Dag og Tid nr. 32, laurdag 9. august 2003
Roald Helgheim:
Mørke midt på dagen
Til ferien høyrer også ein dag i bokbyen, ein bokby som i Fjærland byr på mange historiske funn, for den som har tid til å leite i det enorme og veksande tilbodet. Årets fangst heiter Arthur Koestler, den ungarskfødde forfattaren som i 1940 skreiv romanen Mørke midt på dagen (Darkness at Noon), ein roman frå landet «der borte», eit land som i røynda er Russland, med ein hovudperson kalla N.S. Rubatsjov. Som forfattaren skriv i forordet, er Rubatsjovs liv «en syntese av livet til en rekke menn som ble offer for de såkalte Moskvaprosessene.» Koestler kjende fleire av dei personleg, og boka er vigd til deira minne.
To år før Koestlers roman kom Nordahl Griegs Ung må verden ennu være. Tilfellet ville at eg las begge om lag samstundes ein gong på sekstitalet, ein roman der forfattaren med utgangspunkt i prosessane tar det endelege oppgjøret med kommunismen, ein annan der prosessane nesten styrkte forfattaren i trua. Som litteratur gjorde dei eit like sterkt inntrykk på mitt liberale ungdomssinn, og gjensynet med Koestler, som først kom på norsk takk vere den eineståande gule serien Sigurd Hoel redigerte for Gyldendal, var ikkje mindre skilsetjande i lys av eit pågåande politisk ordskifte.
Både Grieg og Koestler (fødde i 1902 og 1905) var kommunistar, forfattarar og journalistar som mellom anna var i felten under den spanske borgarkrigen. Koestler gjekk inn i kommunistpartiet i 1931, men trua hans vart sett på den første prøva då han budde i Russland under hungerkatastrofen i 1932-33. I Spania hamna han i Francos fengsel som dødsdømd. Då krigen braut ut i 1939, var han i gang med romanen om Moskvaprosessane, eit arbeid som vart forseinka då han melde seg til kampen mot Hitler. Han skreiv seinare om det han opplevde i ein fransk interneringsleir i 1939 i Jordens berme. Mange av bøkene hans kom i den gule serien (min bokby-fangst er på sju), og essaysamlinga Yogien og kommissæren (på norsk i 1946) er blant dei mest kjende av Koestlers politiske debattbøker. Nordahl Grieg døydde som norsk krigshelt i 1943. Koestler gjorde sjølv slutt på livet sitt i 1983.
Med sin kommunistiske ballast viser Koestler djupt innsyn i systemets nedbryting av ideologiske avvikarar. Den arresterte Rubatsjov er sjølv ein leiande politikar og revolusjonshelt, men han greier ikkje lenger å underordne seg ein partipolitikk der målet helgar alle middel. Han har ikkje drive organisert opposisjon eller gått i fiendens teneste, men når vi møter han i fengselet har han alt gått på akkord med si politiske overtyding. Hittil har han berga seg med det vi kallar sjølvkritikk, politiske botsøvingar alle veit er rituelle, men som er avgjerande for fasaden. Dessutan har han gjort sine politiske bondeoffer når han som representant for Internasjonalen (Komintern), skal forklare utanlandske kameratar det naudsynte i det som ved avgjerande høve fortonar seg som politiske svik (dei aktuelle hendingane er lette å kjenne att). Ved eit høve ofra han sin eigen kvinnelege sekretær utan protestar, og
gjennom førsteforhøyraren Ivanov møter han seg sjølv i døra, ein kommunistisk intellektuell som forklarar han at vi er to alen av same stykke som berre har hamna på kvar vår side. Og denne leksa frå Ivanov har du sikkert høyrt før:
«Hvert eneste år er det flere millioner av mennesker som dør en meningsløs død av epidemier og andre naturkatastrofer. Skulle vi så rygge tilbake for å ofre noen få hundre tusen, når det gjelder det største eksperiment i historien? For ikke å snakke om de utallige skarer som dør av underernæring og tuberkulose i kull og kvikksølvgruver, på rismarker og bomullsplantasjer.»
I fengselsdagbøkene startar Rubatsjov sjølv på ei ettersynkronisering av sine politiske handlingar, han utviklar «teorien om den relative modenhet» som forklaring på partiets naudsynte diktatur over massane, og er mogen for å skrive under ein klassisk sjølvkritikk, høveleg til offentleg botsgang. Men då har den milde kommissær Ivanov sjølv falle i unåde. Kommissær Gletkin er ein hardliner som vil ha full pakke: Eit ynkeleg offer motbydeleg nok til å bli framstilt under dei offentlege prosessane, og han kjenner metoden for å få det til. Det er eit spørsmål om konstitusjon, seier han mens han systematisk bryt ned offeret til ei tilståing det veit endar med
døden, etter at den offentlege anklagaren for all verda har måla eit fullverdig bilde av ein sann folkefiende. Mørke midt på dagen er ein klassikar på line med Orwells 1984 og Milovan Djilas Den nye klasse.
Den mannen historia kjenner som Stalin kallar Rubatsjov i romanen «Nr 1». Soga seier at partiets førstemann er ein ivrig lesar av Machiavelli, som ein gong gav slik instruks:
«Stundom må ordene tjene til å skjule virkeligheten. Men dette må skje på en slik måte at ingen legger merke til det. Og hvis en legger merke til det, må en ha unnskyldninger på rede hånd og framlegge dem øyeblikkelig.»
Som ein ser, er dette ei oppskrift på politisk glideflukt, eit framståande kjenneteikn ved alle parti i den kommunistiske tradisjonen. Det vesle partiet som no endå ein gong er under eld, er runne av den same tradisjonen. At den gammalkommunistiske arven frå Stalins Russland som var å tvinge terrenget til å stemme med kartet i utgangspunktet utgjorde ein del av partiets fundament, er den grunnleggjande årsaka til at ei politisk rørsle mange idealistar slutta seg til, måtte gå i ideologisk oppløysing, slik at AKP i dag er ei sekt utan politisk ryggrad. Difor er partiet dømt til å sprelle i garnet så lenge det eksisterer.
|