Dag og Tid nr 34, laurdag 23. august 2003
Utdanning:
Vats skule i Hallingdal blir friskule
(NPK) Den nye fri-skulelova blir truleg redninga for elevane ved Vats skule i Ål i Hallingdal. I slutten av mai, bare to månader før skulestart, vedtok kommunestyret med éi røyst i overvekt å leggje ned Vats skule, ein fådelt skule i utkanten av kommunen med 23 elevar.
Johanne Landsverk
johanne@npk.no
Alle foreldra, utan eitt foreldrepar, har nekta å sende ungane til naboskulen som ligg åtte kilometer unna. I staden vil dei satse på friskule, og har skrive ungane ut av den offentlege skulen. Problemet for skulen i Vats er at friskulelova ikkje trer ikkje i kraft før etter 1. oktober.
Så fort det lèt seg gjere skal vi sende ein søknad om å drive fri-skule, seier foreldrekontakt Embrik Skarsgard.
Departementet meiner behandlingstida er på fire månader, og det vil seie 1. februar. Vi veit difor ikkje om det blir oppstart før neste haust. I mellomtida må vi drive heimeundervisning. Skulen vår er sjølve livsnerven i bygda, og heile bygdefolket har samla seg om skulen. Det flottaste i denne saka er at økonomien er redda. Folk i bygda har på eige initiativ gått rundt med underskriftslister, og bygdefolket har stilt økonomiske garantiar for kostnader til heimeundervisning i eit heilt år. Bygdefolket har også oppretta «Vats vel» som skal skaffe pengar til fortsatt drift av friskule. Dette seier mykje om kor opptekne folk er av at skulen i bygda skal få leve, seier Skarsgard.
Kommunen negativ
Ål kommune har ikkje akkurat gjort det lett for foreldra som no skal drive heimeundervisning. Foreldra har fått lov til å leige den gamle skulen, og ungane skal få vere på skulen om dagane med tilsyn og hjelp av vaksne konsulentar til å gjere lekser. Men skulesjefen i Ål, Odd Lossius, seier at lovverket ikkje gjev høve til å drive organisert undervisning med innleigd hjelp. Kommunen vil føre tilsyn, og i eit brev til foreldra gjer kommunen det klart at det kan bli snakk om bøtelegging dersom foreldra ikkje rettar seg etter eventuelle pålegg.
Bør kunne tilsetje folk
Forskar Christian Beck, som er førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, meiner noko anna. Han seier det ikkje står nokon stad i lova at foreldra må drive all heimeundervisninga sjølve.
Foreldra kan samarbeide om heimeundervisninga, og det må vere fullt lovleg å tilsetje folk til å hjelpe seg. Det skulle også bare mangle! Her er det snakk om ein sterk integrasjon mellom grende-skulen og lokalsamfunnet. Det er rett og slett rørande å høyre at folk i bygda vil garantere for eit millionbeløp, bare dei får ha skulen, seier Beck som i prinsippet er positiv både til friskular og til heimeundervisning.
Han meiner dei offentlege skulane i Noreg er blitt altfor like kvarandre.
Norsk skule er veldig sentralisert, og standardiseringa har gått for langt. Eg meiner det er viktig å ha meir fridom til å kunne lage ein god skule for lokalsamfunnet. Foreldra kan då bruke tid på det dei synest er viktig, og det er heilt unikt. Det er kanskje ikkje rett å halde oppe alle små grendeskular, men det som skjer i Vats, ser eg på som svært positivt.
Frå Vats er det bare åtte kilometer til den skulen der elevane elles skulle gått. Er det ikkje pedagogiske fordelar ved at den skulen då hadde vorte større?
All forsking viser at storleiken på skulen ikkje har noko å seie for skuleresultatet. Men det er nokre fordelar og nokre ulemper ved små skular. Ein vinn noko ved å rasjonalisere, men ein tek utruleg mykje att ved det trygge, gode bygdemiljøet.
Vats starta opprøret
Det har vore langvarig krangel om nedlegginga av Vats skule.
Vi bad om at kommunen måtte vente med å leggje ned skulen i eit halvt eller eitt år, slik at vi kunne få betre tid til å vurdere friskule. Vi er skuffa over at det ikkje gjekk, fortel dei tre foreldrerepresentantane Embrik Skarsgard, Wendy Nordheim og Pål Frenning.
Dei meiner kommunen si handsaming av saka vitnar om rein maktarroganse, og foreldra har klaga til fylkesmannen over framgangsmåten i saka.
No har Vats skule ei ganske spesiell historie, for det var nettopp denne skulen som starta eit
skuleopprør på 1960-talet i protest mot skulenedlegging og sentralisering. Foreldra i Vats dreiv privat grendeskule i ti år frå 1962 til 1972, før staten igjen overtok skulen.
Vi har ein tradisjon her i Vats for å kjempe for det vi trur på, og no er dugnadsånda tent på nytt her i bygda. Heile bygda står bak oss, og ingenting kan stoppe oss no, seier Skarsgard.
Tek vi vare å skulen, tek vi òg vare på mykje av identiteten vår i bygda.
Tidlegare leiar i Noregs Mållag, Olav Randen, som er bonde og forleggjar og bur i Vats skulekrins, er imponert over korleis foreldra no tek ansvaret for skulen sin.
Denne saka handlar ikkje om partipolitikk. Eg hadde nok ynskt meg at ein kunne satsa på einskapsskulen, men i den situasjonen vi er komne i, der vi ser at den offentlege skulen vert bygd ned, kan friskulen vere ein stor fordel. Og det er viktig å vise at vi får dette til her i utkanten, og at friskulen ikkje bare skal bli ein statssubsidiert skule for folk i Bærum. Eg trur det vi opplever her i Vats, bare er starten på noko som vil smitte til andre stader i landet, seier Randen.
|