Dag og Tid nr. 37, laurdag 13. september 2003
Teater:
Visst summar det i kubene
Det er ingen tvil om at Lasse Kolsrud har lykkast med å overføre den gryttenske stemninga til scenen, sjølv om eg kanskje synest at han kunne ha vore endå meir hardhendt i stoffutvalet.
Det Norske Teatret:
Bikubesong
av Frode Grytten
Dramatisert og regissert av Lasse Kolsrud
Scenografi: Bård Lie
Thorbjørnsen
Når vi kan leggje eit slør over alle formelforfattarar som får prisar og håvar inn pengar på bokklubbsal, skal historia om dei gode bøkene forteljast. Der trur eg Frode Grytten har ein sikker plass. At Bikubesong skulle kunne dramatiserast, har likevel ikkje vore min første tanke. Figurane er mange og forma episodisk. Men nå er det gjort, og det må ha vore ein serie med vanskelege val. Det er ingen tvil om at Lasse Kolsrud har lykkast med å overføre den gryttenske stemninga til scenen, sjølv om eg kanskje synest at han kunne ha vore endå meir hardhendt i stoffutvalet.
Vi er i Odda, der eit murhus er ramma rundt personar og lagnader. Scenografien opnar rom for rom og det summar kraftig i somme av dei. I sentrum finn vi den tidlegare postmannen M, som er manisk The Smiths-fan og som steller godt med si døyande mor. Hennar store uro er at sonen ikkje har fått seg nokon kjærast, og ho kan ikkje godt leggje seg til å kvile for evig før sonen er vel i hamn. Stilt overfor dette startar løgna om at kjærasten finst og jakta på ho som kan late som.
Melankolsk liv
Hans Rønningen gjer ei nær perfekt rolle som denne figuren. Eg mistenkjer Lasse Kolsrud for å ha investert mykje energi i nettopp denne rolletolkinga, for av og til er det nesten som du ser Kolsrud sjølv på scenen som M. Uansett går Hans Rønningen til verket med ein slik glød og eit slikt balansert register at han tar vare på alle fasettane i eit melankolsk liv. Og ikkje minst, i bileta med M og M og mora, får du smake på den vakre empatien i Gryttens skildring av sine personar. For meg er dette eit utvilsamt teaterhøgdepunkt, og det blir ikkje mindre elegant av at samarbeidet mellom orkester og vokalist M er glitrande. For meg kunne dei ha halde på til neste morgon, og eg hadde lytta.
Her er fleire andre som også fortener blomar og takk. Jon Eikemo gestaltar ein nesten dickensk fillefrans med stor innleving og glede, den unge Kjakan (Pål Sverre Valheim Hagen) blir etter kvart veldig synleg i si indre uro, den heimvende Hildegun (Anne Ryg) leverer eit gripande portrett og Svein Tindberg er utruleg stø som Martini.
Kjas
Somme av dei andre har eg litt trøbbel med, særleg partisekretæren og hans følgjesvein Lilly. Årsaka er at dei fungerer bortimot som revyinnslag i eit stykke med så stort eit hjarte. Det blir frykteleg mykje kjasing og masing, armar og bein og relativt lettvinte latterkuler.
Eg er også i tvil om det er kutta nok i materialet. Du kan sjå ein person sjølv om vedkomande ikkje er på scenen, og kanskje kunne det ha vore ei løysing.
Asgeir Olden
|