Dag og Tid nr 33, laurdag 16. august 2003
Historie:
Norsk Mao-fascinasjon på 1970-talet
AKP var ikkje åleine: Store delar av den norske venstresida på 1970-talet hadde eit romantisk og ukritisk syn på Mao og den kinesiske kommunismen.
Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no
Kva slag intellektuelt klima var det i Noreg på 1970-talet? Korleis vart maoismen diskutert, skildra og analysert i den norske debatten? Korleis stilte den såkalla venstresida ikkje berre AKP seg til desse regima og til totalitære
marxistiske masseideologiar? Kva slag motstand og kritikk vart dei møtte med? Dette er sentrale spørsmål for å forstå korleis AKP kunne omfamna og støtta totalitære regime.
Dag og Tid har gjort nokre få tilfeldige dykk i den politiske debatten på 1970-talet for å få ei større forståing og betre innsikt i den politiske stemninga som var dominerande på den tida.
Minneord om Mao
Mao døydde 9. september 1976. Omtalen av Mao etter dødsfallet gjev gode døme på den fascinasjonen og begeistringa som han vart møtt med i Noreg.
«Mao står ikke bare fram som en genial politisk teoretiker og statsbygger, men også som et enestående menneske med humanistiske visjoner om at det er mulig å skape et bedre samfunn, at en ny mennesketype kan vokse frem»,
skriv Erik Nord i SVs partiorgan Ny Tid 17. september 1976, etter først å ha konstatert at
«det er karakteristisk at administrativ likvidering av politisk opposisjon innen partiet ikke har forekommet i Kina.»
For å underbyggja denne påstanden viser Nord til at Mao skal ha uttala:
«I Jenan ble vi enige om å ikke henrette kadrene ikke en eneste. Vi må praktisere buddismen som lærer at du ikke skal drepe.»
Erik Nord var med på å stifta SF. Han har var tidlegare byråsjef i Utanriksdepartementet og sekretær for utanrikskomiteen. I 1976 var han tilsett ved Norsk utanrikspolitisk institutt.
I same nummer av Ny Tid skriv dåverande formann i SV, Berge Furre:
«Ni hundre millionar menneske har i eit slektsledd reist seg frå fattigdom og føydalisme, undertrykking, kolonialisme og borgarkrig til ei sosialistisk stormakt med sosial rettferd, sjølvråderett og byrgskap (...) Mao Tse Tung var fremste tillitsmann for dette folket i denne tida (...) Mao er alt ein klassikar for sosialistar. Vi vil lesa han som dei andre, godta og vraka, læra og tenkja vidare sjølv (...) Dei som så vil leita i hans skrifter og i triumf påvisa at ikkje alt vi seier og gjer er i samsvar med det Mao Tse Tung har skrive dei er iallfall ikkje maoistar.»
På leiarplass nokre veker seinare skriv Ny Tid:
«Røynslene frå Kina var gjennom 1960- og 70-åra ein sterk inspirasjon for venstresida. (...) Kulturrevolusjonen hadde sine klare overtramp og venstreavvik. Udisiplinert rødegardistframferd slo også ut i herjing og bruk av vald som korkje kan eller bør forsvarast. Det skorta mykje på at venstresida makta å omsetje sine ideal til praktisk kvardagspolitikk. Sjøl om kulturrevolusjonen hadde utslag som ikkje kan forsvarast, så var kjernen i den riktig, den var ein kamp mot privatisering og ei tru på massanes evne til sjøl å finne fram til dei rette løysingane.»
Dag og Tid trykte 17. september i spalta Aktuelt namn ein svært så rosande kommentar av Ole Bjørn Rongen:
«Tapet av han er stort og tungt, men tilliten og ikkje minst sjølvtilliten til Kinas arbeidande folk er garantien for at lina hans framleis vil bli følgd. Og i internasjonalismen ser vi den solidariteten eit folk som sjølv har frigjort seg frå imperialismen og kolonialismen, har for andre folk som kjempar same kampen.»
Dagbladet
Dagbladet skriv om Mao på leiarplass og uttrykkjer heller ingen skepsis til den kinesiske leiaren. Det redaksjonelle stoffet er halde i ein hyggeleg tone. På kultursidene trykkjer avisa eit dikt av Mao, «Valfart til Chiangkang».
Tidlegare på året (10. januar) hadde Dagbladet ein leiar etter at Chou En-lai døydde Kinas statsminister og den som i første rekkje omsette Maos tankar til praktisk politikk. Heller ikkje i denne leiaren kjem Dagbladet med kritikk av dei maoistiske ugjerningane. Dagen før hadde avisa nærast romantiske omtalar av Chou En-lai. Med titlar som «Intellektuell med føydal bakgrunn», «Verdas største statsmann er død», vert Chou framstilt i berre positive vendingar av Dagbladets mann i Peking, Gøran Leijonhufvud.
Heller ikkje leiarartikkelen i Bergens Tidende etter Maos bortgang kjem med kritiske vurderingar av Mao.
Og Bergens Arbeiderblad skreiv:
«De midler som i enkelte faser ble anvendt ville ikke ha blitt godtatt i den vestlige verden, men det materialistiske resultat av Maos politikk er upåklagelig og har imponert mange vestlige politikere. Både landbruk og industri har hatt en rivende utvikling. Sult og nød er overvunnet».
Aftenposten skriv derimot på leiarplass at «Mao er også blitt en inspirasjonskilde for radikale bevegelser rundt om i verden. De har en forestilling om et ideal som skrev finstemt poesi, som var en mester i hverdagsfilosofi, men de glemmer at Mao også tok i bruk diktatoriske metoder som har kostet millioner av mennesker livet».
Pax Leksikon
Pax Leksikon frå 1980 i seks band gjev ein unik samtidsdokumentasjon på venstresida sitt syn på verda. Over 400 forfattarar deltok. Dei fleste var knytte til det ein på ein eller annan måte kan definera som den norske venstresida utanom AKP. Redaksjonen arbeidde ut frå eit syn som var sosialistisk, feministisk og internasjonalt orientert. Siktemålet var praktisk og politisk: eit ynskje om endring. Verket hadde ein redaksjon på sju personar mellom andre Hans Fredrik Dahl, Jon Elster og Rune Slagstad. Forfattarane stod fritt til å «uttrykke sine vurderinger og gi dem sin form», men redaksjonen har «vurdert artiklenens saklige og faglige kvalitet» som det står i føreordet.
Artikkelen om Mao er på over to sider og vert avslutta med: «Mao hadde en enestående sans for store visjoner og nøktern realisme. Han hadde en enestående intuitiv forståelse av de kinesiske massers mentalitet. Det Kina han etterlot seg var fundamentalt forskjellig fra det Kina han overtok ledelsen for i 1950. Den umiddelbare nød og fattigdom er avskaffet, de undertrykte massene har fått selvrespekten tilbake. Kina er gjenreist som nasjon». Det er ikkje ei einaste kritisk drøfting av Mao i artikkelen.
Det gjer det heller ikkje i den
to sider store artikkelen om mao-ismen. Artikkelen viser mellom anna til Mao som skal ha sagt at
«Selv om fysisk makt i visse tilfeller var nødvendig, skulle ideer først og fremst bekjempes med ideer. Oppdragelse og omskolering av folk med feilaktige ideer var et viktig middel i den sosialistiske kampen; Mao var kritisk overfor Stalins politimetoder og henrettelser av politiske motstandere».
Artikkelen om Kina er på tolv sider sju av dei om tida etter Folkerepublikken. Der finn vi også den einaste kritikken av dei ugjerningane som Mao og maoismen har stått for. To korte setningar:
«Kulturrevolusjonen utløste oppladet misnøye, og perioden var preget av intoleranse og forfølgelse og likvidering av de grupper som ble definert som kulturrevolusjonens motstandere. De nye gruppene som kom i maktposisjon, Maos kone, industriarbeideren Wang og en rekke framtredende teoretikere, førte en heksejakt på motstandere som bare overgås av den forfølgelse de kulturevolusjonære senere ble utsatt for etter Maos død».
Mao som filosof
Eit godt døme på den rolla maoismen fekk i Noreg på denne tida, er filosofihistoria til Arne Næss for examen philosopicum ved universitetet. Band ein har Sokrates
på omslaget. Band to har tidstypisk eit bilete av Mao ikkje Decartes, Spinoza, Locke, Hume eller Kant.
I den fjerde utgåva frå 1968 var Mao berre nemnd i ein setning. I den femte utgåva kom Mao inn med 40 sider. Frå 1980 også plassert åleine på omslaget.
Næss skriv at eit eige avsnitt om Mao Tse-tungs filosofi i nokon mon bryt med retningslinene for boka og tvilar på om Mao kan ha utvikla ein eigen, orginal filosofi. «På intet punkt markerer Mao
noe avvik fra teoriene til Marx, Engels, Lenin og Stalin.» Men, skriv Næss:
«Siden den kinesiske kulturrevolusjonen startet i 1966 har maosimen fått så mange særtrekk bedømt ut fra praksis at talen om en egen kinesisk, eller rettere, maoistisk marxismevariant må ansees som fult ut forsvarlig.»
Også Gunnar Skirbekks innføring i filosofihistorie frå 1976 omhandlar Mao.
«Hos Mao er dei politiske tankane meir enn tankeeksperiment (...) Samanhengen mellom teori og praksis er i seg sjølv nok til å ta tenkjaren Mao alvorleg»
skriv Skirbekk, men drøftar ikkje kva negative sider strevet etter det kommunistiske klasselause samfunnet kan ha ført til i Kina. I neste utgåve av boka frå 1980 er Mao teke ut.
Legitimerte aktiv støtte
Gjennomgangen av synspunkta på Mao syner ei lefling og eit framhald av det radikale svermeriet på 1970-talet, seier forfattar Karsten Alnæs.
Svein Gjerdåker
Nei, eigenleg ikkje. Synet på Mao var ikkje eit særeige norsk fenomen. Det er eit resultat av ei stor europeisk forblinding på 1970-talet. Du kan finna dei same sitata i til dømes Tyskland, Frankrike og Sverige i alle radikale leirar, frå venstreradikale til kommunistar.
Men det er viktig at dette vert drege fram i den norske ml-debatten som går føre seg i dag. No kjem det som er ei djupare forståing av røtene til ml-rørsla og den hyllinga som var av Mao.
Kvifor trur du så mange var fascinerte av Mao og maoismen?
Romantikk. Romantiske villfaringar for eit system som skulle finna enkle verknadsfulle løysingar på store globale problem, og som går heilt tilbake til svermeriet for oktoberrevolusjonen i 1917. Det er eit resultat av ei intellektuell forblinding som fører til eit alvorleg intellektuelt svik. Det er klart at opplysningar om utreinskingane og massakrane til kommunistane i Kina var nådde fram til Vesten frå truverdige og gode kjelder lenge før 1976. Men av ein eller annan grunn ville dei ikkje ta dei til seg og tok det som amerikansk og vestleg imperialistisk propaganda.
Den franske forfattaren, historikar Francois Furet (1927-1997), skriv treffande at vi hadde kome inn i ein velferdspassivitet. Det langsame arbeidet for å tømra opp eit demokrati vart sett på som eit keisamt og lite romantisk arbeid som drog på ein borgarleg arv. Mange av dei revolusjonære orka ikkje hefta seg ved dei små stega og tok Mao som idol.
Korleis ser du på leiarane i Dagbladet etter Chou En-lai og Mao døydde?
Som ein slags tributt til ungdomsopprøret, opprøret mot USA og opprøret til den tredje verda mot Vesten. Og som eit framhald av det gamle radikale svermeriet. Likevel forbausar det meg mest at den solide dokumentasjonen ikkje fekk større gjennomslag i dei spaltene du viser til.
Vil du seia at denne nøkterne, delvis rosande skildringa av maoismen i Ny Tid, Dagbladet, og Pax leksikon er med på å legitimera den aktive støtta til maoismen?
Ja, sjølvsagt. Dette er det som mange kalla lefling. Det legitimerer og det forklarar den relative styrken til AKP på 1970-talet ved at ein fekk ein slags venstreorientert konsensus om at det maoistiske systemet på ein eller annan måte hadde verka.
Er det lov å skriva ein avisleiar om Mao i ei seriøs avis i 1976 utan å ha med ein setning om kva maoismen kan ha ført til av ugjerningar?
Eg vil ikkje bruka ordet lov, men det er svært avslørande for den generelle slappheita og feigskapen overfor tydelege og faktiske tilhøve som dei intellektuelle viste på 1970-talet.
|