Dag og Tid nr. 37, laurdag 13. september 2003

Teater:
Frustrerande god Hedda Gabler

Forløysinga sit langt inne i Rogaland Teaters «ungarske» Hedda Gabler, men etter kvart fell det meste på plass, om ikkje akkurat for Hedda.

Rogaland Teater
Hedda Gabler
Av Henrik Ibsen
Instruktør: Gábor Zsámbéki


Kanskje er det instruktøren som likevel lukkast med grepa sine, kanskje er det teksten som vinn fram. Iallfall endar ungararen Gábor Zsámbékis Hedda Gabler som ei minnerik oppleving. I byrjinga sit ein bare og er frustrert. Folka på scenen slit med både seg sjølv, kvarandre og Ibsens dialog. Denne er mjuka opp – men er framleis altfor stiv for den ekspressive, kroppslege spelestilen. Særleg Hedda er plassert i ei tid som verken stemmer med Ibsens danna borgarskap, eller med dei andre personane på scenen. Ho ter seg til tider rølpete på eit vis som verkar umotivert. Det blir svært vanskeleg å få grep om Marika Enstads personteikning.

Fristilling

Når inntrykket endrar seg etter pause, melder likevel velviljen seg. Kanskje har Zsámbéki gjort eit grep som gir ei slags fristilling i høve til Ibsen-publikummet sine forventningar. Resultatet er iallfall at Hedda plutseleg «grip». Ei årsak kan også vera ein heilt framifrå Henrik Mestad som Eilert Løvborg. Med det same han entrar scenen, blir stykket noko meir enn stivna relasjonar. På eit nedtona og «indre» vis, stråler han ut ei dirrande kraft som får alle andre aktørar til å «falla» fint på plass, også Hedda – sjølv om ho er nær ved å mista «showet».

Fengsla barn

Når Enstads tolking likevel held, er det ikkje fordi ho speler ut ei gåtefull 1890-talskvinne. Trass overtydeleg kroppsangst og ekteskapleg kulde, gjer Heddas keisemd, kyniske lagnadseksperiment og svartsjuke ironi at biletet veks fram av eit desperat menneske, fengsla i sin eigen forakt for kroppen og kvinnerolla. Ekteskapet med «tufsen» Jørgen Tesman trer fram som Heddas einaste alternativ, ein gøymestad frå seksualitet og patriarkalsk tyranni, men likevel ikkje frå den kyniske erotikaren Brach (Ole A. Simensen) som vil vera einaste «hane i kurven».

Mytologisk håp

Det er ikkje gåta Hedda som fascinerer, men Ibsens avsløring av henne, gjennom suveren dramatiske ironi. Den kvinna som til slutt skyt seg i tinningen, kan læra oss ein heil del om kva røyndommen sitt press inneber, men ho viser seg også fram som eit umoge, sjølvoppteke barn som nyt regien av andres undergang. Gjennom patetisk konstruksjon av diffuse mytologiar – draumen om sjølvmord med «vinløv i håret» – held ho oppe eit slags illusorisk håp. Når dette brest med Løvborgs heslege skot gjennom underlivet, er pistolen einaste løysing også for Hedda.

Komisk fengsel

Svein Harry Hauge gjer god figur
som Tesman. Han er mindre tufs enn vanleg, men likevel meir enn komisk nok. Komikken kan Hauge, noko som er godt for stykket – men ikkje for Tesman. Det same kan seiast om Ingjerd Egeberg som den trufaste Thea.

Scenograf Csörsz Khell, også frå Ungarn, har laga ei lett stilisert Ibsen-stove, med open «gitterbakvegg» og høge vindauge med skodder. Dette illustrerer både opninga ut mot verda – og den borgarlege salongen som eit kvinnefengsel. Som effektiv kontrast til stykket sin kulde, blir scenene brotne av lette, impresjonistiske tonar frå Heddas pianoforte.

Det er vanskeleg å klussa med Ibsen, men Zsámbékis «mistilpassing» av Hedda Tesman løftar stykket ut av det tidstypiske, akkurat nok til å peika mot relevansen for våre eigne overlevingsstrategiar, i ei tid der det borgarlege ekteskapet ikkje er einaste utveg, men der keisemd, ironi og seksualpress er kjende fenomen.

Magne Drangeid

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |