Dag og Tid nr. 38, laurdag 20. september 2003

Film:
Mot Moskva på gibberish


Korleis kan eit norsk dansekompani lage ein film om det forfalne Sovjet på kaudervelsk? Jo Strømgren & Co har gjort det med stil.



Mot Moskva
Regi: Runar Hodne & Jo Strømgren
Norge

Til tonar av Raudearmeenes praktfulle kor og orkester startar filmen i eit landskap akkurat så trist, falma og grått som det skal vere når turnébussen skranglar seg fram langs gammalkommunistiske landevegar fulle av vaskebrett, med fortekstar som liknar på russiske bokstavar, og stemma til Vassi (Thorbjørn Harr) kunngjer dei tsjekovske visjonane til ein trupp, som med Moskva og Pusjkinteatret som mål, vil fornye sovjetisk teater! Utan at nokon visste det då, er vi i tiåret for Unionens samanbrot, med scener skotne i Litauen og Kaliningrad, det siste ein russisk enklave der moderniseringa enno ikkje har sett inn, og eit av kommunismens siste, ufullførte monument, ein grufull bygning i stål og betong, utgjer ei perfekt scene for lyssky møte.

Gjennom dette landskapet reiser teatertruppen, som finansierer turen med å smugle sukker for ein bror sjefen har i gangstersystemet. Han skaffar også skodespelarar til truppen, mellom dei ein stum rumenar sendt poste restante som fraktgods i ein kasse. Konstruksjonen av eit eige, fonetisk språk like «russisk» som språket til ubåtkaptein Harald Heide Steen jr er ei soge for seg. Det har tidlegare vore brukt i ei danseførestelling av Strømgren. Det er laga med ein eigen, indre logikk, og mens nordmennene i filmen snakkar «gibberish», talar litauiske og russiske medverkande morsmålet sitt med største sjølvfølgje. Teaterframsyningane på vegen er både ubetalelege og sterke, ikkje minst ei danse-scene som får ståande applaus.

Mot Moskva
er eit drama som er like absurd som det er alvorleg. I staden for å søkje hjelp hos filmselskap i vertslanda har Jo Strømgren satsa på eigne yrkeskollegaer i Litauen. Særlege location-utfordringar var det i Kaliningrad, ei fattig attergløyme der ingen før Mot Moskva hadde fått løyve til å spele inn film før. Når det først gjekk i orden, var det visstnok ingen kunst å få politisjefen til å sperre av ei gate når det trongst. Filmen vart spela inn på 24 dagar, skodespelarar av alle slag gjer ein framifrå innsats, og om det ikkje er det norske svaret på Goodbye Lenin, så er ikkje minst den storslåtte musikken med på å røre ved dei nostalgiske strengene.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |