Dag og Tid nr 33, laurdag 16. august 2003
Bøker:
Gode og viktige dikt
Lite We are the World-stemning her, heldigvis. Det er litt 60-tal, litt frisk satsing over denne antologien.
Marius Hjelle (red.):
Pax Poeta
Samlaget
«Den langstrakte lidinga interesserer ikkje/ overskriftene talar eit anna språk». Dette skreiv Paal Helge Haugen om Chile, i 1978. I år er det vel nokon kvar som er trøytte av krigen, så trøytte at ein ikkje ein gong klarar å hissa seg skikkeleg opp når statsministeren gjer det han kan for å sabotera for EU sitt press mot Israel. Men dette gjer ikkje utgjevinga av antrikrigsantologien Pax Poeta mindre viktig. Tvert imot.
Boka inneheld bidrag frå 49 norske poetar, dei aller fleste av dei nyskrivne for høvet. Temaet er «Poetar for fred». Inntektene går til Leger uten grenser. Og her står etablerte namn som
Helge Torvund, Eldrid Lunden og Jan Erik Vold jamsides folk som Gunnar Wærness, Torunn Borge og Nora Simonhjell. Dei einaste som glimrar med sitt fråvere, eller truleg med sin mangel på invitasjon, er den etter kvart ganske omfattande gruppa av flyktningpoetar i landet vårt. Men dei kan kanskje komma med ein eigen antologi seinare?
På eigne bein
Fleire av forfattarane er prega av at dei her må skriva dikt som står på eigne bein, utan ei heil samling å støtta seg til, og at dei skal uttrykkja noko om eit konkret tema. Dette kan ein nok sjå at boka har tent på. Ikkje fordi eg har noko imot den vanlege, diktsamlingsbaserte lyrikken. På ingen måte. Men på grunn av dette direkte har Pax Poeta fått ein eigen tone, eit snev av noko som ikkje er vanleg lenger. Det er litt 60-tal, litt frisk satsing over denne antologien. Som den gongen varierer tekstane frå det korte, underfundige, til den lange, utbygde poetiske refleksjonen. Og som den gongen er interessa for å prøva ut nye roller så stor at ein ikkje veit kva ein kan venta seg når ein blar om til ei ny side.
Kvaliteten på dikta er gjennomgåande god. Av 78 tekstar, om eg har talt rett, er det bare tre som er direkte pinlege. (Men dei er til gjengjeld pinlege òg.) Så det er lite We are the World-stemning her, heldigvis. Og til saman kan ein oppfatta boka som ei utprøving av ulike vegar ein kan gå for å skriva politiske dikt utan å bli missa den kunstnarlege nerven, og utan å jaga folk med eit anna politisk utgangspunkt i skyttargrava.
Variert
Som sagt er det mykje forskjellig her. Og derfor er det vanskeleg å velja ut noko representativt. Sjølv har eg i alle fall falle for to kortdikt av Ingrid Storholmen.
Her er det eine:
Barmarksrøyk. Ein skugge står i skogkanten og ser
ned på huset og lysa i kveldsvindauga
bak gardina ei kort rørsle
Nokon vil bli sett
vil syne jegeren at byttet finst
og veit ventar
Og her er det andre:
Kalven var brunt opprotna
for å redde kviga skar dei han ut
Føtene først, med mjuke ubrukte kløver
det vesle hovudet
Å vere født død, i bitar
Nå er det kanskje nokon som vil innvenda at dette ikkje er antikrigsdikt. Men det er det jo. Og om dei ikkje hadde stått i ein kontekst som gjorde det tydeleg, kunne ein jo som Robert Blys «during the Hanoi Bombings» ha sett inn ei tidfesting: «Skrive medan diktaturet i NN går inn i 25. året», eller noko slikt. For det er vel dét Lønnebotn her formidlar. Det som er passivt til stades i ein situasjon som ikkje endrar seg heile tida, men som er forsvarslaust og skuldlaust i hendene på ein konstant og latent vald. Og ein slik tilstand er det fullt mogleg å skriva god poesi om, det ser me jo.
Det slår meg at lyrikken kunne vera tent med fleire slike oppdragsbøker, der redaktøren litt som ein gammaldags fyrste tingar nyskrivne dikt om eit oppgjeve tema. Temaet kunne vore politisk, men like gjerne allmennmenneskelege fenomen som overgangsalder, burnout eller kva veit eg. For det er tydeleg at forfattarane får tak i noko friare når dei ikkje skal skriva fram ei bok og ein forfattarskap, når dei kan nøya seg med å skriva eit godt dikt. Og ein slik meirsmak er vel ikkje det dårlegaste skusmålet ein lyrikkantologi kan få?
Hadle Oftedal Andersen
|