Dag og Tid nr 34, laurdag 23. august 2003
Klok på bok 628
Eit hundeliv
I dag tidleg såg eg mange små ranslar som vandra forbi kjøkenglaset. Eg veit ikkje om det var eit kaldare drag i lufta, eller om eg berre trudde det på grunn av skulestarten. Eg er ikkje så glad i varmen lenger, så eg ser fram til mørke haustkveldar med regn mot ruta og bøker i sofaen. Alle årstider har sin sjarm.
«Sommarferien er på hell, og eg er heime på ferie hos mor og far på Vestlandet. Som alltid er Dag og Tid fast lesestoff på stranda, eg snappa avisa frå postkassa og sneik ho med meg. Og stor var gleda då eg kom til Klok på bok denne kan eg jo! Ikkje minst fordi eg nett har lese Vigdis Hjorth, Hva er det med mor i Dagbladet si torsdagssommerbok. Nei, no må eg attende til stranda og nyte dei siste solstrålane, varmen og bøkene før pensumbøkene tek meg», skriv ho Anine Midnes frå Lofthus. Eg kårar deg rett og slett til vinnar med ein steikje gong, eg, Anine. Gratulerer!
Og det er fleire som har lese torsdagsboka til Dagbladet i sommar. Ho Liv Evju skriv slik frå Rælingen videregående skole: «En nydelig skildring av mor og datter jeg sendte boka med min egen datter da hun reiste hjem etter sin ferie, og jeg tror vi var nokså enige.»
Han Lars Moa i Stjørdal fann òg boka i Dagbladet, men var ikkje like nøgd: «Det er sjeldan eg gir meg når eg begynner å lese ei bok, men denne vart for kjedeleg for meg, så eg gav meg etter å ha lesi om lag ein femdel.»
Han Gunder Runde helsar frå Ulsteinvik: «Gode Paula, når Vigdis Hjorth er såpass omdiskutert som ho er (hate/elske var vel i sterkaste laget?) så er det kanskje på grunn av dei noko frilynde skildringane av seksuelle variantar, som ein ikkje ventar at kvinner skal behandle i litteraturen. Den boka som utdraget er henta frå, er litt annleis ho handlar om ei alkoholisert mor og tenåringsdottera, som prøver å halde det gåande. Eit djupt alvorleg emne, som eg synest Hjorth greier å skildre på ein overtydande måte. Romanen heiter Hva er det med mor, og kom i 2000. Elles er det lite med eplevin i Ulsteinvik, men vi har nøgda med ripsbær og stikkelsbær, og det er vel ikkje så lenge att før plommene er mogne også. Så i år klagar vi verken på sommaren eller haustens grøde.»
Ho Maj Voss i Oslo likar heller ikkje orda «elska» og «hata» om forfattaren: «Jeg vil heller si meget engasjert, omstridt og til tider sterkt provoserende som når hun skriver en nøkkelroman om private kjærlighetsforhold med sterkt gjenkjennelig hovedperson! (Om bare, 2001). Hennes barne- og ungdomsbøker er sanne og sterke. Hun når aldersgruppen og den vanskelige tidlige overgangsalder bare det er godt gjort.»
Ho Hilde Matre Larsen i Oslo har støv på hjernen: «Kjære Paula. Ifølge Vigdis Hjorth er det noe med mor. Hun har visst slått seg på flaska. Jeg trodde det var Jeppe som drakk, men så feil kan man ta. Jeg var med i en støvsugerdåp for noen år siden. Støvsugeren skulle hete Vigdis Fort Hjorth, men i siste liten ombestemte vi oss.»
Apropos namn, så minner eg om at han Peder kallar sidevogna på motorsykkelen for konedrepar. Til no har eg valt å ikkje ta det bokstavleg.
Han Kaare Stegavik i Trondheim er ein mann som har augo med seg: «engasjert, elska og hata... oppgaven overbevist mæ om at det her va snakk om ei dame, å da tænkt æ umiddelbart på to, hu Sidsel Mørck å så hu Vigdis Hjorth. Hu Sidsel faijnn æ fort ut byijnnt å skriv nånn år tidliar, å då mått det vårrå hu Vigdis. Å det va det. Boka Hva er det med mor (2000) ha forresten ein fin ijnntroduksjon, som du sekkert e klar over, næmmli dikte Døden er ikke til, tå hu Gunvor Hofmo. To oppgava frå såmmå boka, snakk om å utnytt ressursan, Paula. Æ trur at æ ska rapporter te haijnn Erik Damman, å skryt litte tå dæ. Ha en fortsatt fin såmmår, beste helsing från Kaare.»
Ja, nei, eg må vel vedgå at det var latskapen meir enn ressursutnyttinga som gjorde at eg tok oppgåver frå same boka. Biblioteket har hatt sommarstengt, så eg måtte ty til eiga bokhylle, ser du.
Denne veka var eg heldig og fekk mange fleire svar enn eg har plass til å gi att. Takk for det! Han Nils-Aksel Danbolt Mjøs sende brev heilt frå Longyearbyen, men tippa på feil dame. Takk for brevet likevel, Nils-Aksel!
Klok på bok 628
Det begynte en gal gutt i klassen i dag, sier jeg til mamma mens jeg spiser pannekaker med blåbærsyltetøy.
Jeg ser bort på henne. Hun står og vasker stekepanna som hun har stekt de nydelige pannekakene i. Hun gjør det med litt stive bevegelser. Det betyr at hun har litt angst. Noen dager har hun mye angst. Da går hun og legger seg. Eller sitter på kjøkkenstolen og er anspent i hele kroppen. Andre dager har hun ikke angst i det hele tatt. Da går hun rundt i stua i helt vanlige klær. Nå har hun morgenkåpe og nattkjole på seg. Og store ladder, som jeg elsker å varme føttene i etter at hun har brukt dem.
Å, sier hun.
Apropos skulestart, apropos angst. Denne boka var debuten til forfattaren som no har fleire bøker på samvitet og som har byrja å skrive nynorsk. Debutboka som er ganske fersk, vart godt motteken og er omsett til fleire språk. Stikkord: Hund.
Kven og kva vil eg fram til? Send fagre ord til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks dei til 22 41 42 10 før fredag 29. august.
Paula på post
|