Dag og Tid nr. 32, laurdag 9. august 2003

Klok på bok 626:
Ein annan skål

«Meir latskap enn klokskap i ein sommar så varm og full av sol og lauging at ein heilt gløymer at bukta frys til ved juletider. Sitatet trur eg er henta frå den fjordisboka som gjorde mest inntrykk på meg, Inger N. Bråtveits ‘Munn mot ein frosen fjord’. Francis Bull sa at det skulle stå noko i kvar setning, og det stod noko både i og mellom linene der. Med sommarhels Elen Maria Todal, 7206 Hellandsjøen.»

Over til Trondheim: «Klok på bok i såmmårvarmen, no e det så myijtti som foregår i Trondhjæm i Olavsfestdåggån at det e næsten itj tid te å sjå på kpb-oppgavan. Konserta og utstijllinga og foredrag å middelaijldermarked i borggården på Erkebispegården, rætteli Ridderturneringa på Kongsgårdsplassen (syijnn at itj’n Adrian fekk opplævva dæm, det ha’n likt trur æ). I går kveijll va det konsært med Moskvapatriarkatets Mannskor frå St. Basil-katedralen, å du store verden fer nå sangera. Stappfoijllt i Frukjerka, eijnnda det gikk parallelt med to aijnner store evenemang. I mårråkveill ska vi i Nidarosdomen å hør på’n Palle Mikkelborg med Brass Brothers, så da bli åsså Sunnmøre presentert på Norges suverent største festival. Men så va det oppgaven. Æ faijnn ut at det herre va eijnnda ei ny og lovende ong dame som apseluijtt bør få en sjangse te å kom fram i lyset. Æ sei bærre, ære være ijnnkjøpsordninga som gi mang en spire et puff så’n kaijnn få løst te å væks vi’ar å kanskje bli nå stort. Inger Bråtveit skreiv ‘Munn mot ein frosen fjord’. Det såg lovende ut, syntes æ. Fortsatt god såmmår!», helsar han Kaare Stegavik i Trondheim.

Ho Ellen Pauline Borch Veum i Gaupne har fått endå fleire namn. Du har vel ikkje gått av stad og gifta deg, jente? Ho tippar rett: «Eg får diverre ikkje sjekka om dette er riktig, for ho Inger Lomholt har allereie vore i biblioteket og lånt boka. Forresten gjer akkurat det meg sikrare på at svaret er riktig

Ho Ingrid i Gaupne har nok vore på biblioteket, ja: «Kjære Dale-Oskar og Barabass. Denne gongen heiter forfattaren Inger Bråtveit (78), og debutromanen hennar ‘Munn mot ein frosen fjord’ (02). Det står at handlinga er ei forteljing som følgjer draumen sin logikk. Er draumar logiske? Det står òg om perler, hundar og hoppande kaninar, men ikkje om fuglen som veit ‘at alt finst og at det er det som er det verste’. Eg skal lese boka ein gong til i morgon», helsar ho Ingrid.

Ho Ranveig Lundquist i Orkanger sender blomekort med rett svar. Ho Bergljot Selvåg i Stavanger trur at svaret er suldals-jenta Inger Bråtveit. Ho Hilde Matre Larsen i Oslo er nøgd: «Hei til sommerpaulavikarene! Dette var en fin oppgave. Svaret er Inger Bråtveit: ‘Munn mot ein frosen fjord’ – en usedvanlig vakker liten bok».

«Dette kjem nok litt seint, men eg tykkjer eg må få sagt at eg og mammo veit kva bok som er i Klok på bok 26. juli. Eg har ikkje lese boka enno, men har høyrt forfattaren lesa opp på landsmøtet i Mållaget – og det gjorde inntrykk
», skriv ho Gudrun Kløve Juul.

«Svaret på Klok på bok-spørsmålet denne veka er romanen ‘Munn mot ein frosen fjord’ frå 2002 skriven av unge frøken Inger Bråtveit. Eg kunne sikkert ha skrive mykje artig i tillegg til svaret på oppgåva, men ettersom eg eigentleg ikkje får lov av mor mi til å vera på internett før kl. 17, er eg nøydd til å gjera dette kjapt før ho oppdagar meg
», skriv ho Agnes Ravatn, student, frå Ølen.

Eg sender deg premien, Agnes, i tilfelle mor di les dette. Så har du noko å gi blidgjere henne med om ho skulle bli sur!

Eg har så vidt hatt tid til å lese avisa i sommar, men det er rart med det – eg må følgje med kva dei driv med desse karane, slik at eg eventuelt kan skryte av det gode arbeidet dei gjer. Men, ja for det er eit men. Eg må vedgå at eg mislikte at dei røpte uhellet mitt i fjor sommar. Som de kanskje hugsar, var eg kjempenøgd med den nye hengjekøya mi. Sidan eg hadde lege og svaia halve sommaren, hadde eg fått ein slags idé om at den gamle høgdeskrekken min var forsvunnen av seg sjølv. Freistande frukter hang i trea, og eg tenkte at no skal gamla til pers. Som sagt så  utgjort. Ikkje før hadde eg strekt meg etter den raudaste morellen, før eg flata ut så lang eg var. Eg landa so aldeles forkjært at eg altså klarte å vrikke både handa og okla. Det som gjorde fallet endå flauare, var at eg hadde hatt ein noko uvøren omgang med heverten då eg skulle ha eple-vinen på flasker. Eg måtte rett og slett svelgje unna for ikkje å drukne. Då skjønar de at eg ikkje hadde noko i eit tre å gjere! Men det var heldigvis venstrehanda som tok imot. Difor halta eg meg likevel fram over tastaturet  såpass eg fekk levert spalta.


Klok på bok 626

Moren min vekker meg om morgenen, så legger hun seg igjen. Hun roper: Mari! inn til meg, så legger hun seg. Før hendte det hun satte over kaffen og satt ved kjøkkenbordet og drakk kaffe når jeg kom, noen ganger var vannet kokt ut og kjelen helt rød, for hun hadde lagt seg igjen. Fra sengen roper hun at jeg skal rekke bussen. Hun sitter oppe om nettene og drikker.


Denne romanen er ung og han er skriven av ein forfattar med mange bøker på baken. Ein engasjert, elska og hata forfattar, som debuterte med ei barnebok i 1983. Dei siste åra har vaksenbøkene dominert. Stikkord: Ytringsfridom, 1959.

Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 15. august.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |