Dag og Tid nr 35, laurdag 30. august 2003


Roald Helgheim:
Ein hauk blant sporvar
Samstundes med at den nykonservative amerikanske bibelen – Of Paradise and Power av Robert Kagan – kjem på norsk, er oppslaget i magasinet Time at USA har forskreva seg. Det må vere det beste folkelege uttrykket ein kan omsetje tittelspørsmålet Is America Stretched Too Thin? med. Oppslaget er illustrert med ein amerikansk soldat som held på å bli rulla flat av den jordkloden Washington trudde dei kunne skalte og valte med som dei ville, mens han febrilsk strekkjer seg etter geværet på bakken. USA ville rulle over verda, men verda rullar attende! Blar vi vidare finn vi superhauken blant amerikanske aviskommentatorar, Charles Krauthammer, under tittelen Help Wanted. Mannen som før Irak-krigen oppmoda Bush om å gi blanke i det trege FN og det dumme Europa og berre go, skriv no om «kvifor Amerika treng å lene seg hardt på sine allierte for at dei skal gje ei hjelpande hand i Irak». «Om verda ønskjer USA til å spele Gud, særleg på gudsforlatne stader, er det best at ho hjelper til», skriv han. «Amerika kan ikkje gjete kvar sporv i skogen. Ikkje ein gong Gud gjer det.»

Dei bibellærde vil vite at sporvmetaforen kjem frå Matteus-evangeliet, der Jesus i det tiande kapitlet sender apostlane ut i verda med formaningar om ikkje å reddast nokon: «Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Og ikkje ein av dei fell ned til jorda utan at Far dykkar vil. Ja, kvart hår på hovudet dykkar er talde. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar!» Time på si side oppsummerer stoda etter attentatet mot FN-ambassade i Bagdad slik: «Eit Irak der sivile tenestemenn blir drepne og hjelpearbeidarane må ha væpna vakter, er ingen suksess.»

Altså snakkar vi om ei ny politisk hengemyr, eit halvår etter at tonen til Krauthammer var denne: «Amerika er ingen vanleg internasjonal borgar. Det er den dominerande makta i verda, meir dominerande enn sidan Romarriket. Amerika er difor i stand til å omskrive normer, forandre forventningar og skape nye realitetar. Korleis? Ved heile tida å demonstrere vilje, utan å orsake seg.»

Denne supermachiavelliske doktrinen er utan tvil herskande i Det kvite huset, men han har meir intelligente forsvararar enn den brautande Krauthammer. Dei beste er gamle radikalarar og liberalarar som har gjort seg til intellektuelle alibi for den nykonservative lobbyen. Ein av dei er Paul Berman som i boka Terror and Liberalism skriv at å slåst mot Saddam er å likne med Lincolns frigjering av dei amerikanske slavane. Abraham Lincoln var også ein talsmann for å frigjere verda, skriv Berman, som meiner europearane ikkje forstår dette. «Dei kan ganske enkelt ikkje førestelle seg korleis bruk av makt kan føre til politiske revolusjonar i fjerne verdshjørne.» New York Times-meldaren likte ikkje biletet med Lincoln og slavane, og dei gamle europeiske kolonimaktene var vel heller ikkje bleikingar i å leggje under seg fjerne himmelstrok?

Det er her Robert Kagan kjem den intellektuelle til hjelp. I boka som på norsk heiter Makten og paradiset, med undertittel «Amerika og Europa i den nye verdensorden», leverer han den ideologiske overbygninga for det han meiner har vore den politiske kontinuiteten i både amerikansk og europeisk politikk. «Man må slutte å forestille seg at europeere og amerikanere deler den samme verdensanskuelsen, eller at de overhodet lever i den samme verden.» Dette er opningsorda i boka som for lengst har blitt samanlikna både med Huntingtons Clash of Civilazations og Francis Fukyamas End of History.

Heilt sidan Washingtons og Thomas Jeffersons dagar har dei ulike rollene til USA og Europa nærmast vore ein lagnad: Den som har makt, må bruke ho til å skape fred på sin måte. Dei som ikkje har, må streve med vanlege, fredelege midlar. Når Dei sameinte statane i byrjinga var veike og truga, «kunne de spille etter europeiske regler». Dei kunne fredsspråket, mens europearane var kolonisatorar, men det var mens Amerika venta på å få makt til noko større. To hundre år seinare er rollene bytta om. To verdskrigar ruinerte kolonimaktene i Europa, så dei måtte dra seg ut. Det skin tydeleg mellom linene til Kagan at slik ettergjeving hadde eit sterkt Nord-Amerika aldri funne på. Men det var altså USA som måtte ta over den rolla ho var lagnadsbestemt til å få, og alle veit at det er i ly av den amerikanske maktbrynden at Europa kan spela rolla som fredens apostlar.

Kagan ironiserer ikkje. Når Europa har gitt seg over til «et postmoderne paradis av fred og velstand», er det som det skal vere. Den kjende statsvitaren har sjølv budd i Europa, han er velkjend i europeisk historie, han er ein stor beundrar av prosjektet EU. Han analyserer kunnskapsrikt svingingane i europeisk politikk, og han er ein meister i å passe alt inn i sitt politiske kram. Heilt sidan Dean Achesons dagar (han vart utanriksminister i 1949) har USA i all sin strategiske og økonomiske «sjenerøsitet» alltid sett amerikanske interesser først. 11. september tilførde ikkje dette perspektivet noko fundamentalt nytt, like lite som det amerikanske strategidokumentet det resulterte i. «USA er et monstrum med samvittighet».

Kagan har skrive ei forførande bok, som ein kunne vente av ein omvend, lærd nykonservativ med god fortid. I boka Ett imperium föds? viser den svenske journalisten Peter Lodenius at mange av dei som sit i Bushs nykonservative lobby, var politiske trotskistar i ungdommen. Alle har dei no gjort sitt til at USA ei tid segla i ein ny medvind. Heilt til det kom ein dag då til og med sporvane i verda vart for mange, for det utvalde landet.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |