Dag og Tid nr. 31, laurdag 2. august 2003

Roald Helgheim:
Oppgjøret mitt får du aldri
JØLSTER: Etter at eg har sett nok ein AKP-debatt utspele seg i Dagbladet, kan eg berre seie meg lei for at vi ikkje greidde å gjere revolusjon. Her i grenda har folk nett avslutta ein gammal strid om retten til bruk av eit fellesområde i fjellheimen, dit dei sender sauene på sommarbeite. Striden toppa seg då ein av dei ville rive ei gammal gjetarhytte og byggje ei ny. Då slo nokre av bøndene seg saman og meinte dei hadde meir hevd på fjellheimen enn andre, og ville hindre nybygging. Det oppstod rettsleg strid, fleire hundre år gamle dokument vart leita fram, til ei rettsleg utgreiing gav hyttebyggjaren og hans allierte fullt medhald. I praksis er det å slå fast at fjellheimen er for alle.

Den einaste samanhengen mellom dette og det tusen og n’te AKP-oppgjøret, er at naboen som har vore involvert i striden, også er ein av dei politisk brennmerkte. Her ein dag viste han meg mappa si, der det er bokført at han vore ein aktiv RV-ar i fylket. Mellom papira var også eit notat der ein lokal politiembetsmann tykte den politiske aktiviteten frå gruppa var laber og lite å bry seg om. Som kjent samsvara ikkje det med synet til klassestaten, og resultatet kjenner vi. Ein kommisjon har påvist systematisk, ulovleg politisk overvaking i det meste av etterkrigstida. Enno har ingen juridisk person blitt stilt til ansvar for dette politiske overgrepet.

Den som trur at dette er ein omgåande manøver i den AKP-debatten som vart starta den veka Sharon var i Rosenes by, tar feil. Men grannen kom her om dagen viftande med Dagbladet og sa at eg var nemnt med namns nemning i AKP-serien. Introduksjonen (27. juli) er slik: «De drømte om revolusjon og kapitalismens død. I dag er ikke penger så verst likevel...» Eit digert bilde av Raude Khmers innmarsj i Phnom Penh i 1975 er dandert med portrett av gamle og noverande sentrale AKP-arar, med opplysning om inntekt og formue! Sjølv har eg under tittelen «Flere AKP-ere» fått plass i ei samanraska liste der poenget er å vise at «forsvar for ytringsfriheten er et helt greit levebrød for AKP-erne». Etter likninga å dømme tener gjennomsnittet ikkje meir enn ein Dagblad-journalist. Stian Bromark – tidlegare journalist i Ny Tid og ansvarleg for oppslaget – har dessutan innlemma SV-veteranen Steinar Stjernø i skrekkabinettet. Ikkje berre har vi eit yrke. Vi får også løn for det!

Etter dette har eg bladd meg bakover i dekninga som starta med Bernt Hagtvets dobbeltartikkel i Dagbladet midt i Molde-veka, og konstaterer at også det tusen og n’te AKP-oppgjøret har krasjlanda. Ikkje berre fordi Pål Steigan svarar unnvikande på Pol Pot-skuldingane til Hagtvet. Hagtvet har medverka til det sjølv med å senke seg ned på eit «fiende»-nivå i debatten. Men først ein visitt til den faste paneldeltakar i alle sjølvbestalta medietribunal mot AKP, Per Egil Hegge i Aftenposten. Han har eit sett ferdige AKP-artiklar i skuffa som han berre ajourfører med den aktuelle saka. «Det må noteres som en uforvarende kommunistisk kapitulasjon overfor det borgerlige samfunns bærende prinsipper når AKPs leder Jorun Gulbrandsen nå vil hale professor Bernt Hagtvet inn i en norsk rettssal», skriv han 26. juli. Utgangspunktet er grove skuldingar frå Hagtvet bygd på ei uvederheftig dansk kjelde. Poenget her er at Hegge tykkjer (eller læst som han tykkjer) det er snodig at også AKP-arar brukar rettsvesenet. Kva då med framifrå advokatar som AKP-aren Harald Stabell? Har Hegge gløymt Peder Martin Lysestøls årelange kamp heilt inn i internasjonale rettsinstansar, då Klassekampen dokumenterte politisk overvaking på ei tid då styresmaktene (og Aftenposten?) laug konsekvent om at slik systematisk overvaking ikkje fann stad?

Poenget mitt etter å ha følgt fleire media si oppfølging er: Kor lågt går det an å søkke, kor dum er det lov å vere offentleg, berre fordi emnet er AKP? Ventar ein at oppegåande menneske skal krype for dette kobbelet? Eit liknande spørsmål må også stillast til Hagtvet, som skusla bort utgangspunktet med ei lissepasning til dei i AKP som ville avspore debatten. Når han etterpå prøver å ironisere bort blodstenkte skuldingar om partiets indre liv med at mange har ringt for å tilby seg å vitne, er det nok ein uverdig måte å bruke uetterrettelege anonyme kjelder på. Professor Hagtvet har ein framskoten posisjon i det intellektuelle ordskiftet i Norge. Han har nytta posisjonen ved Universitetet på ein fortenestefull måte til å opne akademia for viktige offentlege ordskifte. Både han og Hans Fredrik Dahl (Dagbladet 20. juli) har rett i at det ikkje nyttar orsake eigne feil med at også andre har feila. Når Pål Steigan har oppdaga at Raude Khmer ikkje var marxistisk (som AKP), mildnar det ikkje AKPs forsvar av regimet på syttitalet. Men Hagtvet krev eit oppgjør som er totalitært, med utrydding av alt marxistisk tankegods og nedlegging av partiet. Han skriv at «AKPs regnskap i norsk historie er, med delvis unntak av Klassekampen, bare negativ.» Han har ikkje forstått at ingen andre enn vi glødande revolusjonære i AKP kunne starte eit så vilt prosjekt som Klassekampen.

Her gjorde partiet også si siste krampetrekning, då det i 1997 heldt på å setje avisa over styr gjennom ei politisk utreinsking og avsetjing av redaktøren. Til dags dato har partiet ikkje ytra eit sjølvkritisk ord for det. Difor ligg det ein djup ironi i at avisa i dag likevel er stoverein nok for heile den norske intelligentsiaen, også Hagtvet. Den revolusjonære opninga mi av denne kommentaren er ikkje ironisk. Eg har berre ikkje noko betre system å setje i staden. Og eg godtar ikkje det vanlege kobbelet som endå ein gong har oppkasta seg til dommarar over mitt politiske liv.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |