Dag og Tid nr 33, laurdag 16. august 2003
Klok på bok 627:
Poetisk galenskap
«Eg har vore borte frå spalta di ei tid no, og det kjem av at eg har fått det travlare og travlare etter at eg vart pensjonist. Men denne gongen må eg vere med, særleg ettersom eg ikkje trong sjå etter korkje her eller der for å vera viss på kven forfattaren er. Emne og innhald, ordvalet, biletbruken, stilen og stemninga er som bumerke for Gunvor Hofmo. Diktet er på eitt vers og stod fyrst i Veisperringer som kom i 1973.
Sjølv gjekk eg på gymnaset på Trondheim Katedralskule då debutsamlinga hennar Jeg vil hjem til menneskene kom i 1946, og ho gjorde sterkt inntrykk på meg. Då Fra en annen virkelighet kom året etter, skreiv eg ein artikkel om dei to samlingane i det tidsskriftet gymnassamfunna i Trondheim gav ut, og eg spådde der at ... her er ein diktar vi må rekne med i framtida! Då eg møtte norsklæraren min frå realskulen, var ho ikkje nøgd med at eg hadde skrive på nynorsk. Det kunne ho ha rett i, ettersom eg sjølv var byjente og bokmålselev, og Gunvor Hofmo skriv eit vent og finspikka riksmål. Paradokset hadde rot i dei kulturhistoriske tilhøva: alle dei oppglødde debattane vi hadde på den tida om riksmål, nynorsk, bokmål, dialektar og samnorsk. I artikkelen oppfordra eg andre gymnasiastar til å lesa moderne lyrikk og baud dei låna dei
to Hofmo-bøkene mine. Ei av dei som slo til, var den seinare skodespelaren Rut Tellefesen; av skodespelarar er det spesielt Liv Dommersnes som fortener stor ros for dei mange Hofmo-programma sine.
Då eg nett rydda opp i pc-en min, fann eg eit brev eg hadde halvskrive til Jan Erik Vold som då arbeidde med biografien hennar. Tittelen skulle vera Mørkets sangerske. Det var eg mykje usamd i. Gunvor Hofmo var einsemda, sorga og lidinga sin diktar, og stjernelyset skin støtt gjennom dikta hennar. Liv Dommersnes kallar henne vår pasjonsdikterinne. Ein gong ringde eg Gunvor Hofmo då ho i Dagbladet hadde eit dikt Mainatt som eg ikkje heilt forstod. Då las ho diktet for meg. Eg kunne då òg fortelja henne at eg ein gong, oppe på diktarloftet til Sara Lidmann, hadde lese nokre av dikta hennar for Sara, og at Sara tykte mykje om dei. Gunvor Hofmo gav tydeleg uttrykk for at ho sette stor pris på dette. Til no har Gunvor Hofmo diverre delt lagnad med Henrik Wergeland, diktaren som i lidet Folk er født og med et Sprog som ej rækker fra sin Krog... Kven tek
utfordringa med å omsetje henne til andre språk så ho får den plassen ho fortener i verdslitteraturen», spør ho Rut Andrea Nervik i Trondheim og vinn på det.
Eg gir ordet til ein nabolending: «Hej Paula! Mail från din svenske läsare Arne Rörbecker: Hon föddes i 1921 och avled 1995. Debut 1946 med diktsamlingen Jeg vil hjem til menneskene. Är i mitt tycke en av de stora norska diktarna. I stort sett okänd utanför (och i?) Norge, dock utgiven i Sverige 1983 (Verkeligheten själv, ett urval dikter). Hon fick Kritikarprisen 1972 och Doblougprisen 1991, men aldrig Nordiska rådets litteraturpris, vilket hon väl varit värd! Hon är Mørkets sangerske, Gunvor Hofmo.»
Frå Valen i Hordaland har eg fått dette brevet: «Ein gong i 60-åra las eg eit vakkert dikt om ei bjørk. Det sa meg så mykje, og vart mitt fyrste møte med Gunvor Hofmo, som er svar på oppgåve 625. I fjor hadde eg den store gleda av å lesa den utruleg interessante biografien som Jan Erik Vold har skrivi om henne. Så han vart viktigaste sporet for meg denne gongen. Ja, og så at Gunvor Hofmo ikkje gav ut noko på 16 år», skriv ho Inger Marie Saltnes frå Valen.
«Hei Paula! Eg har ogso hatt det godt i ferien. Av og til sat eg og tenkte, men for det meste berre sat eg. Eg har sett og høyrt på regnet, lese gamle vekeblad og løyst kryss-ord med kulepenn. (Den som brukar blyant, er ei pyse!) Eg kunne godt ha gjort det mykje lenger. Forfattaren du vil ha, er (var) Gunvor Hofmo. Diktet står aller fyrst i Veisperringer, som kom ut i 1973, skriv ho Gudlaug Nedrelid frå Kristiansand.
Ho Tove Thorp i Oslo ynskjer meg velkomen attende i «bingen». Binge gir meg assosiasjonar til griser og Onkel Skrue. Eg trur eg held meg til pengebingetolkinga sidan eg har det gamle pengeskåpet frå posten ståande i kjellaren min enno.
Ho Merete Hoel i Loddefjord meiner å sjå spor frå ein annan stor: «Hei Paula, det er Gunvor Hofmo vi skal fram til denne gangen. Jeg gjetter på samlinga Stjernene og barndommen bare for å ha prøvd, og spør samtidig om det kan ha seg sånn at Hofmo i dette tilfellet har lånt første linje i det siterte diktet fra Dylan Thomas And death shall have no dominion. Om nå noen vet svaret på det?»
Klok på bok 627
Efter att jag hade kommit in på Kleppur, sinnessjukehuset som ligger som ett jättelikt slott vid havet, kom jag ihåg när jag var liten pojke och en regngrå, dimmig dag stod på den håliga gatan och tittade på husen och vattenpölarna. Då fick jag plötsligt syn på en medelålders man. Han kom gående nerför den regnvåta trappan utanför ett av husen. I sällskap med honom var hans son, en sävlig yngling omkring tjugo.
Lat dykk ikkje lure av den svenske språkdrakta. Eg veit ikkje kvifor eg har denne boka i svensk utgåve, men ho stod liksom berre der og ropte på meg i kveld. Den prislønte forfattaren er frå eit nordisk land, er vidgjeten og lys i leten. Kva meir skal eg røpe? Jau, den svenske utgåva kom i 1993. Send forfattarnamn og fagre ord til Dag og Tid, Pile-stredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 22. august.
Paula på posta
|