Dag og Tid nr. 31, laurdag 2. august 2003
Solomon-øyane:
Australia prøver ut «Bush-doktrinen»
Statsminister John Howard i Australia er flinkaste guten i klassen til George W. Bush og fyrste lærlingen som sjølv prøver ut Bush-doktrinen om preventive åtak i eventuelt sjølvforsvar.
Johan Brox
johan@dagogtid.no
Preventive åtak er effektive, men dei er som tvieggja sverd. Det var dei samde om, konferansedeltakarane som møttest i Aust-Vest-senteret som USA hadde stilt til rådvelde på Honolulu, Hawaii den 22. juni i år.
På sakskartet stod drøfting av uføresette komplikasjonar som kan oppstå når ein sterk stat hærtek ein veikare som blir sagt å kunna vera eit trugsmål, og professor Tom Plate ved universitetet i Los Angeles, California (UCLA), fortel om konferansen i The Straits Times, ei avis som kjem ut i Singapore.
Plate skriv under tittelen «Pre-emptive invasion II: A cancer spreads?»
Nasjonen blir avvæpna. Men kva skjer med folka som bar våpna, spurde Joseph Foukona, ein av deltakarane på konferansen i Hawaii.
Å skapa lov og orden treng ikkje vera nok til å stabilisera sjølv eit godt hærteke land. Invasjonsstyrken må atterreisa både politiet, rettsvesenet, straffeanstaltane, regjeringa og finansane. Men dei må heller ikkje gløyma å bry seg om sosiale tilhøve, utdanning og helsestell. Difor må opplæringa av offentlege tenestemenn prioriterast. Om ikkje, kjem me før eller sidan til å måtta byrja på nytt, meinte ein delegat.
Alle var samde om at væpna m
otstand i det veikare landet kom til å minka etter konfrontasjon med overmakta. Men etter nokre veker eller månader med okkupasjon, kjem motstanden mot okkupasjonen og okkupantane til å auka att og såleis gjera det preventive åtaket dyrare for invasjonsmakta. Det er mykje enklare å invadera eit land enn å modernisera det, blei det sagt.
For å seinka kostnaden og gjera aksjonen meir effektiv kom det framlegg om på konferansen må okkupantane ta dei okkuperte med på råd i alle større avgjerder. Okkupantane må bry seg like mykje om ofra for valden som om overgriparane. Okkupantane må aldri diktera, men arbeida i lag med lokalfolket.
Gode råd til Bush og Blair
Dette lyder som gode råd til USA og Storbritannia i Irak, ikkje sant, spør Tom Plate.
Men denne konferansen handla om Australia og Solomon-øyane!
Torsdag i førre veke gjekk Australia til preventiv aksjon med 2300 soldatar og 600 politifolk mot den vesle nabo-øystaten som har vore herja av vald etter eit kupp som splitta nasjonen i 2000. Men Australia var ikkje åleine. Statsminister Howard hadde med seg «ein koalisjon av villige» Stillehavs-nasjonar, som stilt nokre mann under australsk kommando.
Lyder dette kjent, spør UCLA-professoren.
Australia kunngjorde at invasjonen var naudsynt av di terroristar, pengevaskarar og narkotrafikantar elles kunne bruka Solomon-øyane som base om her ikkje var lov og orden.
Har de høyrt det før, spør Tom Plate og slår fast at det gode herr Howard har følgd i fotefara etter Bush.
Kven er nestemann ut, undrast han.
Anders Fogh Rasmussen? Nord i den danske bakgarden ventar me i spenning på «Preemptive invasion III».
«Operation Elpem Fren»
Den australsk-leidde invasjonen
på Solomon-øyane den største militæroperasjonen som har vore i det sørlege Stillehavet etter 2. verdskrigen har såleis fått eit noko mistydande namnet «Operation Elpem Fren», pidgin-engelsk for «hjelp ein ven».
Men somme meiner altså at det mest er seg sjølv Australia vil hjelpa ved å avvæpna folk og røvarar på Solomon-øyane.
Det vedgår til og med Hugh White som leiar det australske senteret for strategisk politikk.
Sjølv etter 11. september, er det vår bakgard som tel mest for oss i Australia. Krisa i Liberia er til dømes større enn den på Solomon-øyane, berre ikkje for Australia. Eit samanbrot på Solomon-øyane råkar oss hardare.
Hugh White er såleis ikkje berre endå ein «Bush-bankar», ærendet hans er å syna at Australia fyrst og fremst treng eit eige forsvar, eit som ikkje berre er knytt til Pentagon og interessene til USA. På heimebanen (heile det sørlege Stillehavet) er det Australia som tek føringa, og slik må det vera. Fyrst og fremst for dette føremålet, å vakta heimebanen, må det australske forsvaret byggjast opp og rustast ut, meiner White.
Den australske invasjonen av Solomon-øyane har elles ikkje skapt dei store overskriftene. Det gjorde heller ikkje situasjonen på øygruppa som fekk Australia til å gripa inn. Få kjenner til eller bryr seg om den snautt halve millionen menneske som bur der, og vanskane som president Allan Kemakeza har hatt og skapt etter at borgarkrigen formelt tok slutt i 2000, og den meir vilkårlege valden tok til. På Solomon-øyane såg ein faktisk dei scenane som Bush-pressa helst måtte komponera på mørkerommet frå Irak at lokalfolk dansa av glede over at dei utanlandske styrkane kom. Og av di Solomon-øyane ikkje har anna olje enn den dei pressar or palmar, er det heller ikkje reist mange spørsmål om kva Australia eigentleg er ute etter på Solomon-øyane.
Nye tider
Men det er dette spørsmålet professor Tom Plate formulerer eit subtilt svar på. Australia gjorde ikkje noko så lenge borgarkrigen herja mellom Solomon-øyane. Lovløysa og vonløysa har fått vara i mange år utan australsk innblanding. Krigsherren Harold Keke har fått terrorisera Guadacanal-øya i fred. Så seint som i 2002, då New Zealand tok eit initiativ (etter at den newzealandske ambassadøren blei drepen i den solomonske hovudstaden Honiara), var Australia heilt utan interesse for å gripa inn.
At Australia sende krigsskipet «Manoora» i juli 2003, etter at Bush-doktrinen har debutert i Irak, syner klårt at Australia har fått ein ny og overordna utanrikspolitikk og at det er den dei er ute etter å få prøvd på Solomon-øyane.
Til i år har Australia følgd ei «hands off»-line i høve til dei nye nasjonane i Sør-Stillehavet, som var koloniar til langt opp i 1970- og 80-talet. Australia ønskte ikkje å vera nokon ny-kolonimakt for små nasjonar som famla etter sjølvstende.
Dette endra seg 11. september 2001, skriv avisa Voice of Australia. Terroråtaket i New York og Washington og sidan bomba på den australske feriekolonien Bali i Indonesia, har fått styresmaktene i Australia på nye tankar. I fram-tida kjem Australia ikkje til å sitja med spjutet senka å sjå på at nasjonar utan styring i den australske bakgarden skal bli «gøyme-stader for terroristar, narko-trafikantar og pengevaskarar», som John Howard har formulert det.
Send the marines!
|