Dag og Tid nr 35, laurdag 30. august 2003
Bøker:
Ein får lyst til å bestille billett...
Eg har ikkje lese alt Tove Nilsen har skrive, men i sommar har eg lese Kreta-døgn, og med begeistring vil eg gjerne seie noko om denne boka som skil seg ut i forfattarskapen og kanskje vil sette ein ny standard for den norske reiseromanen.
REISEROMAN
Tove Nilsen:
Kreta-døgn
Oktober
Skjønt reiseroman, før blei det kalt reiseskildring, og det finst mange slike, men den personlege reiseromanen er ikkje spesielt dyrka i norsk litteratur. Interrailroman er eit omgrep, også backpack-roman der forfattaren skriv om eller omskriv ei reise han/ho har gjort og gir det heile ei litterær form, men den personlege reiseromanen der forfattaren gestaltar seg sjølv i teksten, ser ein ikkje så ofte her til lands.
Blandinga
Sjangerblanding er stikkordet for denne type skrift, litteratur og filosofi, fakta og fiksjon flyt om kvarandre, det kåserande og essayistiske blir viktige stilgrep, krydra med anekdotar og lett komiske episodar, samtidig som teksten er strengt strukturert rundt personar og stader. Alt dette fungerer perfekt hos Tove Nilsen, ho veit kva ho gjer når ho set seg som mål å skrive ei «utendørsbok» om Kreta som fascinasjon og reisemål gjennom meir enn halve livet så langt. Og ho har bagasjen i orden; Göran Tunstrøms bok om India er med, Carsten Jensen er med, også Elias Canettis klassikar Stemmene fra Marrakesch, men ingen av V. S. Naipauls mange reiser. Saman med sine litterære heltar har ho også med ektemannen T., og forholdet mellom ektefellane blir ein berebjelke i romanen.
Men Tove og T. er ikkje aleine, dei trekker seg ikkje tilbake og driv med sitt på rommet slik eit svensk par driv på heile tida, nei, dei møter kjente og kjem i kontakt med dei fastbuande, reiser litt rundt, snakkar med folk og deltar meir og mindre i deira liv på staden.
Slik blir lesaren kjent med tavernaeigaren som har hatt sin opptur og no nærmar seg konkursen fordi han ikkje greier å tilpasse seg dei nye marknadskreftene innafor turistbransjen, presentert med varme og humor slik også vertskapet blir det. Vi blir gjort kjent med familiære forhold, tragiske hendingar, døden som følgjer som ein skugge, men først og fremst er det det lyset og livskrafta som ber historiene fram, også dei personlege refleksjonane rundt eigen familie, eigne barn, eige liv som mor og forfattar.
Opne sansar
Tove Nilsen dreg fram det typiske ved staden, det typisk greske i mentalitet og livsstil, dette ein kjenner igjen etter å ha vore i Hellas, nødvendigvis ikkje på Kreta. Kattane og Hundene i Tessaloniki (Kjell Askildsen) til dømes, eller «Hanane på Kreta» (Arnljot Eggen). Ein kjenner igjen lyden frå mopedane, trafik-kulturen, tavernalivet, dette som gir liv og farge til eit lokalsamfunn, men som truleg ville gått ein på nervane etter ei tid. Tove Nilsens sansingar og observasjonar imponerer, ho har eit skarpt blikk som ho bruker både kritisk og kjærleg, ho er glad i staden og folka der, ho liker ikkje masseturismen, flatfylla, arrogansen hos somme turistar, og ho utleverer slike ting med infam humor.
Tove Nilsen kallar boka ei «utendørsbok», eit omgrep ho har lånt hos Göran Tunstrøm. Nei da, ho stenger seg ikkje inne, ho er utandørs til alle døgnets tider under det ni dagar lange opphaldet, ute blant folk eller ute aleine med sine tankar og sansingar. Og det er ei open bok, heilt utan dramatikk, men lettlesen og velskriven, velkomponert, skriven med overskot og ei glede som smittar over på lesaren, under lesinga får ein lyst til å bestille billett. Og det er vel ein god attest?
Oddmund Hagen
|