Dag og Tid nr 35, laurdag 30. august 2003


Politikk:
Makt, marknad og mistillit
Dei folkevalde har fått mindre makt. Men i svært mange tilfelle var det makt til å gjere ting som var til liten nytte, meiner Kåre Willoch.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Det norske folkestyret er i ferd med å forvitre, konkluderte
Maktutgreiinga i sluttrapporten sin. Det uttrykket er i sterkaste laget, meiner tidlegare statsminister Kåre Willoch.

– Uttrykket forvitring kan lett gje eit noko overdrive inntrykk. Men at folkestyret er noko svekt, er eg samd i.

– På kva område er det svekt, meiner du?

– Det kommunale sjølvstyret er alvorleg undergrave av Stortinget. Da siktar eg først og fremst til Stortinget sin hang til å lage forskrifter som avgrensar handlefridommen til lokale organ.

– Og dermed fell òg interessa for lokalpolitikken blant folk flest?

– Ein må rekne med det. Her har Stortinget vore ute av stand til å opptre konsekvent, for det er brei semje om at det lokale sjølvstyret er viktig. Men kvar gong det kjem opp ei vanskeleg sak i kommunane, svarer Stortinget med detaljstyring og øyremerkte midlar.

– Men rikspolitikarane har òg mista makt, hevdar Maktutgreiinga. Hadde dei ikkje meir makt da du kom inn i politikken?

– Svaret er nok ja. Men i svært mange tilfelle var det makt til å gjere ting som var til liten nytte.

– Kva meiner du?

– Det kunne til dømes vere makt til å gripe inn i næringslivet, noko som ofte verka mot føremålet sitt. Staten hadde òg som oppgåve å styre med språkutviklinga, til ein oppdaga at politikarane ikkje var kompetente til å gjere det.

– Internasjonale avtalar har òg redusert makta til dei folkevalde, heiter det i Maktutgreiinga.

– Ja. Men ei rekkje oppgåver lèt seg ikkje løyse på nasjonalt plan, og krev overføring av rådvelde til internasjonale organ. Noreg har ikkje minst overført mykje rådvelde til EU – utan å krevje reell rett til å vere med og bestemme.

– EØS-avtalen har ikkje nett styrkt det norske folkestyret?

– Nei, men det er eit folkefleirtal som har avvist at Noreg skal vere med og bestemme, ved å avvise EU-medlemskap.

– Men folket har ikkje sagt ja til EØS i noka folkerøysting?

– Nei, men avtalen hadde overveldande oppslutnad i Stortinget, og det verkar sannsynleg at han ikkje strir mot folkeviljen. Å oppheve EØS ville i praksis ikkje gjere Noreg meir handlekraftig. Vi ville framleis vore underlagde regelverket til EU for å få tilgang til marknaden.

– Marknadskreftene har blitt mektigare, heiter det i rapporten til Maktutgreiinga?

– Dei er nok det. Men folk undervurderer dei politiske sjansane for å styre dei. Det politiske systemet er spesielt svakt overfor kombinasjonen av bedriftsleiing og fagforeiningar, ikkje minst gjeld det i spørsmål om avgifter på ureining.

– Om det er slik at pengar har blitt eit sterkare maktmiddel i Noreg – er det eit problem?

– Pengar har nok blitt viktigare. Om det er eit problem, er ikkje lett å svare generelt på. Men pengar kan gje politisk påverknad som dei ikkje burde gje. Ta til dømes IT Fornebu-saka, der Ap og Frp og sterke kapitalkrefter gjekk saman om å skaffe privileg til ei privat bedrift.

– Om det er slik at dei folkevalde har mista makt, er vel det ikkje minst eit resultat av politikken som har blitt ført?

– Det er òg eit resultat av erfaring. Direkte statsstyring var lite føremålstenleg på mange område. For å ta eit banalt døme: Da eg først sat i regjering, var det staten som avgjorde prisen på brød. Som eit resultat av det var det berre tre typar brød å få, loff, kneipp og grovbrød.

– Maktutgreiinga skildrar ei tillitskrise, der folk ikkje har tiltru til politikarane. Kva kjem det av, trur du?

– Ei årsak er mangepartisystemet som gjer det nær umogleg å oppfylle lovnadene sine. Slikt undergrev tilliten. Ei anna årsak er at samfunnet blir stadig meir komplisert. Å styre eit land krev enormt grundig arbeid av heiltidspolitikarar, og veljarane har ikkje tid til å setje seg inn i alle detaljar. Da blir det avstand mellom veljarar og dei valde.

– Finst det von for det norske folkestyret?

– Ja, ja. Men vi treng konstitusjonelle reformer. Slik partisystemet fungerer no, er det umogleg å danne eit homogent stortingsfleirtal som kan styre landet. Men dette kan rettast opp, forsikrar Kåre Willoch.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |