Dag og Tid nr. 37, laurdag 13. september 2003
Klok på bok 631:
Russeromanse
Oppgåva som eg skal avsløre løysinga på denne veka, var for vanskeleg. Det vil seie: Eg var for gjerrig med opplysningar som kunne ha sett dykk på sporet. Men somme sluttar aldri å overraske. Det er som om dei tuskar til seg rett svar uansett om føresetnadene knapt heng på greip:
«Du skjønne det, Paula, det e itj så læng sea æ læst ei anmeijllels tå a Anne Katrine Straume, om ei bok kor hovedpersonan hette Sara og August. No da æ såg oppgaven så raijnns det fer mæ at æ ha sett di der navna før, æ satt læng å tenkt mæ om før å huska på at det va da boka heijnnes Katarina Danielsson: Livet vinker (som en Kurt). Stakkars Kurt, litjgutten som va oppkaijlla ætten Kurt Cobain. Boka sto fremst i hyijlla på Øksendals Bokhandel så deijnn va lett å fijnn», skriv han Kaare Stegavik Trondheim. Gratulerer! Håper Dag og Tid har ein premie å sende deg som er ulik alle dei andre du har i klokpåbokpremiehylla di!
Grunnen til at eg valde denne boka av den svenske debutanten Katarina Danielsson (fødd i 1975), var at boka stod vend mot meg i ei hylle på biblioteket. Boka handlar om ni år gamle Kurt som funderer mykje på dette livet. Kan det til dømes vere meininga at han skulle døypast etter Kurt Cobain, ein dopa rockemusikar, eller var det berre eit mistak frå mora, som ikkje kunne skilje Cobain frå Jesus? I den same byen går elektrikaren August og grublar. Han vil så gjerne at tilværet skal vere enkelt. Det gjer vel ikkje noko om ein er litt keisam berre bilen går, hjartet slår og barnebarna kjem til jorda vakre og friske? Katarina Danielsson debuterer med ei sjarmerande, vemodig og underfundig forteljing om vanlege menneske og uvanlege møte, om kjærleik og venskap og det viktige ved å søkje sin eigen melodi, skriv forlaget Wahlström & Widstrand.
Ho Ellen Pauline Borch Veum i Gaupne trudde at ho visste svaret: «Hei, Boka er Sankthansvals av Viveca Lärn. Ei bok med mange spesielle karakterar. Nokre av personane skal kome til å te seg litt annleis enn det vi kanskje skulle vente. I det stille øysamfunnet Saltø skjer det til vanleg ingenting, i alle fall ikkje på overflata. PS: Eg har fått gåver og helsingar frå folk som eg ikkje har sett på snart tjue år og meir, fordi du har annonsert giftarmålet mitt i Klok på bok. Eg vonar du ikkje tek prosentar.»
Han Nils-Aksel Danbolt Mjøs held koken p.t. Longyearbyen. Takk for alle dei fine korta du har sendt meg, Nils-Aksel! Det har mangla med respons frå mi side, fordi du har tippa i hytt og vêr og eg har hatt så mange rette svar å sitere frå. Han Nils-Aksel opplyser at Svalbard bibliotek har Dag og Tid i hylla. Kjekt for dei det! (Dei i bladstova, altså!)
Ho Ingrid i Gaupne har du flytta dit for godt, Ingrid? Eg trudde du var der på ein lang sommarferie eller noko slikt. Du har vel alder gifta deg du òg? skriv slik: «Kjære Paula på posta. I staden for å sende deg vituge ord og riktig svar sit eg og les Gratulerer med dagen i 10 år med Klok på bok, Dag og Tid nr. 3, årgang 40. Her står Gunder Runde, Ulsteinvik, oppført med 200 svar. No skriv me nr. 35, årgang 42, og Gunder Runde er stadig med. Han oppfordrar oss alle: Les, les, les!. Det er akkurat det eg gjer, men kjem ikkje fram til rette svar. Bibliotekaren fekk meg til å dra til Sogndal for å finne rett svar: Viveca Lärn, Sankthansvals. Men det var feil. Når ikkje å lese Henning Mankell Vindens sønn om det er rette svar», helsar ho Ingrid.
Nei, der ser du, Ingrid. Bibliotekarar er vanlege folk som ikkje er feilfrie dei heller. Men takk for at dei er til, og for at biblioteka framleis er så utbreidde som dei er. For ein ressurs! Det er meir enn ein kan seie om han Peder. Eg hadde så smått byrja å vente på at han skulle stå utanfor vindauget og plystre no som motorsykkelkøyringa byrjar å bli i kaldaste laget for vitale kroppsdelar, men eg har ikkje sett snurten av han. Hausten er for fin. Men det er for så vidt bra, at hausten er fin, altså. Eg hugsar ikkje korleis det var i fjor haust. Eg blir stadig like overraska over folk som seier at «Nei, i fjor då regna det heile oktober», eller «Nei, for to år sidan var det då snøfritt heilt fram til julaftan». Slikt orkar eg ikkje å ha i hovudet. Då fyller eg heller plassen med eit lite glas portvin, les vakre dikt og noveller.
Klok på bok 631
Folk talte om at det var dukket opp et nytt ansikt på strandpromenaden: en dame med en liten hund. Dmitrij Dmitrisj Gurov, som alt hadde tilbragt to uker i Jalta og var blitt hjemmevant der, begynte også å interessere seg for nye ansikter. Fra sin plass på Vernets balkong så han en ung dame komme spaserende forbi på promenaden, ikke særlig høy, blond, med alpelue; bak henne sprang en liten hvit spisshund.
Slik opnar ei vidgjeten novelle, som eg altså reknar med er blåbær for dei ihuga lesehestane i denne spalta. Eg nemner likevel at opphavsmannen er ein vidgjeten russar fødd på 1800-talet. Boka som eg lånte på biblioteket, rommar berre denne novella, og er så lita at ho rommar i dei minste dameveskene. Det var viktig for meg denne veka, sidan eg skulle ta bussen til byen for å fråtse i kulturelle serveringsstader. Kva er namnet på den russiske forfattaren? Svar supre superlativ til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks dei til 22 41 42 10 før fredag 19. september 2003
Paula på posta
|