Dag og Tid nr 33, laurdag 16. august 2003

Leiar: Mao i Noreg

Ml-arane har vorte skyteskiva for alt som gjekk gale på 1970-talet. Ein treng ikkje mykje innsikt i det som skjedde i dei åra for å skjøna at det ikkje er rettferdig. Berre sjå på korleis Mao og maoismen vart møtt på venstresida og langt innover mot sentrum i det politiske landskapet. Fascinasjonen for Mao var ikkje avgrensa til partidirektiva til ml-arane. Den tilfeldige gjennomgangen som Dag og Tid har gjort, viser dette tydeleg.

Kva visste ein om dei massive ugjerningane til Mao på denne tida? Ein kunne vita det meste berre ein var viljug til å ta alvorleg det som var av dokumentasjon. Problemet for mange på venstresida var at dette var skrive av folk som dei ikkje var viljuge til å ta på alvor fordi dei representerte «motstand-arane». I staden stod framståande politikarar og intellektuelle på «den rette sida» fram med rosande eller ukritiske kommentarar om maoismen, og var såleis med på å legitimera den meir aktive støtta til dømes Mao og kommunismen i Kina.

Skal den viktige debatten som no går føre seg om ml-rørsla verta ståande, må denne delen av historia trekkjast inn. Kvar gjekk skiljelinene? Kva var det som motiverte sentrale politikarar og intellektuelle på venstresida til langvarige studiar i marxismen, leninismen og maoismen? Kvifor vart Mao møtt med slik forståing, sympati og romantikk? SV og den demokratiske venstresida sitt syn på verda er langt meir interessant for å forstå kva som rørde seg av marxistisk orienterte ideologiske straumdrag i Noreg på denne tida.

Debatten om 1970-talet må ikkje reduserast til piskeslag. Debatten må dominerast av ein vilje til innsikt, ikkje til moralisering.

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |