Dag og Tid nr 34, laurdag 23. august 2003
Maoismen:
Kinaromantikken hadde tak i oss
Eg er lite imponert over gjensynet med den nekrologen min du siterer litt frå, seier Berge Furre.
Svein Gjeråker
svein@dagogtid.no
Sist veke hadde Dag og Tid ein kort gjennomgang av synet på Mao og maoismen i Noreg på 1970-talet.
Kvifor var du såpass positiv til Mao og maoismen på 1970-talet, Berge Furre?
Det var eit storverk at Kinas Kommunistiske Parti makta å samla dette gigantiske landet og riva det ut av klørne til imperialismen sist på førtitalet det var stor materiell framgang i Kina dei fyrste åra etter revolusjonen. Det var ikkje så lett å sleppa det biletet. Så sette dei groteske maktkampane inn maktkampar som vi kjende lite til. Difor fekk vi berre tak i bitar av den grua kulturrevolusjonen var. Og på syttitalet var kulturrevolusjonen fortid. Det verka som Mao hadde stabilisert Kina og tonen i nekrologen speglar vel letten over dette.
Eg synest også det er noko viktig i situasjonen kring Mao på syttitalet som du ikkje har fått med: Hyllinga av Mao i dei siste åra av livet hans kom faktisk frå borgarlege vestlege politikarar. Då han døydde i 1975, var det orda om den store statsmannen og nasjonsbyggjaren som prega nekrologane langt ut på høgresida. Godorda sat laust både til venstre og til høgre.
Var du maoist i ein eller annan forstand?
Eg trur ikkje nekrologar med gode ord om Mao hadde så mykje med ideologi å gjera. Den ideologiske maoismen hadde vi nok av heime og kampen mot han mot AKP var framleis beisk og beinhard. Dei gode orda galdt vel helst Maos rolle i den revolusjon som skapte eit sjølvstendig Kina.
Romantikk og svermeri frå syttitalet, kallar Karsten Alnæs det.
Vel. Det er kinaromantikk i dette som vi kunne ha spart oss. Dette stoffet er frå syttitalet, men svermeriet og kinaromantikken er mykje eldre enn syttiåra. Han går langt tilbake til Pearl Bucks romanar og lenger bakover. Det store mystiske Midtens Rike hadde ein enorm appell heilt sidan 1800-talet. Han kom jamvel til å inspirera norske bedehus til å skipa Kinamisjonen. Og eg har vel hatt ein tokke av det slaget, eg òg.
Såg de på maoismen som eit demokratisk prosjekt?
Eg trur eg køyrde frå grøft til grøft i den saka i tvil og tvidrætte. På eine sida skremde og sjokkerte dei harde metodane og freistnadene på å utrydda gammal kinesisk kultur. Men hugs vi avskydde byråkratiet og diktaturet ovanfrå i dei kommuniststyrte statane i Europa og her kom altså ein ny generasjon i Kina, ungdom, som gjekk laus nettopp på byråkratiet. Og i det ytre kunne dei jamvel minna om det såkalla «ungdomsopprøret» i Frankrike og Tyskland sist på sekstitalet. Eg trur aldri at eg summerte dette opp til pluss som somme andre gjorde. Men tvisynt var eg. Og visste ikkje at kulturrevolusjonen også var ein enorm massakre. Det tok tid før dette biletet kom fram. Vurderinga mi hadde ikkje stått til eksamen.
Men når de visste at maoismen bygde på leninismen og stalinismen kvifor var det ikkje ein ryggmergsrefleks som sa at dette må vi vera meir kritiske til?
Vi meinte nok at Mao stod for noko anna. Og det gjorde han jo verkeleg òg, men vi oversåg det autoritære. Slik Maos politikk var presentert for oss, gjekk han i realiteten på tvers av Lenin. Det var massane som skulle gjennomføra revolusjonen i Kina, men hjå Lenin var det den disiplinerte, militært organiserte eliten. Det er eit hav mellom dei to partimodellane.
Er du samd i at den tidvis ukritiske, nøkterne, delvis rosande omtalen av Mao ein finn i til dømes Pax Leksikon, Ny Tid og Dagbladet på 70-talet var med på å legitimera den aktive støtta til maoismen som AKP stod for?
Nei, tvert imot. Her i landet føregjekk det ein beinhard krig mellom maoistane i AKP og oss i SV. Ein del av denne kampen gjekk ut på å prøva å ta Mao frå dei norske maoistane i AKP og syna at Mao stod for noko anna enn det AKP-hevda. Særleg etter kulturrevolusjonen.
Så du er ikkje samd i at AKP har vorte skyteskiva for noko som langt fleire burde ta sin del av kritikken for?
Nei, det synest eg ikkje. Ml-debatten som går føre seg no, ser eg på som observatørane sin omkamp. Eg brukte eit år av livet mitt på å hindra at dei overtok SV. Det er den beiskaste striden eg har opplevd i heile mitt politiske liv. Eg orka ikkje å opna Klassekampen i mange år etter den kampen. Å oppleva at gode vener med høg intelligens plutseleg tek til å gulpa opp Mao-sitat og gjera deg til hovudfiende, var svært ubehageleg. Eg vil meina at kampen mot AKP gjorde oss til fanatiske demokratar. Du kan finna ein eller annan dum kommentar frå oss, men SV stod heilt klart på eit solid demokratisk grunnlag. Vi avviste den demokratiske sentralismen og proletariatets diktatur.
|