Dag og Tid nr. 37, laurdag 13. september 2003

Leiar:
Drapet på Anna Lindh

Det er vanskeleg å seia kva drapet på Anna Lindh vil ha å seia for det svenske samfunnet. Etter Palmemordet var kurdarsporet langt framme i det folkelege medvitet. Påstanden om at nokon utanfrå hadde teke livet av han, vart ein del av mytologien. Mordet førte til at svenskane skjøna at det ikkje var like lett å halda oppe eit særeige, ope svensk sosialdemokratisk samfunn i ei stadig meir globalisert verd.

Det er ikkje lett å sjå politiske motiv for drapet på Lindh. Lindh var ikkje like kontroversiell som Palme. Sjølv om Lindh var frontfiguren for Ja-sida i Sverige, stod Palme i ein heilt anna strid, både nasjonalt og internasjonalt. Men dei to morda vil saman ha sterk innverknad på det svenske historiske medvitet. Om ein ikkje finn gjerningsmannen, kjem Sverige til å stå att med to store sår. Særleg dersom det vert grunn til å klandra politiet for feil. Då kjem det svenske statsapparatet, som har vore sett på som kompetent, til å få eit nytt stort tilbakeslag.

Sverige er og vil gjerne vera eit ope samfunn. Det er også den viktigaste forklaringa på at Anna Lindh ikkje hadde med seg livvakt då ho var ute med ei veninne på eit varehus då det fatale skjedde. Det er berre statsministeren som fast har med seg livvakt. På dette området førte ikkje Palme-mordet til store
endringar.

Noreg har ikkje hatt denne typen politiske attentat. I det heile har det vore lite politisk vald i dei nordiske landa. Mest sannsynleg er drapet på Lindh utført av ein sinnsforstyrra person. Difor må ein vera varsam med å skremme med at det opne demokratiske samfunnet vårt er truga etter det tragiske drapet på Anna Lindh.

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |