Dag og Tid nr. 37, laurdag 13. september 2003

Roald Helgheim:
Eit iransk USA-jubileum
Det er to år sidan tvillingtårna sokk i grus, det er tretti år sidan det CIA-støtta militærkuppet i Chile, det er førti år sidan John F. Kennedy døydde – og det er femti år sidan sjahen av Iran, med hjelp av både amerikansk og britisk etterretningsteneste, styrta statsminister Mohammad Mossadeq i eit militærkupp. Og som forfattaren av ei ny bok om kuppet skriv: «Det er ikkje søkt å dra ei line få Operasjon Ajax (CIAs kodenamn for kuppet) gjennom sjahens undertrykkjande regime og den islamske revolusjonen, til eldkulene som omslutta World Trade Center i New York.» Boka heiter All The Shah’s Men: An American Coup and the Roots of Middle East Terror. Forfattaren er Stephen Kinzer, og tittelen på boka dreg åleine trådane frå kuppet til i dag. Kinzer minner også om at aksjonen mot Mossadeq var første gong CIA sytte for eit regimeskifte i eit anna land, og utfallet oppmuntra USA til å styrte regimet til Jacobo Arbenz i Guatemala. Det skulle bli starten på ein serie U
SA-operasjonar med djupe verknader og etterdønningar opp til i dag.Iran-kuppet er ein historisk parallell. Det kom etter eit regimeskifte der den republikanske general Dwight D. Eisenhower tok over etter demokraten Harry S. Truman og utanriksminister Dean Acheson. Ny utanriksminister var John Foster Dulles, dominoteoriens far, med broren Allan Dulles som ny CIA-sjef. CIA-agenten bak Operasjon Ajax var Kermit Roosewelt, sonesonen til president Theodore Roosewelt. Og i Storbritannia: I 1952 vart Winston Churchill ny statsminister etter Arbeidarpartiets Clement Attlee. Skiftet i London var særleg fatalt for Mossadeq, skriv forfattaren. Churchill sa at Attlee hadde late Iran i stikken «når nokre muskettgeværsalver hadde vore nok». Når det kom til krita var det likevel CIA som måtte gjere grovarbeidet mot den statsleiaren Churchill hadde kalla «ein aldrande galning oppteken med å øydeleggje landet sitt og overlate det til kommunistane».
Den eigentlege tornen i det britiske auget var Mossadeqs nasjonalisering av oljeindustrien, noko av det første han gjorde då han vart statsminister i 1951. Alt då prøvde Mohammad Reza Shah, som var sjahens fulle namn, å avsetje den Mossadeq han sjølv hadde sett inn. Statsministeren nekta å gå. Det måtte eit CIA-styrt kupp til, og den då 73 år gamle Mossadeq vart sett i fengsel og dømd til døden for høgforræderi. Han vart benåda og sat i husarrest til han døydde i 1967.

Washington Post-journalisten Greenway, som omtalar Kinzers bok i New York Review of Books, fortel at han i 1976 var i Teheran. Alt då hadde sjahen store problem, men som det har kome fram i andre bøker om den amerikanske etterretninga i området, kom samanbrotet og maktovertakinga til Khomeini som i bombe. CIA såg enno på kommunistfaren og Sovjet som det største trugsmålet. «Iran er ikkje i nokon revolusjonær situasjon, ikkje ein gong i ein førrevolusjonær situasjon», heitte det i 1978, i ein rapport frå eit CIA som ikkje hadde agentar som kunne språket i området. Til gjengjeld fekk dei med Khomeini eit muslimsk styre, som takk for at dei i 1953 hadde avsett den sekulære statsleiaren Mossadeq. Ni månader etter at Khomeini tok makta, storma 500 studentar den amerikanske ambassaden i Iran og heldt nitti gislar i 444 dagar, den totale audmjukinga av president Carter.

Boka til Kinzer skildrar i detalj omstenda rundt 1953-kuppet. Før 1950 var det Storbritannia som var den store kolonimakta, USA enno relativt atterhaldande. I det nittande hundreåret hadde amerikanarane kome til Midtausten, ikkje som erobrarar, men som lærarar. I 1946 vart den einaste kolonien til USA, Filippinane, uavhengig. Men på slutten av førtitalet hadde USA byrja å støtte Frankrike militært i Indokina. Koreakrigen kom samstundes med at Iran byrja nasjonaliseringa av oljen sin, og då det vart våpenkvile i juli 1953, var Kermit Roosewelt i gang med Iran-plottet sitt. Både Truman og Acheson hadde oppmoda Mossadeq til å gjere kompromiss med britane då han var i Washington i 1951. Dei sa han risikerte å reise tomhendt heim. «Skjønar de ikkje at dersom eg vender tomhendt heim, gjer eg det i ein mykje sterkare posisjon enn om eg kom med ein avtale eg måtte selje til fanatikarane mine?», var svaret. Kinzer skriv at Eisenhower først nølte med å intervenere i Iran, men Churchill mana fram den kommunistiske trusselen, og minte Eisenhower på at han skulda Storbritannia ei teneste for hjelpa i Koreakrigen. «Churchills dogmatiske overtydingar om Iran skulle få eit ekko eit halvt hundreår seinare, med Tony Blairs forvissingar om farane frå Irak», skriv Kinzer.

Sjølve kuppet vart planlagt av britisk etterretningsteneste, men med Storbritannia ute tok CIA over hovudrolla, og Kermit spela dei korta britane hadde gitt han på ein glimrande måte. Det var han overtydd om til han døydde i 2000. Men den mest talande episoden skildra i boka er når John Foster Dulles skal forklare Ike (Eisenhower) kvifor USA må intervenere i Iran. «Om dei ikkje gjorde det, ville det bli eit diktatur under Mossadeq. Så lenge han levde var det ingen fare, men om han skulle bli myrda eller fjerna frå makta, ville det oppstå eit politisk vakuum i Iran, og kommunistane ville lett kunne ta makta.» Mossadeq sjølv var altså ikkje problemet, men han måtte fjernast på grunn av kva som hende dersom kommunistar tok over etter han.

Sjahen sat på påfugltrona i 26 år. Men kven tok over? Khomeini, som også hadde vore i opposisjon til Mossadeq, sa det slik sjølv: «Kvifor snakke om sjahen og Mossadeq? Dei er alt ute av soga. Islam er alt som er att no.»

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |