Dag og Tid nr. 37, laurdag 13. september 2003

Bøker:
Levande levd liv

Levi Henriksens andre bok er omtrent som hans første. Folka hans er oftare knullesjuke enn fyllesjuke. Men ingen av dei drikk champagne og barberer pungen sin, skriv Atle Christiansen.


Levi Henriksen:
Ned ned ned
Gyldendal norsk forlag


Etter debuten i fjor er Levi Henriksen nå ute med ei ny samling med forteljingar. Til liks med ein klassikar som Sherwood Anderson, har Levi Henriksen skapt seg sitt eige Winesburg, Ohio. Alle forteljingane til Henriksen går føre seg i traktene omkring Skogli, Flyktningsjøen, Baklengselva og pinsemenigheten Eben Ezer i nærleiken av Kongsvinger. Mange av personane i det frodige persongalleriet går att i fleire av forteljingane.


Henriksen kallar tekstane sine forteljingar heller enn noveller, og eg innbiller meg at det har noe med ambisjonane hans å gjere. Henriksen skriv ikkje formfullendte noveller som skal leve i hundre år. Han skriv levande forteljingar om levande levd liv frå vår eiga tid. Dermed kan han sjølvsagt kome til å overleve lenger enn han trur. For Henriksen har eit enkelt skriveprogram. Han skriv forteljingar frå eit miljø han verkar å kjenne, og han prøver å skildre det så sant og så godt han kan. Forteljingane hans skildrar Noreg nå. Frå byen kan nok det han skriv om sjå ut til å vere frå Utkant-Noreg, men det er ikkje Oslo han skriv frå. Den geografiske og mentale plassen han skriv frå er Midt-Noreg.

Levi Henriksen skriv om ordentlege folk med vanlege draumar. Knapt noen av personane hans øydslar bort ein einaste tanke på TV og aviser. Folka i desse forteljingane har nok med sine eigne liv, og dei lever i draumen om ekteskap og indre fred. Det er rein og traust realisme vi har med å gjere, noen vil kalle det svart eller skitten realisme. Her finn du ingen folk som uroar seg over danningsnivået i det offentlege rommet, ingen som et seg feit på kaviar og ingen som ikkje får til å dikte. Langt på veg kan vi sjå desse forteljingane som eit lite opprør mot ein fin og veletablert litteratur som skriv om vellykka heltar og problemet med kunsten på ein distansert og reflektert måte. Henriksen hadde eit innlegg mot Kjærstad i Aftenposten i sommar. Der skreiv Henriksen harselerande at han har skjønt at det er viktig å kunne skrive tekstar om tekstar. Sjølv vil han i staden at det skjer noe i litteraturen, at folka i litteraturen går ut av romma sine og ut i verda og møter andre. Det er det programmet Henriksen følgjer i sine eigne tekstar (jamvel om hovudpersonen i den første forteljinga hans har barrikadert seg i heimen sin og nektar å opne når gamlekjærasten kjem på døra).


Henriksen skriv ikkje om resignerte professorar eller kunstnarar. Henriksen stablar tvert imot eit frodig person-galleri på beina. Dette gir han kroppar å byggje historiene sine opp omkring. Skrot-Willy, søstrene Bergkvist og Helga-for-alle er ikkje akkurat personar som har fått noen djup og særeigen karakter, men dei er typar som fungerer godt i dei forteljingane der dei opptrer. Alle forteljingane er eg-forteljingar, og eg-forteljaren er sjølv deltakar i forteljinga, og det kan vel også ha sitt å seie for at noen personar er teikna meir som typar enn som karakterar hos Henriksen. Personane hans er elles både fyllesjuke og knullesjuke, og absolutt mest det siste, kanskje. Men dei drikk ikkje champagne og dei barberer ikkje pungen. Dette er vanlege folk som stort sett drøymer vanlege draumar om eit godt liv. Dette frodige persongalleriet med sine forhåpningar til eit godt liv er eit sympatisk folk. Dei er jævlige nok mot einannan, men det er ein slags logikk i djevelskapen. Men bare ein slags.


Ned ned ned
byr på tretten truverdige, artige, erotiske, triste og moralsk anstendige forteljingar. Både personar og konfliktar er til å tru på, og hans skildringar av einsame menn og vanskelege parforhold kunne bare ha vore skrivne nå, innbiller eg meg, og neppe for hundre år sidan. Dette er samtidslitteratur, og det vil som kjent seie at litteraturen ikkje er tidlaus men tidbunden. Samtidsperspektivet styrkjer desse forteljingane og gjer dei interessante ut over det at dei er litteratur, dei er samtidstolkingar. Dei gjer seg ikkje til som fortolkingar av alt liv til alle tider, men presenterer vår tid med blikk for det som nå er med på å bestemme oss som dame og mann. Å skrive om parforhold er neppe ein dum innfallsvinkel til å seie noe sant og spennande om samtida. På ein heilt annan måte enn Henriksen har også Kjell Askildsen prøvt å seie noe om vår tid ved nitide (stil)studiar av ekteskapet. Særpreget med Henriksens forteljingar er at dei er skrivne rett fram og ikkje inneheld fiksfakseri som vender merksemda bort frå det som skjer, jamvel om prat og digresjonar kan førekome. Slikt prat ville vi aldri finne hos ein ordfattig og nøktern novellist, men Henriksen er ikkje ein nøktern novellist. Han er ein frodig forteljar. Dessutan er noen av forteljarane hans rett og slett nokså pratesjuke. Dei vil forklare seg. Dei lever i ein konflikt eller ei spenning dei gjerne vil fortelje om, og dei vil gjerne pludre om kvardagen sin, dvele ved ho som gjekk og undre seg generelt over livet og alt det byr på, til dømes «(...) foreldre som later som det er helt naturlig å sette bort unga sine hver morra. Faktisk misunner jeg dem som klarer å leve slik som norsklærere, som bare stryker over alt de syns er feil».

Det eg synest er heilt rett med forteljingane til Henriksen, er at dei ikkje bare er reine og effektive, men også inneheld pludder. Viss eg skulle peike på feil eg ville ha stroke ut, må eg seie at boktittelen Ned ned ned er altfor undergangsromantisk, og dessutan utruverdig, og frykteleg patetisk, i begge tydingar av «patetisk». I det heile tatt er tendensen til dyrking av fall og tap med påfølgjande hang til sentimentalitet og tristesse ikkje det mest elegante trekket ved denne boka. Tittelen kler forresten ikkje personane hans heller. Jamvel om dei ligg nede, er det ikkje det dei drøymer om. Eg synest Henriksen fortel mest innhaldsrikt og mest moralsk anstendig når han skildrar livsskeive fyrar som vil det beste med seg sjølv og omgivnadene, og det gjer han som regel.

Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |