Dag og Tid nr. 37, laurdag 13. september 2003
Film:
Loven nord for sirkelen
Midt i den store norske filmboomen kjem det ein saftig samisk roadmovie frå den heilt grenselause nordkalotten.
Bázo
Regi: Lars Göran Petterson
Noreg
«Nasjonaliteten» er norsk, språket er for det meste samisk, regissøren er svensk, mens skodespelarane er frå både den finske, svenske og norske nordkalotten vi kallar Sameland, ein stad der dei gamle nasjonale grensene berre er kunstige. På vegen kryssar vi nokre tollstasjonar, men kva «land» vi er på veg ut eller inn i, kan vere det same. Det vi ser, er at det er stort og vidt, og dei lange, bølgjande vegane over viddene er verknadsfullt filmfotografisk utnytta mens vi forflyttar oss med bil, traktor eller annan doning. På same måte som Veiviseren spelar filmen på westernmytane, men her er knapt ein joik, slett ingen lavvo, ei og anna samedrakt, men ingen sjaman med kontakt til åndene. Å sjå til er det ein bygde-action av det saftige slaget, men når regissøren seier til ei avis at han skjønar finnmarkingar som blir forbanna over korleis dei er framstilt, tykkjer eg
han kan ta det med ro. Ikkje på noko tidspunkt appellerer han til urbane fordommar, han overspelar ikkje mytane. Men som eit actiondrama med berre samiske aktørar er filmen overlegen, og med ein helt utan sidestykke.
Tusseladden
Hovudaktøren Emil er spela av Sverre Porsanger, tidlegare kjend frå filmen Detektor, i gamle dagar som sameguten Ante i norsk syttitalsfjernsyn. Han er perfekt i rolla som den storvaksne guten alle ser på som ein tusseladd («bázo»), men som skal framstå som filmens mannfolk, kva tyding du måtte leggje i ordet. Saman med far bur han på ein utmarksgard som får broren Kenneth (Göran Forsmark) på besøk, ein storkjefta fyr med pengar, kvinnfolk, Mercedes og gravemaskin som han ein stad driv business med. Ein dag kjem bodskapen om at han er død, omkomen i ei ulukke med maskina si. Att sit faren og Emil med eit gevær og det dei trudde var ein bil, ei gravemaskin og pengar. Etter kvart også med den trulause Susanna (Anitta Suikkari), som med eller mot sin vilje er involvert i eit plott for å lure familien for heile arven. Her dukkar også nestor i samisk film og teater, Nils Utsi, opp som ein
fiksar i tvilsamt ærend. Men soga toppar seg i sameguten Kevin, ein liten tass av ein laus avleggjar frå broren, oppvaksen hos fosterforeldre, no overlevert til onkel Emil, og gnistrande godt spela av åtteåringen Issat Joakim Gaup frå Kautokeino. Gnistrande i sitt mutte, underfundige «underspel» av ein unge som skal vise seg situasjonen meir vaksen enn dei fleste. Verre er det med den trulause Susanna, men er ho ikkje god på botnen? Bázo er også ein kjærleiksfilm.
Emil på tokt
Uansett bestemmer vår mann seg for å ta saka i eigne hender. For ikkje skal vel alt ukrutet som vil svindle til seg brorens bu og bering, sleppe unna så lett. Utan frykt involverer han seg i odde slagsmål med odde utfall, reiser seg og tørkar blodet, og går på med ny frisk mens han pønskar ut stadig sleipare åtgjerder mot krapyla, alt mens vi kryssar den svimlande nordkalotten på tvers av dei totalt imaginære grensene, med Susanna og vesleguten som resten av eit berande trekløver. Kva stad vi er på vegen, har mindre å seie enn kvifor, og i store og små roller er filmen befolka med heilt overlegne typar. Europeiske idiot-turistar i Sameland blir latterleggjorde i ei einaste lita scene. Og nesten genial er den nesten umerkelege personlegdomsforvandlinga til vår mutte helt, som likevel demonstrerer at på bygdene får du lære deg å ha eit praktisk handlag med ting som med enkle,
men tvers gjennom vitskaplege verkemiddel set deg i stand til å få det til smelle, når det trengst. Slutten er ganske enkelt praktfull, i ein film av verdsklasse nord for polarsirkelen.
Roald Helgheim
|