Dag og Tid nr 33, laurdag 16. august 2003
Media:
Kan vi lite på lovnadene til Kanal 4?
Kanal 4 lova mangfald, brei distriktsdekning og smal kultur da konsesjonen skulle sikrast. Med TV 2 som ny eigar er tonen endra. Får vi nok ein sentrumsdominert pludreradio?
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
For ein gongs skuld var det litt kulturpolitisk sus over kongeriket: I desember i fjor sette kulturminister Valgerd Svarstad Haugland foten ned for pludrekanalen og den notoriske konsesjonsbrytaren P4. Ho gav i staden konsesjonen for riksdekkjande, kommersiell radiodrift til nyskapinga Kanal 4.
Ikkje så rart, eigentleg, for søknaden til Kanal 4 var som skreddarsydd for verdiorienterte og distriktsvenlege norske politikarar. Kanal 4 lova brei distriktsdekning, smale kulturprogram, vitskap og livssyn, utanriksstoff og sendingar for etniske minoritetar. Kanal 4 skulle ha eigne redaksjonar for nyhende, kultur, samfunn og analyse/kommentar. Den sterke distriktsprofilen til kanalen skulle eigarskapen borge for: Blant eigarane var avisene Agderposten, Adresseavisen, Fædrelandsvennen, Gudbrandsdølen Dagningen, Harstad Tidende og Vårt Land.
Den spreidde eigarskapen vart det lagt stor vekt på i konsesjonssøknaden, der det stod: «For lytterne betyr eiersammensetningen i Kanal 4 et større mangfold på den nasjonale dagsorden.» At eigarskapen spelte ei viktig rolle for tildelinga av konsesjonen, var også leiinga i Kanal 4 fullt klar over. Etter at konsesjonen vart gjeven i desember i fjor, skreiv Kanal 4-leiinga i ei pressemelding med tittelen «Takk for tilliten!»: «Vi regner med at Kanal 4 ble valgt på grunn av vår sterke programprofil og regionprofil, men også fordi Kanal 4 har en solid og norsk eiergruppe. Kanal 4s eiere kan vise til lange og troverdige publisistiske tradisjoner.»
Pengemakt
Men så spørst det om Kanal 4 var verdige den tilliten dei takka så fint for? For i sommar kjøpte TV 2 seg kontroll over kanalen. Slik oppnådde TV 2 med pengemakt det dei ikkje klarte med sin eigen konsesjonssøknad: Å få seg ein radiokanal. Og sjølv om avisene ikkje har selt seg heilt ut av Kanal 4, er det ikkje tvil om at TV 2 som største eigar kjem til å setje sitt sterke preg på kanalen. Eit klart varsel om dette kom 1. august frå TV 2-sjef Kåre Valebrokk, som sa til Dagens Næringsliv: «Det vil være sært om kanalsjef Arne H. Krumsvik ønsker å bygge opp en egen nyhetsredaksjon.» For TV 2 og underbruket Nettavisen lagar jo så mykje nyhendestoff uansett, meinte Valebrokk. Seinare har Valebrokk moderert seg noko. Men haldninga bak utsegna hans står i grell kontrast til konsesjonssøknaden til Kanal 4, der ein kan lese dette: «Kanal 4 vil med sin regionale
forankring bidra til å forme det nasjonale nyhetsbildet med utspring i et bredt tilfang av nyhets- og aktualitetssaker fra hele landet. På denne måten er kanalen med på å virke som motvekt mot ensretting fra nyhetsmiljøet i hovedstaden.»
Og dette: «(...) vi mener at selve eiertilknytningen også vil representere en styrking av miljøene for kritisk og uavhengig journalistikk i distriktene og virke balanserende mot ensretting fra nyhetsmiljøet i hovedstaden.»
«Stemmer fra hele landet» var det taktisk lure slagordet Kanal 4 valde seg. No fryktar mange at det heller blir «Stemmer fra hele TV 2». Kanal 4-sjef Arne H. Krumsvik har i det siste snakka lite om minoritetsstoff og distriktsdekning, men derimot kome med utsegner som denne: «Liker du TV 2, vil du like Kanal 4». Kommentatorar frå Dagens Næringsliv til Klassekampen meiner Kulturdepartementet har blitt lurt trill rundt, og at Kanal 4 kjem til å bryte dei fagre lovnadene sine frå første sendeminutt.
«Grobian»
Ein av dei mange som er skeptiske til TV 2-oppkjøpet av Kanal 4, er medieprofessor Jostein Gripsrud ved Universitetet i Bergen. Han kalla Kåre Valebrokk for ein «mediepolitisk grobian» i spalta si i Dagens Næringsliv 9. august. Gripsrud meinte TV 2-sjefen viste ein urovekkjande mangel på respekt for konsesjonsavtalen til Kanal 4, og tykte radiosjef Arne H. Krumsvik verka klar til å vrake det meste som gav kanalen konsesjonen.
Kva er så gale med dette oppkjøpet, Jostein Gripsrud?
Vel, det framstår som nokså underleg. Kanal 4 fekk konsesjon ikkje minst ut frå ein distriktsprofil som var knytt til eigarstrukturen. Det minner litt om lokale lakseoppdrettarar som får konsesjon ved å spele ut distriktskortet, og så snur på hælen og sel til Pan Fish like etterpå. Den redaksjonelle profilen til Kanal 4 var basert på avisene som eigarar, seier Gripsrud.
Da TV 2 overtok, kom straks merknadene frå Valebrokk om at det er irrasjonelt for Kanal 4 å lage eigne nyhende for TV 2 og Nettavisen er jo så gode på det frå før. Valebrokk har rett nok kome med modifiserande merknader etterpå, men det var ei urovekkjande haldning han viste.
Er det ikkje for tidleg å seie om radiosjef Arne H. Krumsvik vil springe frå konsesjonsvilkåra?
Jau, men det kan låte slik når han seier at «dei som likar VG og TV 2, skal få det same i Kanal 4». Om ein les konsesjonssøknaden til Kanal 4, liknar det ikkje på TV 2. Men om utsegna til Krumsvik berre var ein uforpliktande måte å seie at Kanal 4 vil lage underhaldande radio, så burde han heller ha sagt det, meiner Jostein Gripsrud.
Tyder oppkjøpet til TV 2 at ein viktig føresetnad for tildelinga av konsesjonen har falle bort?
Det er vanskeleg å seie. Det viktigaste er kva slags redaksjonelt produkt som kjem. Om Kanal 4 held fast ved lovnadene i søknaden sin, treng ikkje oppkjøpet vere skadeleg. Eg vil nok seie det er bra at Kanal 4 blir finansielt styrkt og får profesjonelle medspelarar. Når Kanal 4 skal omsetje prinsipp i praksis, er det ein fordel om ein ikkje heile tida skal frykte konkurs. Og om Valebrokk klarer å halde synergitenkinga si i sjakk, kan eigarskapet vere ein styrke og gje handlefridom.
Fantasilaust
Jostein Gripsrud er ikkje blant dei som avviser at Kanal 4 har ein sjanse til å halde lovnadene sine.
Eg trur faktisk at dei kan det. Eg irriterer meg grenselaust over den tenkinga som dominerer i TV 2 og P4: At andre krav til programprofilen enn det å lage profesjonelle nyhende, blir sett på som unødige statspålegg. Rune Brynhildsen i P4 har kalla det «typiske konsesjonsprogram som må stappast inn på dei tidene vi har færrast lyttarar». Det er så fantasilaust, sukkar Gripsrud.
Det er frykteleg vanskeleg å få forretningsfolka som leier ein radio til å forstå at det går an å lage anstendig radio utan å keie folk. Det er meir journalistisk utfordrande, men det er fullt mogleg. Eg meiner Kanal 4 har føresetnader for å lage real, anstendig allmennradio som er populær. Det treng ikkje vere djuptpløyande og akademisk.
Du har lita tru på at ein fri mediemarknad automatisk fører til mediemangfald?
Ja, det er berre ein dum tanke. Det er slik at heilt fri konkurranse tenderer mot einfald og det einsarta, meir enn mot mangfald. Eit klassisk døme frå marknadsføringsforskinga: Om nokon skal selje is på ei to kilometer lang strand, set han ikkje opp bua i den eine enden, han set henne midt på stranda. Og ein kommersiell radiokanal som skal få så mange lyttarar som mogleg, plasserer seg òg i midten av marknaden.
Utan press utanfrå blir stoff for minoritetar eller det som krev meir arbeid å gjere interessant, skadelidande, seier Jostein
Gripsrud.
Vi skal ikkje lure oss unna
Eg har ikkje sagt at Kanal 4 skal likne på TV 2. Eg har sagt at om du likar det eine, kjem du truleg til å like det andre, seier radiosjef Arne H. Krumsvik.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Det er radiosjef Arne H. Krumsvik som ber ansvaret for å gjere dei store orda i søknaden om til radiorøyndom i Kanal 4. Den tidlegare redaktøren i Romerikes Blad lovar at han tek konsesjonen djupt alvorleg.
Innhaldet i konsesjonssøknaden står fast. Det vi har lova der, skal vi levere, forsikrar Krumsvik.
Samansetjinga av eigarar var ein av grunnane til at Kanal 4 fekk konsesjonen i fjor. Når eigarskapet no er endra, vil ikkje det seie at Kanal 4 har fått konsesjon på falske premissar?
Nei. Det å eige og det å lage innhaldet er to ulike ting. Nye eigarar vil ikkje seie at det blir ein heilt annan radio. Vi søkte TV 2 som samarbeidspartnar, fordi vi ville ha ein partnar som kan styrkje oss i utviklinga. Og vi vil jobbe aktivt saman med både TV 2 og avisene i eigargruppa.
Du har nyleg sagt: «Likar du å sjå på TV 2, er det mest sannsynleg at du kjem til å like Kanal 4 også». Kva meiner du med det?
Det eg meiner, er at Kanal 4 har ei målgruppe som er lik TV 2 si. Vi vender oss til same målgruppe. Da er det naturleg at dei som likar TV 2, også vil like Kanal 4. Vi har definert hovudmålgruppa vår som folk i alderen 20 til 40, og det er nokså likt TV 2 si målgruppe, seier Krumsvik.
Men når eg ser på konsesjonssøknaden til Kanal 4, så synest eg ikkje det liknar på TV 2 i det heile. Kanal 4 lovar ei mangfaldig kulturdekking, brei distriktsdekning, minoritetsstoff, sendingar på samisk det minner ikkje mykje om TV 2?
Eg har ikkje sagt at Kanal 4 skal likne på TV 2. Eg har berre sagt at om du likar det eine, kjem du truleg til å like det andre. TV er ein ting, radio noko anna. Vi skal ikkje lage TV 2 på radio, men vi vil gjerne samarbeide med dei.
Og kva form kan det samarbeidet få?
Det har vi nett byrja å snakke om. Men det kan vere alt frå rekneskap til deling av programleiarar, eller produksjon av innslag og reportasjar. På same måte er vi i dialog med avisene i eigargruppa om kva dei kan bidra med. Vi må bruke nettverket vårt aktivt. Du kan seie at TV 2 driv bergenskontoret vårt.
Korleis reagerte du da TV 2-sjef Kåre Valebrokk sa at Kanal 4 ikkje trong nokon eigen nyhenderedaksjon?
Eg hadde snakka med han på førehand, så eg visste kva han prøvde å seie. Slik eg opplever det, har Valebrokk tru på at han kan levere ting til oss. Det vil også mange avisredaksjonar gjere.
Valebrokk snakka om meir enn å berre bidra litt. Han sa at Kanal 4 ikkje trong sin eigen nyhenderedaksjon.
Ja, men... Eg har ikkje så mykje å seie om det, anna enn at vi skal definere storleiken på nyhenderedaksjonen vår sjølve.
Mange kommentatorar er sikre på at Kanal 4 kjem til å bryte lovnadene i konsesjonssøknaden dykkar?
Eg synest det er litt spesielt å bli offentleg utpeikt som komande lovbrytar, før vi har hatt ei einaste sending. Vi bør
få ein sjanse før folk konkluderer med noko, meiner Krumsvik.
Men både P4 og TV 2 sprang frå lovnadene og konsesjonskrava sine så snart dei var på lufta. Kvifor skal det gå annleis med Kanal 4?
Kva P4 og TV 2 gjorde, er ikkje viktig for oss. Vi skal lage Kanal 4, og eg har fått i oppdrag å lage ein kanal som det er lova i søknaden.
Og du er ein mann av ære, så deg kan vi lite på?
Det får andre vurdere. Men eg ser ingen grunn til at vi skal lure oss unna lovnadene våre. Eg trur særpreget vårt kjem til å bli ein konkurransefordel. Det er ikkje fornuftig av oss å kopiere andre, vi skal finne vår måte å lage radio på, seier radiosjef Krumsvik.
|