Dag og Tid nr 35, laurdag 30. august 2003


Klok på bok 629:
Sin eigen melodi
Denne veka har eg fått eit brev ifrå Tartu i Estland: «Hei Paula, dette er Einar Már Gu?mundsson med dei første linene frå romanen ‘Englar alheimsins’. I norsk omsetjing går ho vel for ‘Universets engler’. Det er ei fantastisk bok som handlar ‘um ævi og endalok manns som lendir í hremmingum ge?veikinnar’. Boka er filmatisert, og dessutan kom boka i 1995 – same året som Gu?mundsson fekk litteraturprisen – ut som lydbok, lesen av forfattaren. Den har eg nytta for å lære meg islandsk uttale. Då blir det gjerne til at ein høyrer byrjinga mange gonger, så det same sitatet i opphavleg språkdrakt sit som spikra utaboks: ‘Efter a? ég var kominn inn á Klepp, ge?spítalann sem stendur einsog risastór höll vi? hafi?, minntist ég pess pegar ég var lítill drengur og stó? einn regngráan pokudag á holóttri götunni og horf?i á húsin og pollana.’», skriv han Øyvind Rangøy.

Eg er uviss på om Dag og Tid klarer å gje att alle dei islandske bokstavane på rett vis. Viss det blir feil, er det i alle fall ikkje han Øyvind Rangøy som er uklok. Du får premien, Øyvind, gratulerer!

«Hei Paula! Eg har nett kommi inn gjennom døra heime etter å ha vori på Island i ei veke. Og så sjekka eg straks Kpb, for fristen for innsending er jo i dag. Og så er sanneleg forfattaren du spør etter ein islending, ja, til og med ein som eg trefte så seint som for to dagar sidan i heimen hans: Einar Már Gu?mundsson. (...) Eg snakka forresten med den danske forfattaren Johannes Møllehave ein kveld i Reykjavík, og han sa han var fullstendig overtydd om at Einar Már kjem til å få Nobel-prisen i litteratur. Spørsmålet er berre når han får han
», skriv han Lars Moa i Stjørdal.

«Kjære vene Paula, jeg tenkte ihvertfall ikke på griser da jeg ønsket deg velkommen tilbake i bingen, det var vel heller tralten eller noe sånt. Nå gjetter jeg, men er rimelig sikker på at dette er ‘Universets engler’av Einar Mar Gu?mundsson. Den kom også på norsk i 1993, og jeg tror det var denne romanen han fikk Nordisk råds litteraturpris for. Tilfeldighetene vil at jeg reiser til Island om et par dager. Ikke til Kleppur, riktignok, bare til familie i Reykjavík
», skriv ho Tove Thorp i Oslo.

Ho Tone Magnussen i Bodø svarar aldeles rett og legg til: «På mi utgåve er bokmeldinga frå danske Politiken sitert: ‘Denne islandske prisromanen er bedre enn ‘Gjøkeredet’! En moden kunstners mesterverk.’»

«Heh, Potty Paula, du lurer ikke meg! Denne boken er nemlig fra Island, der Universets engler flyr over gjøkeredet Kleppur, klør seg manisk og karakteristisk (galematiaskløe) bak ørene og har et rikt indre liv. Boken er skrevet av Einar Már Gu?mundsson, og kom ut i 1993. I 1995 ble den priset av Nordisk råd. Fridrik Thor Fridriksson har laget film av den, med stort hell
», skriv ho Hilde Matre Larsen frå Oslo.

Han Stein Erik Finne og han Olav Molven i Bergen var båe kloke – kvar for seg. Det var ho Ellen Pauline Borch Veum i Gaupne òg som tilrår boka for nye lesarar og stadfestar at ho har gifta seg til eit ekstra etternamn.

Over til byen: «Island nesten fløymer over av interessante forfattarar. Arven etter Laxness skulle kanskje vere tung å bere – det ser ikkje slik ut! Nokre av dei slit kanskje med å frigjere seg – andre greier det utan vanskar. Dei er eit frodig folkeferd, desse frendane våre ute i vest. Ein av dei – kanskje den viktigaste – er Einar Már Gu?mundsson (ver så snill å setje inn den islandske stungne d-en på rett plass!), som eg for min del først vart kjend med (og OVERbegeistra for) då eg las ‘Vingeslag i takrenna’. Alvorlegare i tonen, men ikkje mindre frodig for det, er ‘Englar alheimsins’, som kom på islandsk i 1993 (samtidig med den svenske, desse svenskane skal alltid vere først ute!), og på norsk i 1995, same året som han fekk Nordisk råds litteraturpris for nettopp denne boka. Ein fantastisk flott roman, som gir eit alternativt perspektiv på såkalla ‘galskap’. Les, les, les!» Det er han Gunder Runde som avsluttar med denne sterke oppmodinga.

Eg har høyrt at då Einar Már skulle få ein pris for boka, presterte prisutdelaren å kalle boka Universitetets engler. Om soga er sann, kunne det ikkje ha vore heime på Island at fadesen hende.



Klok på bok 629

August elsker sin Sara. Det har han bedyret i snart tretti år. Kanskje sier han det ikke fullt så ofte som før, og kanskje glir det av og til ut mest av gammel vane. Men han vet at det i bunn og grunn er sant.

– Åh, Guuud, lo Sara første gang hun fikk høre kjærlighetserklæringen hans. Da var hun nitten år, med klokkeformet kjole og hestehale. August hadde fått noe grums i halsen da hun kastet på håret og smilte til kioskeieren som nettopp hadde solgt henne en pinneis.

– Ikke gjør deg til, hadde hun tilføyd, og kysset ham på kinnet.


Eg held meg i eit naboland. Lit blindt på det som omslagsteksten fortel, at forfattaren har røter frå det same landet som han Einar Már, er journalist og debuterte med denne boka i 2001. Boka handlar «om vennskap, lengsel og varme kanelboller, men kanskje aller mest om viktigheten av å søke sin egen melodi».

Eg har ikkje høyrt så mykje som ein ulyd frå han Peder på lenge. Trøysta får vere at så lenge det er stilt, syng han iallfall ikkje på siste verset. Vetuge ord kan sendast Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 5. september.
Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |