Dag og Tid nr. 37, laurdag 13. september 2003

Kultur:
– Held romanifolket for narr

Slik reagerer leiaren i Romanifolkets Landsforening på at bygginga av det lenge planlagde Tatermuseet på Elverum er utsett med to år. Årsaka er pengemangel.

Cecilie N. Seiness
cecilie@dagogtid.no

– Storting og regjering held romanifolket for narr. Me finn oss ikkje i dette, seier leiaren i Romanifolkets Landsforening, Leif Bodin Larsen.

Det er likevel ikkje sett av pengar på statsbudsjettet til Tatermuseet på Elverum.

– Me har halde på med dette prosjektet i årevis. Det første prosjektet som var planlagt, vart kollkasta av Kulturdepartementet. No har Statsbygg arbeidd i tre år med det nye prosjektet. No må dei byggja eller la vera. Romanifolket er rasande og truverdet til den sitjande regjeringa er lite. Det er klargjort fleire gonger, både frå storting og regjering at Tatermuseet skal byggjast, likevel tør dei gjera dette. Ein lovnad frå styresmaktene er null verd, seier Leif Bodin Larsen.

Tannlaus

Direktøren ved Glomdalsmuseet, Jan Hoff Jørgensen, er heller ikkje nøgd.

– Utsetjinga kom som lyn frå klar himmel. Det er som å leia ein 100-meter, men like før mål gå på trynet og slå ut tennene. Me trudde dette prosjektet var så tverrpolitisk forankra at noko slikt ikkje kunne skje, seier Hoff Jørgensen.

Sidan 1997 har Glomdalsmuseet arbeidd med planar om eit dokumentasjons- og formidlingssenter for taterkulturen i Noreg. I byrjinga var planen å byggja om eit hus som allereie finst på Glomdalsmuseet, men i 2001 gav departementet Statsbygg i oppdrag å stå for bygginga av eit nytt hus der Tatermuseet kunne halda til. Tatermuseet er nemnt i to Stortingsmeldingar, både i Stortingsmelding 22 (1999-2000) og i Stortingsmelding 15 (2000-2001). I Stortingsmelding 15 heiter det: «Overgrepa mot romanifolket var særs grove og ramma ei etnisk gruppe hardt. Tiltak for å styrkje kulturen til romanifolket kan sjåast på som ei form for kompensasjon for kontroll- og for-norskingspolitikken, særleg for dei verknadene denne politikken har hatt for å svekkje kulturen. Regjeringa vil derfor gjere framlegg om at det blir etablert eit senter for dokumentasjon og formidling av kulturen og historia til romanifolket. Senteret vil bli plassert på Glomdalsmuseet på Elverum med sikte på byggjestart i 2002.»

Regjeringa har bede om orsak for fornorskingspolitikken, men har ikkje gjeve romanifolket kollektiv erstatning. Kommunalminister Sylvia Brustad uttalte i 2000 at eit dokumentasjonssenter for romanifolket var eit meir eigna grep enn erstatning. I 2000 lova Brustad midlar til bygginga av eit dokumentasjons- og formidlingssenter for romanifolket. No har Kultur- og kyrkjedepartementet med Valgerd Svarstad Haugland i spissen utsett prosjektet med endå to år.

Gedigen nedtur

Prosjektet er kome langt. Det har vorte arrangert ein «totalanbudskonkurranse» der deltakarane har kome med framlegg både til plassering og utforming av bygget. Vinnaren av konkurransen er kåra, men ikkje offentleggjord. Forslaget til ein ferdig kontrakt skulle sendast til departementet om ikkje lenge.

Direktør Jan Hoff Jørgensen på Glomdalsmuseet hadde planar om pressekonferanse for å leggja fram vinnaren av konkurransen, men fekk i staden vita at prosjektet er utsett.

– Me fekk signal frå Statsbygg om at Tatermuseet er utsett i to år. Me kontakta departementet for å høyra kva dette skulle bety. Då vart me kalla inn til møte. Statssekretær Yngve Slettholm kunne fortelja oss at rykta stemte. Me fekk opplyst at det ikkje er midlar til dette prosjektet på statsbudsjettet. Me hadde rekna med byggje-start no ved årsskiftet. Dette har vore ein gedigen nedtur for oss. Me trudde nesten ikkje det kunne vera sant, seier Jan Hoff Jørgensen.

Om dette berre handla om at ei utviding av Glomdalsmuseet vart utsett i to år, ville dette vore eit vonbrot som var til å leva med, meiner direktøren, men denne saka handlar om noko meir enn det, nemleg korleis utsetjinga vert oppfatta av Romanifolket.

– Kompensasjon

– Tatermuseet er ein del av kompensasjonen og oppreisinga til romanifolket. Det er der det ligg. Dersom staten vil ha dialog med taterane, synleggjera at staten vil gjera noko, er dette eit underleg signal å senda ut, seier Hoff Jørgensen.

Direktøren meiner det ville ha vore bra, både for romanifolket og dei tilsette på Glomdalsmuseet, om ein endeleg kunne koma i gang med bygginga av Tatermuseet.
– Tatermuseet har vore eit komplisert prosjekt. Me har arbeidd med museet sidan 1997. Det dreiar seg om 50 millionar kroner. Det er mykje pengar, men på eit statsbudsjett er det ikkje all verda. Hadde dette prosjektet vorte høgt prioritert, hadde dei funne pengar til det.

– Er du redd heile prosjektet skal verta skrinlagt?

– Nei, så pessimistisk er eg ikkje, men det er ein hake ved denne saka, nemleg at det er eit stortingsval mellom no og 2006. Yngve Slettholm snakka ikkje om nedlegging, men utsetjing. Statsbygg skal arbeida vidare med entreprenøren og prisstiginga blir kompensert.

– Løyvingane til Tatermuseet har vorte sette opp mot Hålogaland teater?

– I møte i departementet fekk me ikkje inntrykk av at det var eit anna prosjekt som hadde ført til at Tatermuseet må utsetjast, men den generelle budsjettsituasjonen. Me vil ikkje gjera debatten om Tatermuseet til ein debatt om Hålogaland teater. Det er ikkje der problemet ligg, seier Hoff Jørgensen.

– Pengevanskar

Statssekretær Yngve Slettholm i Kultur- og kyrkjedepartementet seier utsetjinga av Tatermuseet berre har å gjera med ein vanskeleg budsjettsituasjon.

– Det var umogleg å finna rom for Tatermuseet på budsjettet for 2004. Budsjettet vert offentleggjort 8. oktober, så det er ikkje mogleg for meg no å kommentera budsjettet elles. Årsaka til at dette kuttet har vorte kjent, er at Statsbygg måtte få melding om utsetjinga.

– Er det ikkje eit problem å utsetja eit bygg som skal vera ein del av kompensasjonen til taterane?

– I kva grad museet skal vera ein del av ei oppreisning eller kompensasjon for taterane, skal eg ikkje uttala meg om. Dette er snakk om ei utsetjing, og me måtte prioritera dei prosjekta som alt er sette i gang.

– Er det mogleg at prosjektet vert skrinlagt?

– Nei, me har gjeve lovnad om at prosjektet skal bli noko av. Statsbygg skal inngå ein intensjonsavtale med entreprenøren og prosessen går sin gang.

– Er du redd for kva signal utsetjinga gjev taterane?

– Eg har hatt møte med leiaren for Romanifolkets Landsforbund og eg har stor forståing for at dei reagerer på utsetjinga, men denne avgjerda inneber ikkje på noko vis at orsakinga for det taterane har lide ikkje står ved lag. Dette handlar berre om ein budsjettvanske i 2004, seier statssekretær Yngve Slettholm.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |