Dag og Tid nr 34, laurdag 23. august 2003
Maktutgreiinga:
Den mektige samaritanen
Norsk utanriks- og bistandspolitikk er ikkje så tilforlateleg som han framstår, meiner forskar Terje Tvedt. Han skildrar eit mektig system som er nær immunt mot kritikk og eit problem for demokratiet.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
«Norge må være en nestekjærlighetens og solidaritetens nasjon... Norge må være en fredsnasjon en aktør for konfliktløsning og fredsskapende virksomhet», sa statsminister Kjell Magne Bondevik i nyttårstalen sin ved tusenårsskiftet. Dette står sentralt i den norske sjølvforståinga i dag: Noreg, den store fredsmeklaren, ei «humanitær stormakt». Men er verkeleg Noreg slik ein nestekjærleg, interesselaus aktør i verda? Og kva konsekvensar får eit slikt sjølvbilete for samfunnet og politikken i Noreg?
Det er naudsynt å kle av den norske samaritanen, meiner professor Terje Tvedt. I ei bok som kom ut sist veke, med tittelen Utviklingshjelp, utenrikspolitikk og makt. Den norske modellen, prøver han på nett det. Tvedt er tilsett ved Senter for utviklingsstudium i Bergen, og har sjølv lang fartstid frå bistandsarbeid. Prosjektet hans er ein del av Maktutgreiinga, og Tvedt skildrar her eit mektig sosialt system som er heva over ordinær politisk debatt. Eit system han til og med meiner representerer eit demokratisk problem.
Bistandsgigant
Det sørpolitiske systemet er namnet Tvedt har sett på den særnorske organiseringa av utanrikspolitikk, bistand og fredsmekling: Eit komplisert apparat av utanriksteneste, politikarar, forskarar og friviljuge organisasjonar, tett samanfiltra med kvarandre, og støtta oppunder av eit talrikt korps med informasjonsmedarbeidarar.
Det er eit digert system det er snakk om. Kring 1000 personar i statsforvaltinga, fleire tusen tilsette i organisasjonane, hundrevis av informasjonsmedarbeidarar og over 1000 forskarar er knytte til det sørpolitiske prosjektet, skriv Tvedt. Det er store pengar i sving òg: Kring 200 milliardar kroner har blitt kanaliserte gjennom den statlege delen av apparatet dei siste tiåra, og kring 30 milliardar har blitt samla inn frå folket. Det er på tide å få ein skikkeleg diskusjon om dette systemet, eit system som kanskje ingen har ønskt, meiner Terje Tvedt.
Eg ønskjer å forstå korleis dette systemet har blitt til, og kva konsekvensar det får. I boka avdekkjer eg kor tette banda er blitt mellom staten, forskingsmiljø og organisasjonar, og kallar det eit nasjonalkorporativt system. Trass i at dette systemet blir marknadsført som ei norsk merkevare, er det ikkje diskusjon om modellen.
Kvifor er det så viktig å kle av den norske samaritanen?
Det er viktig både av omsyn til utanrikspolitikken og den mentale helsetilstanden til nasjonen. Eg er ikkje ute etter å «avsløre» einskilde individ. Det dreiar seg om å kle av samaritanen som nasjonal typehelt. Eg ønskjer ikkje å jage han ut i ørkenen, men å forstå det sosiale og idéhistoriske grunnlaget for posisjonen hans.
Det sør-politiske prosjektet har hatt større konsekvensar for Noreg enn for dei landa i Afrika, Latin-Amerika og Asia som skulle vere mål for politikken, hevdar Tvedt.
Konsekvensane av dette er ikkje forstått. Eg meiner det er snakk om eit nasjonalt danningsprosjekt, med stor moralsk makt. Dette er knytt til biletet av Noreg som gjevar, fredsmeklar og representant for universelle verdiar. Men i røynda gjer dette systemet det vanskelegare for oss å forstå verda.
Udemokratisk
«Den norske modellen» har blitt noko av eit politisk honnøromgrep dei siste åra, i alle fall i Noreg. Modellen er ein type utanrikspolitisk samarbeid mellom staten, forskingsmiljø og organisasjonar særleg i fredsmekling, som demonstrert i samband med Oslo-avtalen. Og mellom andre Thorbjørn Jagland har lagt vekt på ein spesiell norsk fordel: At få må trekkjast inn i utforminga av utanrikspolitikken. Den utanrikspolitiske leiinga i Noreg må ikkje «snakke i utrengsmål, i alle fall ikke offentlig», som Tvedt siterer Jagland. Det kan saktens vere nyttig. Men som Terje Tvedt peikar på, er dette samstundes eit udemokratisk trekk: «Lite debatt og lite demokratisk og parlamentarisk og offentlig kontroll av hva den sørpolitiske ledelsen gjør er den norske fredspolitikkens forutsetning i følge den sørpolitiske ledelsen selv», skriv Tvedt.
Om det er slik at aktørane treng hemmeleghald, så gjev organiseringa meining. Oslokanalen kunne ein til dømes ikkje få til utan hemmeleghald. Det er forståeleg, men samstundes er dette ei form for politikk som ikkje blir diskutert på Stortinget. Kva er konsekvensane av at ikkje-demokratiske ordningar blir skildra som verdifulle og naudsynte?
Englar, finst dei?
Du er skeptisk til ideen om at Noreg kan opptre heilt usjølvisk på den internasjonale arenaen?
Det er ikkje eit spørsmål om skepsis. Eg peikar berre på at det er umogleg. Ingen stat kan operere interesselaust i verda. Noreg er eit av verdas rikaste land, det er kristent, protestantisk, del av den vestlege sivilisasjonen, ei oljestormakt, medlem av Nato og så vidare.
Når sentrale politikarar fremjar ideen om å vere interesselaus, må det tolkast som eit teikn på at dei er politisk umogne. Det er klart at dei som representerer Noreg, har interesser, og blir oppfatta slik av andre. Om du opptrer fullstendig utan eigeninteresse, da er du ikkje menneske, men ein engel eller gud. For meg handlar det om å analysere grunnlaget for og konsekvensane av ei absurd sjølvforståing.
Men det at Noreg ikkje har ei fortid som kolonist, gjer vel ein skilnad i somme meklingssituasjonar?
Noreg har eit unikt potensial, mellom anna fordi landet har hatt færre tunge, strategiske interesser rundt om i verda enn mange andre statar. Men det vil ikkje seie at ein er interesselaus.
Den gode viljen
Heile diskusjonen om norsk sør-politikk er prega av sinnelagsetikk, meiner Tvedt. Dei gode forsetta og den gode viljen gjer at dei konkrete resultata til politikken blir mindre viktige, noko han gjev fleire døme på i boka. Etter at geriljaen i Sør-Sudan hadde rasert heile infrastrukturen frå eit bistandsprosjekt som Noreg hadde brukt 500 millionar kroner på, sa generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp: «At infrastrukturen ikke finnes lenger, er irrelevant. Vi står igjen med en veldig tillit, hos kirken, geriljaen og regjeringen i Khartoum.»
Det er sjølvsagt veldig komplisert å følgje opp og evaluere pengebruken i bistandsprosjekt. Naturen til dette arbeidet er slik at det blir vanskeleg å halde oppe rekneskapsskikk à la Riksrevisjonen. Problemet er at dette blir forsterka av den korporative måten systemet er organisert på. Fordelinga av pengar og andre ressursar er ikkje alltid den mest føremålstenlege, og blir påverka av det eg kallar «innsidehjelp».
Sjølv om boka hans har ei kritisk haldning til det sør-politiske systemet, presiserer Tvedt at dette ikkje må forvekslast med å vere mot freds- og bistandsspolitikk. Han meiner Noreg kan ha mykje å bidra med på den internasjonale arenaen. Men, som han skriv: «Etter i stor grad å ha vært intellektuelt fredet i flere tiår, trenger det sørpolitiske system (...) en intellektuell gjennomlufting i stor skala.»
|