Dag og Tid nr 33, laurdag 16. august 2003

Litteratur:
Lengten etter ein konspirasjon

Dagbladet skreiv i sommar at «suksessforfatteren Henrik Langeland tilhører den mektigste kretsen i norsk litteratur siden Profil-generasjonen». Jøss. Eg las vidare, men fann ingen prov. I mangel på funn, tyr Dagbladet til hinting og ein «Tilfeldig? Neppe!»-tone.

Kjetil A. Brottveit
kbrottve@online.no

Gravejournalistikk er eit honnør-ord i avisene. Ei god oppgåve for journalistar ligg i å avsløre løynd maktutøving. Men dersom ein berre grev bittegrann utan å finne noko, men likevel lagar sak av det, kan ein hamne i eit uheldig landskap av halvkvedne viser, spekulasjon og «ingen røyk utan eld.»

9. juli trykte Dagbladet ein tosiders artikkel med tittelen «Den nye profilgenerasjonen». Der vert Henrik Langeland, kjend som forfattaren av romanen Wonderboy, plassert i ein generasjon av unge forfattarar og forlagsfolk: «Mindre kjent er det at Langeland selv tilhører Norges mektigste litteraturgenerasjon». Dagbladet døypte dei «Blindern-kretsen», og ordet krets er nesten like pirrande som sex.

Eg reagerte på at artikkelen var spekulativ og dårleg underbygd. Avisa hadde ingen interessante funn å fortelje om – utover at ein del unge folk som arbeider med litteratur har studert på Blindern på same tid, og at mange av dei kjenner kvarandre. Eg hadde nesten klart å gløyme artikkelen, men to andre saker i Dagbladet seinare i sommar hadde den same «Tilfeldig? Neppe!»-tonen (sjå eiga sak). Då tok eg til å lure på om det var eit mønster.

Kjernen i krinsen

Journalisten Stian Bromark skriv vidare i artikkelen frå 9. juli: «I kretsen rundt forfatteren finner du ikke bare framtredende representanter for ung norsk skjønnlitteratur, men også noen av de mest sentrale skikkelsene i norsk bokbransje. De gikk på Universitetet i Oslo samtidig på slutten av 1990-tallet, omgås privat og deler ofte litterær smak. Fire av dem utga bøker i vår: Mattis Øybø, John Erik Riley, Aage Borchgrevink og Henrik Langeland. De er i tillegg kritikere, journalister, bokklubbredaktører, forleggere og sentrale i tidsskrifter og foreninger.» Den eine heilsida i oppslaget er brukt til store bilete av dei nemnde forfattarane. Vi skal ikkje vere i tvil om kven som er i kjernen av «kretsen». Dagbladet oppgjev 18 andre namn i «Blindern-kretsen 1996-2000» og opplyser kor dei arbeider – stort sett i bokklubbar, forlag, aviser og tidsskrift. Tuva Ørbeck Sørheim, redaktør i Bokklubben Nye Bøker, Ingeri Engelstad, redaktør i Oktober og Bjørn Aagenæs, redaktør i Cappelen, er til dømes plasserte i krinsen.

Det er ikkje overraskande at mange som arbeider med litteratur kjenner kvarandre frå Blindern, der det største universitetet i landet ligg. Dei har studert fag som har med litteratur å gjere, blant anna litteraturvitskap. At tidlegare litteraturstudentar no arbeider med litteratur er ikkje unaturleg. Dei kan rett og slett ha fylgt interessene sine frå studia og vidare ut i arbeidslivet. Dessutan kan det vere slik at arbeidsgjevarar i litteraturfeltet krev, eller legg vekt på, slik utdanning for å tilsetje dei. Då er spørsmålet: Kva er grunnlaget for å kalle desse folka ein krins og ein ny Profil-generasjon?

Sams politikk?

Profil-generasjonen på 1960-talet har fått namnet av studenttidsskriftet Profil. Nokre unge forfattarar overtok redaksjonen i tidsskriftet i 1966. Eldrid Lunden, Paal-Helge Haugen, Dag Solstad, Jan Erik Vold og Einar Økland er blant dei som tilhøyrde Profil-generasjonen. Dei er mest kjende for to ting:

1. Dei stod for eit spesielt litteratursyn. Dei var opptekne av modernismen og hadde ein eigen poetikk – eit uttala syn på korleis litteraturen burde vere.

2. Synet på litteratur hang tett saman med synet på politikk. Dei var, enkelt sagt, politisk radikale.

Deler Langeland, Borchgrevink, Riley og Øybø, og dei 18 andre litterær smak eller politisk syn? For å ta det siste fyrst: Ingenting om politikk vert nemnt i artikkelen. Bromark gjer heller ikkje noko poeng av at det i motsetnad til Profil er ein apolitisk generasjon. Han skriv: «Mens 1980-tallets unge norske forfattere skapte seg et rom i offentligheten ved å distansere seg fra Profil-generasjonen, har vi i dag en ny generasjon forfattere som på sin egen måte forener 1970-tallets samfunnsinteresser med 1980-tallets fokus på litteraturteori og språk. I motsetning til både Profil-generasjonen og Kjærstad-kretsen, har ikke dagens unge forfattere samme behov for å albue seg fram i den litterære offentligheten med felles program. De sitter allerede trygt plassert i de mest sentrale posisjonene.» Kva bruker dei posisjonane til, tenkjer eg. Er det noko vi skal vere redde for?

Sams poetikk?

Kva kjeldegrunnlag har Bromark? Det skriv han lite om, men han refererer iallfall til Jan Thon ved Høgskolen i Agder som har forska på Profil-generasjonen og korleis synet på kva som er god litteratur vert etablert. Thon meiner ifylgje artikkelen at det finst ulike former for kanon: «En av de minst kjente er den som skapes av personlige vennskap og det Thon kaller tankefellesskap.» Neste sitat står tilsynelatande for Bromarks rekning: «Dagens generasjon, som sprang ut av Blindern-miljøet på slutten av 1990-tallet, sitter imidlertid i dag på alle sider av det norske bokbordet.»

Bromark framhevar Riley som den mest sentrale i krinsen: «Henrik Langeland delte skrivekontor med Riley og Mattis Øybø i 1999.

– Riley er geniet blant oss, sier Langeland kort og godt. (...) Mange av kritikerne og forfatterne fra Blindern-kretsen, som studerte ved det som i dag heter Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, skapte seg et navn under Rileys redaktørtid i Vinduet. Norskamerikaneren Riley påvirket også andre med sine litterære favoritter, ikke minst smaken for amerikansk litteratur og forfattere som Don DeLillo og David Foster Wallace.» Eg spør meg: Korleis har Riley påverka dei andre? Er det Langeland som har fortalt dette? Det kan godt hende at Riley, Langeland og Øybø deler smak, men har det nokre konsekvensar?

Bromark har ikkje påvist eit sams politisk syn, etter alt å døme fordi det ikkje finst. I forbifarten fjernar han den andre eventuelle grunnen til å kalle desse folka ein ny Profil-generasjon: «Selv om Blindern-kretsen kvier seg for å underskrive på et felles program, har de flere ganger vist brodd mot mer etablerte navn i Litteratur-Norge.» Dei kviar seg for å underskrive eit program! Men, underforstått, dei har det ein stad? Eit som Riley har klekte ut, kanskje saman med Øybø og Langeland i kontorfellesskapet sitt i 1999? Bromark held fram med døme på brodden mot det etablerte: «Ane Farsethås, kritiker i Dagens Næringsliv, angrep Atle Kittangs siste Ibsen-bok. Det førte til en lang debatt i Klassekampen og Prosa.» Farsethås, som er ung og har studert på Blindern, skriv kritisk om boka til Kittang som er utanfor krinsen og frå ein eldre generasjon. Tilfeldig? Neppe.

Bruker dei makta si som krins til noko? Nei, eg finn ingen døme på det. Bromark tyr til Thon som trur at krafta frå Profil-generasjonen ikkje kan skapast på ny i dag: «Det er mye som tyder på at de er altfor individualistisk orientert. Men ettersom de tilhører samme generasjon, er venner og besitter sentrale posisjoner innenfor mange kretsløp, har de muligheten.» Slik kan vi sjølve tenkje oss til resten.

Forpint motstykkje

Det ville ha teke seg dårleg ut dersom ein påstod at alle i den same alderen tilhøyrde den same krinsen. Då hadde det vorte for tydeleg at det er tale om ei aldersgruppe, ikkje om ein krins. I ein kommentar i det same oppslaget, har Bromark funne motstykkjet. Han viser til at Borchgrevink har gjeve Tore Renberg dårleg kritikk i Vinduet, og spør seg om dei representerer to fløyar i same generasjon. Han peikar på eit par skilnader i romanskrivinga deira, og hevdar at dei ikkje er aleine på kvar sin kant: «Borchgrevink har litterære slektskapsbånd med forfatterne John Erik Riley og Mattis Øybø som alle gikk på Blindern sammen. Renberg tilhører, sammen med Karl Ove Knausgård og Lars Ramslie, en generasjonsfløy som utgikk fra forfatterskolene og miljøet rundt Universitetet i Bergen. Tidligere snakket man om Bø/Blindern-syndromet i norsk litteratur. Det er ikke sikkert det fortsatt gir mening.» Eg skal ikkje gå inn på kven som kjenner kvarandre, men er det påfallande litterære slektskap mellom Knausgård, Ramslie og Renberg? Ikkje det eg kan sjå. Renberg har til og med samarbeidd offentleg med «geniet i Blinderngjengen», John Erik Riley. Renberg var gjesteredaktør for Vinduet 1/2000, eit nummer om Island, saman med Riley og Nikolaj Frobenius. Dei skipa òg noko dei kalla Antirealistisk front. Fronten var tøysete og humoristisk, men dei tre var iallfall samkøyrde nok til å tøyse. Noko alvor låg òg bak. I eit intervju sa dei blant anna: «Skoleverk og anmeldere er flinke til å forholde seg til den klassiske realismen, men de evner ikke å arbeide seriøst med antirealismen, den fantastiske tradisjonen og det spekulative livet.» (Dagbladet 4.12.2000).

Eg vil konkludere med at nokon ny «Profil-krets» ikkje finst inntil det er prova. Desse folka må gjerne drikke vin saman til dei sovnar og kaffi saman til dei vaknar for min del. Det kan til og med hende at opptil fleire av dei er irriterande, usympatiske eller dårlege forfattarar, men så lenge det ikkje er påvist at dei driv med utidig, løynd maktutøving, vert oppslaget mest av alt sladder om nettopp kven som kjenner kvarandre. Ein må gjerne leite etter kva som er den rådande litterære smaken i ulike miljø, men dette er eit stort og vanskeleg arbeid. Dersom nokon finn ein hemmelege møteprotokoll der Blindern-krinsen har vedteke at Don DeLillo er den beste forfattaren og at Venstre er det beste partiet, tek det til å verte interessant.


Meir røyk utan eld

Saka om «Blindern-kretsen» er ikkje eineståande. Dagbladet har hinta om fleire konspirasjonar i sommar.

26. juli trykte avisa artikkelen «Dag Solstad – en verneverdig forfatter?» Slik er innleiinga: «I debatten om AKP (m-l) er Dag Solstad trukket inn som en litterær medløper. Dagbladet forsøkte å ringe noen forfattere som kunne bekrefte at hans 1970- og 80-tallsromaner var tvilsomme. Vi ringer fortsatt.»

Vi får fort ei kjensle av at her må det liggje noko bak. Stian Bromark set opp ein motsetnad mellom Solstad og Jan Kjærstad: «Det er blitt sagt at det er umulig å like både James Joyce og Marcel Proust. Det er en overdrivelse, men forskjellen gjenfinner vi i forholdet mellom Proust-entusiasten Solstad og Joyce-mannen Kjærstad.» Bromark viser til at Kjærstad debatterte litteraturkritikk i sommar, og streifa innom dei gode kritikkane Solstad som regel får.

Bromark siterer Kjærstad: «Jeg understreker, ja, jeg understreker to ganger, at dette ikke er en kritikk av Solstad eller formidlingen av han.»  Slik held Bromark fram: «Det er en helt naturlig posisjon for Kjærstad å innta under de rådende Solstad-omstendigheter. Noe annet er litteraturstrategisk uklokt. Imens har vi den pussige situasjonen at Solstad har gått inn i en posisjon hvor han ikke motsier samfunnet lenger. Og samfunnet motsier ikke ham. Bare forsøk. Ta en telefon. Svaret er «nei».»

Bromark har altså ringt i veg, men ikkje fått tak i nokon som vil seie at Solstads 1970- og 80-talsromanar er «tvilsomme». Dagbladet har ikkje funne anna enn at forfattarane dei har ringt ikkje vil seie noko negativt om Solstad. Eg vil tru at den mest plausible grunnen til dette er at dei ikkje har funne forfattarar som har noko negativt å seie. Kan hende dei til og med tykkjer utgangspunktet er dårleg – kva tyder det at Solstad-romanane er «tvilsomme»? I ideologisk forstand?

Nøkkelutrykket til Bromark er «litteraturstrategisk uklokt», altså eit hint om at folk meiner noko negativt om Solstad, men at dei kan tape på å seie det. Artikkelen byggjer opp under ein teori om at ingen torer å motseie eller rokke ved Solstad. Solstad er langt på veg eit levande ikon, og han er nok ikkje den lettaste å motseie eller kritisere. Kanskje den opphøgde posisjonen Solstad har fått er uheldig, men Dagbladet har ikkje påvist det. Dersom dei hadde funne ut at ein sentral norsk forfattar slakta Solstad i eit finsk tidsskrift, samtidig som han skrytte av Solstad i Dagbladet, hadde avisa hatt ei god sak.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |