Dag og Tid nr. 32, laurdag 9. august 2003
Cuba:
«De forteller om en kultur bygd på redsel»
George W. Bush lurte Castro til å provosera Jon Lilletun til å kritisera stortingsrepresentantane Hallgeir Langeland og John Alvheim, og gjorde såleis Cuba til sak i eit norsk kommuneval. Det er eit kunststykke.
KOMMENTAR
I ein kronikk i Dagbladet måndag 4. august, går parlamentarisk leiar i Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun, kraftig i rette med Hallgeir Langeland (SV) og John Alvheim (Frp), som han meiner er romantiske og ukritiske til regimet på Cuba.
Same dag slo FN på eige initiativ alarm om at halve folket i Haiti, næraste nabolandet til Cuba, held på å forkoma av svolt. Utan at det til no har blitt noko heitt tema i kommunevalkampen her i landet, eller for den del noko anna val nokon stad på kloden medrekna Haiti. I 2003 er 75 fengsla opposisjonelle cubanarar av større politisk interesse enn 3,8 millionar matlause haitianarar.
Hallgeir Langeland vil gje Nobels Fredspris til Fidel Castro, og John Alvheim ymta, i ein kjensleladd seanse med sosial-komiteen på synfaring i Havanna i 1999, om at det er takk vera menneskesynet at arme Cuba har betre helsestell enn sjølv dei rikaste land på jord.
Lilletun lèt oss forstå at dei to stortingskollegaene med det har gjort seg til nyttige idiotar for Fidel Castro og reiser såleis, men i vanvare, ei rekkje interessante spørsmål:
Er det verre å gjera seg til nyttig idiot for Fidel Castro enn for George W. Bush? Er regimet på Cuba verre enn det Haiti har? Er Lilletun betre enn Langeland? Er ytringsfridom viktigare enn mat? Er ytringsfridom føresetnad for mat? Kan organisasjons- og ytringsfridom stå i motsetnad til mat? Og er ikkje alt lov i kjærleik og krig i Bagdad og Washington så vel som i Havanna?
Solidariteten
Jon Lilletun er, som politikarar og folk flest i EU og USA, opprørt av dei summariske rettssakene i mars 2003, der ikkje-kriminelle opposisjonelle cubanarar blei dømde til fengsel i opptil 28 år for landssvik, og ti av dei representerer det kristelege folkepartiet på Cuba.
Cubanske styresmakter har freista møta kritikken mellom anna med å gje ut boka Los dissidentes, der «brotsverka» til dei opposisjonelle er grundig dokumenterte med prov, faksimilar og vitnemål samla frå regimetru infiltratørar. Boka syner ikkje anna enn at opposisjonelle jamleg har hatt møte med og fått pengar frå tilsette ved interessekontoret til USA i Havanna.
Kor ille er det?
I krig og kjærleik
Styresmaktene, men òg mange vanlege menneske på Cuba, tykkjer ille om dei som tener fienden. Dei ser det slik at USA er i krig med Cuba og at det då er andre lover som gjeld, ikkje minst for femtekolonnistar.
Eit slikt syn er korkje betre eller verre enn det redaktør Finn Jarle Sæle lét trykkja på leiarplass i den kristne avisa NorgeIdag: «Norge er i krig og fienden ser selvsagt på Norge som et terrormål. Jeg mener at det var en tabbe da vi under Arbeiderpartiet avskaffet dødsstraff i krig», skriv redaktøren.
Noreg i dag er i krig, men ikkje Cuba?
USA har drive kald krig mot Cuba i meir enn 40 år, det veit alle. Men for vernepliktige cubanarar og familiane deira, det vil seie så godt som alle på øya, har krigen òg vore brennheit: Det er vel dokumentert at både denne og den førre presidenten i USA har ønskt å ta Cuba med makt, og at planane berre har blitt skrinlagde etter råd frå fagmilitære som åtvara mot urimeleg og useljeleg store tap av cubanske liv. Cubanarane har halde pusten medan presidenten i USA talde på knappane: Bomba eller plaga?
Nålestikk
Tidlegare presidentar har stort sett nøydd seg med boikott, diplomatisk press, rette og urette skuldingar og mindre, halvhjarta attentat. Men med George W. Bush på plass i Washington og James C. Cason til handgangen mann i Havanna, har provokasjonane nådd nye høgder, blitt meir sofistikerte og meir politisk korrekte. (Når brørne Bush no kjøper røyster frå mafiaen i Miami, blir det bokført hjå USAID som utgift til menneskerettsarbeid).
Det er såleis ikkje heilt utan grunn at «menneskerett» har blitt eit skjellsord hjå mange bra folk på Cuba som «terrorisme» har blitt i USA. Stundom har det vore to ord for same fenomen, til dømes då eksilcubanaren Orlando Bosch ytte sin skjerv til demokratiseringa av Cuba med å sprengja eit fullt passasjerfly, til applaus og pardong frå senator Bush, bror til presidenten.
På limpinnen
I mars 2003 svara Fidel Castro på tiltalen. Mange meiner han svara feil, at han gjekk på limpinnen då han lét fengsla dei 75 opposisjonelle. Reaksjonsforma burde høyra fortida til, men ho kan òg vera taktisk uklok: Opposisjonen på Cuba kan ha størst effekt bak lås og slå, av di ei prioritert oppgåve har vore å fortelja omverda kor ille det er på Cuba. No kan dei demonstrera det òg.
Jon Lilletun er overtydd, og han vil ha Alvheim og Langeland med på ein norsk dugnad i Cuba-kritikk. «Å sikre menneskerettighetene og en kritisk dialog», som han seier.
Lilletun-dialogen
At den mektige cubanske staten trakkar på den litle mannen i gata, er like trist og ille som at USA i ein større målestokk trampar på vesle, venelause Cuba. Kva «underdog» skal ein mann som Langeland då heia på? Må ein vera mot den eine om ein held med den andre?
Jon Lilletun ønskjer at «Castros harde politikk overfor menneskerettighets- og demokratiforkjemperne skal være en del av det bildet folk har av Cuba». Eg er ikkje usamd i det. Men fortener sjølvoppnemnde leiarar for organisasjonar og parti som er så godt som utan medlemer å stå sentralt i det cubanske landskapet? I biletet Lilletun teiknar, lét han dei 75 opposisjonelle fylla heile lerretet, og han smør tjukt på: «Hvert år havner Cuba på Amnesty Internationals liste over verstingene når det gjelder menneskerettsbrudd», skriv Jon Lilletun. Men anten lyg han her, eller så lyg Amnesty: Folk «forsvinn» ikkje på Cuba. Styresmaktene lèt ikkje utføra drap, massakrar eller folkemord, slik ein elles opplever både på desse og andre kantar av verda. Lilletun serverer rått det dei opposisjonelle kjeldene hans har kokt i hop: «De forteller om en kultur bygd på
redsel...» At cubansk kultur skulle byggja på redsle, er ein mildt sagt pussig påstand. Det trur eg mange vil vera samde i som har vore der, eller, om ikkje anna, har sett og høyrt Buena Vista Social Club.
Ein kunne truleg med større rett seia det motsette at cubansk kultur byggjer på mot, det er ein macho-kultur. Ein kunne seia at cubanarar er påfallande uredde.
Lilletun kritiserer dei uverdige tilhøva i cubanske fengsel, og han kan ha gode grunnar til det. Men eg undrast likevel på om ikkje dei hundretals fangane som president Bush har ståande på kne i austre enden av øya på Guantanamo gjerne hadde bytt plass med dei politiske fangane til Fidel.
Konklusjonen
Dette siste er eit noko billig poeng. Men Jon Lilletun skriv at han ønskjer attende den kritiske dialogen mellom Noreg og Cuba om menneskerettar som kom i stand under Bondevik I-regjeringa utan å nemna USA. Er ikkje det som å teikna Oslo-avtale berre med palestinarane?
Og kva skal Lilletun med dialog når han alt har konkludert?: «Hensikten fra regimet er klart: Å ødelegge og demoralisere demokratibevegelsen. Castro vil ødelegge det lille håp som spirer. Han ønsker at cubanerne skal kjenne seg enda mer maktesløse», påstår den parlamentariske leiaren i regjeringspartiet Krf.
Det er ingen løfterik start på ein dialog. Har ikkje Noreg meir konstruktive og informerte innspel å koma med, er det betre for alle partar at Cuba finn ein annan samtalepartnar. Kvifor skulle «hensikten fra regimet» vera så patologisk destruktiv? Er det ikkje rimelegare å tru at «hensikten» ganske enkelt er å berga stumpane av den karibiske sosialismen som Fidel Castro og tusentals andre cubanarar har stridd for i ein mannsalder mot alle odds, mot Supermakta? Det er framleis mange hardt prøvde folk og land som ser opp til Cuba for dette i mangel av andre og betre føredøme. Det er òg ein del av det cubanske biletet.
Eg trur Fidel alt har tapt kampen, og at det no kan vera like godt, for alt har si tid. Men eg undrast på kva Cuba hadde vore utan revolusjonen og Fidel. Kva og kven hadde rådd i staden?
Alternativet
Hadde eit Cuba utan Castro vore som Miami eller som Haiti? Truleg Haiti, og kva er vunne med det? Der var ille før invasjonsstyrkane til USA hærtok Haiti i 1994 og reiste frå det med Jean-Bertrand Aristide som president. Han sit ved makta den dag i dag, som ein liten Castro. Haiti er i dag det fattigaste av alle landa i Latin-Amerika og Karibia, og det seier ikkje lite. No slår FN alarm: 3,8 millionar menneske svelt, halve det haitianske folket. Amnesty melder om daglege drap, forsvinningar og tortur. Av ein samla arbeidsstokk på 4,1 millionar er berre 110.000 haitianarar formelt sysselsette, kan FAO, FN-organet for mat og jordbruk leggja til. Meir enn 1,2 millionar born lir av HIV/AIDS eller andre alvorlege sjukdomar. Kvart fjerde barn under fem år på Haiti lir av kronisk underernæring, heiter det frå WHO. Dei fire siste åra er brorparten av avlingane i landet øydelagd av anten tørke eller flaum, det vil seia vanstyre.
Og reint drikkevatn og sanitæranlegg kan ein berre gløyma. På Haiti.
Soldatar kan ikkje skapa demokrati, sa Laurence Pezzullo, Haiti-rådgjevaren som president Clinton vende det dauve øyret til før invasjonen i 1994.
«Before you go talking about knocking over somebody, you had better think where youre going with it», la han til.
Det er kloke ord som både Bush, Castro, Lilletun og Kristeleg Folkeparti på Cuba kan ha nytte av å notera seg. Dei kan vera eit godt grunnlag for kritisk dialog om plikter og menneske og menneskerettar.
Johan Brox
|