Dag og Tid nr. 38, laurdag 20. september 2003

Leiar:
Ny utgåve av Norsk Ordbok

Norsk Ordbog av Ivar Aasen kom denne veka ut med latinske typar. Boka har heilt sidan førsteutgåva frå 1873 vore prenta med gotisk skrift, noko som har gjort boka vanskeleg å bruka for mange i dag. Det er difor svært gledeleg at ordboka no er meir tilgjengeleg for fleire.

Norsk Ordbog er den fremste av alle norske ordbøker og grunnboka for norsk dialektologi, ordhistorie og ordgeografi. Olav H. Hauge var mellom dei mange som var oppteken av at ordboka skulle gjerast tilgjengeleg med latinske typar. Han brukte Norsk Ordbog dagleg og fortalde at Kristofer Uppdal sleit ut det første eksemplaret sitt.

Professor Trygve Knudsen skreiv i 1963 at ein alltid med tillit vil venda tilbake til Aasen si ordbok fordi ein heile tida merkar den sikre kunnskapen bak kvart einaste oppslagsord. Knudsen legg vekt på Aasens «fintmerkende sans for ordvalører og distinksjoner, med sin nøyaktighet i realia, med sine uavkortede krav om presisjon i definisjoner og forklaringer, og med den høyt utviklede formelle evne som satte ham i stand til å fylle kravene i det sproglige uttrykk, treffsikkert, uten slark og slinger».

Ein kan samanlikna Norsk Ordbog med Samuel Johnson si ordbok over det engelske språket, som kom i 1755. Boka kom i nye utgåver på 1800-talet, men er i dag hovudsakleg av historisk interesse. Aasens ordbok er derimot den dag i dag ein aktuell reiskap for alle som nyttar norsk språk – lærarar, journalistar, forfattarar, forlagsfolk og så bortetter. Og ho er like viktig for bokmålsfolk som nynorskingar.

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |