda-triangel.»

Sjølv dei svarte hola i Elf-imperiet er ein liten flik av eit globalt system. Joly nyttar døme verda rundt for å vise karakteren av det ho kallar kompiskapitalismen, som i vår tid blømer i fullt dagslys. Hjelpemidla er dei same som vi no har sett brukt i vesle Norge, «globaliseringens svarte bokser» der Statoil-boksen heiter Turks og Caicos-øyane. Ein annan er Mauritius, ein tredje Bermuda, og ein fjerde Cayman-øyane. Og kva er Cayman-øyane? Dei høyrer inn under den engelske krona, både guvernør og justisminister blir utnemnd i London. Økonomisk er øyane eit lydrike under USA, og dei fleste bankane der blir i røynda styrde frå Wall Street. Opphavet til skatteparadisa hadde for hundre år sidan ikkje noko med høgt skattetrykk å gjere. Det strafferettslege vernet av teieplikta til dei mest brukte bankane er ingen grunnleggjande fridom på line med menneskerettane. Det er ein måte å verne om tilsvindla pengar på.

I den vestlege verda er ein av dei største økonomiske skandalane Enron-konkursen. Utan skattbar inntekt i fem år laga firmaet nesten 900 filialar i dei fire skatteparadisa våre. Sjefen Kenneth Lay, som så seint som i 2001 oppmoda dei tilsette om å kjøpe fleire aksjar, selde sjølv unna i rekordfart og var 101 millionar dollar rikare då krakket kom. 29 leiarar og styremedlemmer nytta innsidekunnskapane sine til å selje aksjar for 1,1 milliardar dollar frå 1998 til 2001. Samstundes låg meir enn halvparten av dei oppsparte pensjonspengane til dei tilsette i Enron-aksjar, som før krakket var verde 1,2 milliardar dollar. Etterpå var dei verde null.

Slik mange kommentatorar ser det, er Enron-avsløringa ei viktigare hending i USA enn det som skaka nasjonen 11. september 2001. Ikkje berre avdekte det ein roten moral. Avsløringa gjaldt ein økonomisk maktbase med nære band til den politiske makta i Washington. Eva Joly meiner dei internasjonale konvensjonane mot korrupsjon som vi har no, er laga av naive menneske. «De bekjemper en fiende som ikke eksisterer. Samtidig er fienden rett ved siden av dem, av og til i deres egen regjering.»



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |