Dag og Tid nr. 38, laurdag 20. september 2003
Klok på bok 632:
Dikt frå sjefen
«Kjære Paula, her på laurdag var eg ein tur innom biblioteket og lånte m.a. ei Tobben/Ero-plate. Vel heimkomen ser eg at vekas kpb er gode gamle Lina som også finst på plata med Tobbens melodi (1973). Ni år seinare kom Ketil Bjørnstad med ei plate der han har tonesett 13 av dikta til Knut Hamsun vokalist: Ole Paus. Bjørstad/Paus Lina går meir eller mindre på Tobbens melodi, men ho er kraftig rocka opp. Elles er det mange som har kosa seg med å tonesetja Hamsun opp gjennom åra. Komponisten Conrad Baden gjorde t.d. Lina til eit verk for mannskort same året (1969) som unge Tobben og Ero reiste frå Tromsø for å laga rockeband i Sverige», skriv han Ivar Stokkeland frå Tromsø. Dette var eit såpass sprøtt samantreff, at eg kårar deg til vinnar . Gratulerer, Ivar! Du hadde mange konkurrentar denne veka: «En virkelig aktuell og alltid
spennende forfatter! Husker diktet fra 70-80-tallet som en landeplage med tromsøguttene Tobben og Ero. Mer typisk Hamsun enn dette er vanskelig å finne. Tror det må være fra diktsamlingen Det vilde kor. Den eneste av ham i mitt eie, og kanskje hans eneste», spør han Sigmund Aldra i Sandnessjøen.
«Spaltens overskrift var denne gangen: Aktuell poet. Men var Hamsun egentlig poet? Jo, men ingen stor poet, ifølge ham selv. Det framgår av Paa gjengrodde Stier der han begrunner skepsisen til sin lyriske evne slik: Jeg faar saa mangen velsignet Gave fra det Høie, men jeg reflekterer dem sønder og sammen. Når en mannsperson i Hamsuns dikt ikke rekker helt fram til en kvinne, er det fristende å tenke på Hamsuns eget strev med å få innpass hos poesiens muse», skriv han Thor Henriksen i Oslo.
Han Jon Lorentzen i Egersund kjem med ein spanande invitasjon: «No har eg endeleg fått inn høyet frå den eine hesja vår, for øvrig den einaste i Egersund sentrum. Det var nok under ei hesje at han Knut trefte ho Lina, for han var ein skikkeleg fultapp som me seier her i byen, og då tyder ful noko heilt anna enn det som står i ordboka. Ho Lina var nok ikkje det einaste kvinnfolket denne Knut var borti og som sin Kæreste snød, skal me tru dei som har greie på det. Og Knut, det er sjølvaste Hamsun og diktet er Lina frå Det vilde Kor og andre dikte, 1904. Siste gongen eg vitja Kpb sa eg sjølv at eg ikkje fortente å vinne, men det seier eg ikkje no. PS. Eg stikk for å lage Snarlaga Hardingeøl frå Bjørn Heradstveit si Filosofisk kokebok. Der står det at dunkjen skal setjast under ei hesje, men det er for seint no.
I staden får eg ta ein god del høy rundt han, dunkjen altså. Kanskje eg bed deg heim til å smake.»
Det må eg seie var ein freistande invitasjon. Det er rart med det. Øltørsten lèt seg lettast sløkkje med øl.
Ho Kirsti Bremer Fjær i Oslo er mellom dei som gjekk til platehylla for å finne svaret: «Dette må vel vera Knut Hamsun, tenkte eg, og byrja leita gjennom dei gamle LP-platene mine. Her fann eg Tobben & Eros 12 beste og eit av spora var Lina. Tekst: Knut Hamsun. Musikk: Torbjørn Willassen. Så det var han, ja!»
Han Gunnar Bæra skriv frå Løten at det er ein svært så aktuell svermar vi skal fram til: «Ingar Sletten Kolloens nye biografi om Knut Hamsun er grundig meldt, omtalt og dissekert i det same nummeret av Dag og Tid, så spora var tydelege nok. Tittelen på diktet finn ein òg tydeleg i oppgåveteksta: Dette er Lina frå Det vilde Kor 1904.»
Han Gunder i Vik sit sundagsmorgonen med Schnittke på radioen og Hamsun på skrivebordet: «Aviser og radio fløymer i desse dagar over av Hamsun og Kolloen (eller kanskje i motsett rekkjefølgje?). Berre fjernsynet held stand, her er det ikkje noko lefling med litteraturen! (unntatt Åsne, då). Men sidan poeten er aktuell (seier overskrifta til Paula), er det berre å opne Hamsuns einaste diktsamling, Det vilde Kor, frå 1904, og der står diktet med den same tittelen som opningslinjene, nemleg O væk mig imorgen, du blanke Sol. Elles har eg enno ikkje fått lese Atle Christiansens melding av Kolloen, men overskrifta gir gode voner: Kikkarsjukt svermeri...»
Over til Jørpeland: «Ikkje hadde eg trudd at grammofonspelaren skulle hentast fram att i desse cd-tider. Men etter å ha lese oppgåva i Kpb 630 fekk eg eit godt høve til å minnast gamle tider, for 30 år sidan. Så no sit eg her, laurdagskvelden, og lyder til m.a. Lina. Det er som peiskos å rekne, med all knitringa i vinylen! Men visa er vakker, ho, framleis! Diktet er spelt inn på LP-en Gitter og stas (1973) av viseduoen Tobben & Ero (Torbjørn Willassen og Jan Ero Olsen) frå Tromsø. Desse to er rekna som det norske svaret på Simon & Garfunkel. Tobben & Ero sitt varemerke var å tonesetje dikt av kjende norske og svenske diktarar (Øverland, Hamsun, Vinje, N. Ferlin, E. Lindorm m.fl.). Det er truleg deira tolking av Den dag kjem aldri som er mest vidgjeten. Så takk til Paula for at eg fekk syn for segn, at grammofonspelaren enno kan gjera jobben sin», skriv han Terje Aukland frå Jørpeland.
Fleire har ymta om at denne oppgåva har vore gjeven før. Det er slett ikkje umogleg.
Klok på bok 632
Ønsker meg et viskelær
som visker stille bort
alt det dumme jeg har sagt
og tenkt og ment og gjort.
Ønsker meg et viskelær
som visker stille bort.
Ja, det er vel fleire enn diktaren som kjenner seg att i dette diktet. Eg fann det i ein antologi med barnedikt som kom ut for eit lite bel sidan. Svar kan sendast Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 26. september.
Paula på posta
|