Dag og Tid nr 36, laurdag 6. september 2003
Film:
På kanten av verda
Lars von Trier gir ikkje ved dørene. I Dogville er dørene usynlege, men det er berre å sjå til.
FILM
Dogville
Regi: Lars von Trier
Danmark
Dogville er ein stad på kanten av verda, i filmen lagd til kanten av Rocky Mountains, med berre ein veg ut. I røynda er vi i eit studio der gata, husa og hagane til landsbybuarane er markerte med strekar, der folk læst som dei opnar usynlege dører. I byrjinga blir ein forvirra, men det går ikkje lenge før alt fortonar seg som den naturlegaste ting i verda på denne Brecht-inspirerte teaterscena, mens John Hurts ru forteljarstemme leier oss gjennom den elleve kapittel lange soga med prolog. På denne gudsforlatne plassen er det språket og ei bok einkvan les om Tom Sawyer som minner oss at vi er i Guds eige land ein gong under depresjonen. Men om det kan vere noko fortryllande mark twainsk over starten, endar soga opp som noko ganske anna, men like amerikansk. Von Trier ville ikkje vere von Trier om han ikkje gav deg att med renter opp i halsen.
Då Trier slutta den førre trilogien med Dancer In The Dark (etter Breaking The Waves og Idiotene), fekk han amerikansk mediekritikk i Cannes for å leggje filmen til eit USA han aldri hadde sett sine bein i. Han repliserte at Hollywood laga Casablanca utan å ha sett foten på afrikansk jord, og med Dogville som opnar ein ny Trier-trilogi legg han ei ny forteljing til landet han ikkje har sett. Byen ligg på kanten av sivilisasjonen, der Tom Edison (Paul Bettany) er ein forfattarspire som mens han ventar på den store inspirasjonen har oppkasta seg til ein slags åndeleg leiar. Der Stellan Skarsgård, Harriet Andersson og Lauren Bacall toppar eit utsøkt ensemble der vi blant mange kjenner legendariske filmfjes som Ben Gazarra i rolla som den blinde McCay.
Hit kjem ein dag lagnaden, i hamen til Grace (Nicole Kidman). Nokon har høyrt skot i det fjerne, og eit gangsterbesøk rett etterpå lèt oss forstå at Nicole er på rømmen. Takk vere Toms overtydande evner får ho etter avstemming lov å slå seg ned. Landsbyen som ikkje hadde arbeid til nokon, viser seg å ha nok å ta hendene i, og Grace vinn hjarta til folk, til og med den bitre Chuck (Stellan Skarsgård).
Men best som vi er på det lune humrestadiet, byrjar ting å skje. Plakatar som etterlyser Grace, kjem opp, og om ingen er i nærleiken av tanken om å tyste, tykkjer dei det er rimeleg med litt ekstra innsats frå den framande for påkjenninga. Menneska er ikkje meir enn menneske, og det kan vere ille nok.
Det er ein klisjé, men med sitt enkle scenegrep skjer Trier inn til beinet i dramaet. Han har oppgitt Brecht-songen «Pirate Jenny» i Tolvskillingsoperaen som inspirasjonskjelde i filmen. Og fotografi av fattigdommen under trettitals-depresjonen i USA gav han idear. Og her, på det enkle platået, må ein makteslaus Tom ofre Grace til eit samfunn i moralsk forfall. Det er farleg å leggje lagnaden i andre sine hender.
Meir går det ikkje an å røpe, men når Coppola-Gudfarens son James Caan atter spelar gangster, hugsar vi sluttscena hans. Det er blodig, og det er amerikansk. Om von Trier er det sagt at enten elskar du han, eller du hatar han. Menneskets forfall er motbydeleg, og få kan vise det betre enn han. Det er berre å gjere seg klar til oppfølgjaren, som alt har fått namnet Manderlay.
Roald Helgheim
|