Dag og Tid nr. 31, laurdag 2. august 2003
På tomannshand:
Å skriva seg eit rom
Det er juli månad. Eg har nett lese om korleis svenske og finlandssvenske poetar har endra svensk poesi. Eg tenkjer på kven som har styrkt den norske poesien, og forfattaren av f.eks juli, Eldrid Lunden.
Inger N. Bråtveit
Eg ringjer Eldrid Lunden og spør om å få intervjua henne. Kvifor det? seier Eldrid Lunden, og spør kva me då skal snakka om.
Tekst og tekstane dine, seier eg. Om skrift, og om korleis skrifta ...
Du høyrest ut som ein av desse franskmennene som dei balar med på universitetet, ertar Lunden.
Ehh, me kunne snakka om forfattarstudiet og stillinga di der, prøver eg og ergrar meg over kvifor eg ikkje her og no spør om dei kvinnelege, svenske poetane sin språklege ambivalens til den litterære kanon. At eg ikkje nettopp her og no, i telefonen spør kva Lunden meiner om den norske, kvinnelege poesiposisjonen, og seier det er dette me må snakka om.
Den saka må no for lengst vera ferdigsnakka, seier Eldrid tørt og legg til:
Og Profil-tida kan du berre halda deg langt unna!
Jaaaa, eg hadde ikkje tenkt... Me kan snakka om kvinnelitteraturen, seier eg forfjamsa, med baksideteksten frå hard, mjuk (1976) friskt i minnet: «Også i år er det kvinnedikt ho skriv, kjærleiksdikt og identitetsdikt av ein karakter som knapt nokon mann ville skriva. (...)»
Hehehe, seier Eldrid og ber meg ringja attende seinare. Då med minst fem stikkord klar på blokka.
To timar seinare les eg fylgjande ord opp over telefonen: vald, skade, erfaringar, språk, setrum-utkant, begjær og bølgjer.
Du verden! seier Eldrid.
Me avtalar å møtast midt i Bø sentrum om tre dagar.
Tre dagar etter sit eg bleik på toget til Bø. Eg minnest då Eldrid Lunden var på vitjing på forfattarskulen på Finnsnes. Ho gjekk omkring i klasserommet og las opp frå eit essay av Francis Bacon, som ho spontanomsette, der og då. Neste dag var det tekstrettleiing. Eg hadde skrive to dårlege Finn Øglend-inspirerte tekstar, og at Lunden sat lenge utan å seia noko som helst. Så fortalde ho meg om to rådyr som kvar morgon beita på ekra nedanfor huset hennar.
Dei går der mest kvar morgon, sa ho.
Så var samtalen ferdig. På skulen vart det etablert eit tidsskilje: før og etter Eldrid Lunden.
No sit eg på kafeen Den gode nabo og ventar. Ute, i rundkøyringa rullar den eine terning-traileren etter den andre forbi. Så kjem Eldrid. Pissredd og med pustevanskar siterer eg sluttdiktet, «Nedsøkkt» frå debutsamlinga hennar: I åkeren ligg ein/ ring i gull/ i skogkanten/ veks ein måne svull/ huset sig i ei leirmold / natt, ringen har ein gong/ mor mi hatt, far vår/ stig over bleike//tun.
Skriv du i forlenginga av folkevisetradisjonen her?
Eg voks opp med folkevisene, men eg hadde ikkje folkevisa i tankane då eg skreiv diktet. Eg skreiv ned bileta mine, og håpa at det heldt.
Du brukar ringen som motiv i hard, mjuk også? Er det ein samanheng der?
N-e-i... Jo-o... Ikkje slik at eg tenkte medvite på det. Ein vel ikkje motiva fritt i starten av ein forfattarskap, kanskje analyserer ein ikkje så mykje heller. Etter kvart kan ein lesa ting inn i dei tidlege dikta som ein ikkje hadde sjanse til å gjera med det same.
Korleis vert ein lesar av si eiga skrift?
Ein skaffar seg avstand.
Korleis gjer du det?
Eg ventar. Det handlar om tid, avstand og venting. Ein poet har så god tid. Spørsmåla spring ikkje frå oss. Og det er viktig å hugsa på at me alle kan vera blinde.
Eldrid Lunden voks opp som den yngste av fem sysken på eit småbruk i Sunnfjord, og er akademikar i fyrste generasjon. Forfattarskapen vitnar om vilje til endring av kvinnelege mønster, om kvinnelege krav til det å vera kvinne. Ho har synt vegar med eit språk som har skrive seg opp mot både språk- og feministiske teoriar, og med ei reflekterande, samstundes sjølvironisk peikefingerrøyst har ho sagt: Det er ein lang veg å gå, lette løysingar er små. No, i Bø, med tolv diktsamlingar bak seg, fortel Lunden om det å vera sterk nok til å orka å finna seg ein veg som passar.
Eg var sjølvsagt stolt av å vera på universitetet, over å ha fiksa akkurat det, men eg kjende tidleg at dette var ein veg som var grei nok å gå, men som samstundes var litt utilfredsstillande. Eg fann ikkje stigar eller vegar vidare. Ikkje før omkring 1969-70. Då kom eg i kontakt med eit miljø av samfunnsvitarar som var opptekne av det som populært blei kalla antipsykiatrien. Dei las folk som Laing, Foucault, Mead, Goffmann, Israel, Szasz og så vidare. Det var mat for Mons! Og noko av dette kunne eg bruka i arbeidet med hovudfagsoppgåva mi, som mellom anna resulterte i ei endevending av Et dukkehjem. Eg ville ansvarleggjera Nora, slutta å snakka om henne som ei heroisk tullelulle. Eit eintydig offer for mannssamfunnet.
Utilfredsstillande, seier du?
På 60-talet hadde eg berre greidd å registrera ubehaget ved eit mønster ikring meg. Det retta seg ikkje mot menn eller einskildpersonar, men meir mot konvensjonar, forventningar og verdimønster. Eg registrerte sjølvsagt at akademia var stappfullt av menn som var opptekne av heilt andre ting enn det eg var, men kva så? Så kom Profil-tida, og eg vart vel ikkje så mykje klokare av å snakka med Profil-gutane heller.
Eg har fått klåre instruksar: Profil-tida ligg du unna. Eg prøver meg med eit vagt spørsmål om det kvinnelege blikket i og på den norske 1970-talslitteraturen.
Kvinnelitteraturen på 70-talet hadde sjeldan eksistensielle spørsmål på agendaen. Eit eksempel: Då eg etter sju år gav ut den andre diktsamlinga mi i 1975, vart ho omtalt i Vinduet av ein feminist som irritert sa at Eldrid Lunden høyrde til ein kategori forfattarar som var «ustoppelige i sin trang til å skrive lyrikk». 70-talsdamene var ikkje å spøkja med, skjønar du, dei hadde forstått at den raskt ekspanderande velferdsstaten sette nye krav til kunsten å krevja hushaldningspengar. Så då galdt det å stilla opp! Nei, eg skal ikkje vera ufin, historia har vore stygg nok mot dei allereie, seier Eldrid Lunden med dette fanden-i-voldske blikket bora beint i meg.
Lunden snakka direkte til mødrene og morsrolla. Boka Mammy, blue fortel om ei kvinne på 28 år som heiter Anna. Ynsket til Anna er å «føra eit totalt skamlaust språk». Trur du på at går an?
Nå er der fleire personar i denne boka, men... for meg handla Mammy, blue om å lysa opp eit kvinneliv innanfrå. Eg hadde ein konkret modell for Anna, men eg ville ikkje vera nokon kikkar eller observatør til andre sitt elende, eit elende eg sjølv veit noko om.
Eg tenkjer på diktet frå «Noen må ha vore her før»: Men velkommen, velkommen, seier eg, still / crazy after all those years, kan odelsretten / gjere noe vesentlig til eller fra, vil eg / gjerne at de viser han fram
Eldrid Lunden held fram:
Om eit totalt skamlaust språk lèt seg gjera? Det er vel ikkje heilt enkelt å svara på. Ordet skamlaust har både positive og negative konnotasjonar. I populærpsykologisk samanheng har ord som skam, angst og skuld lenge vore brukt mest berre i nedsetjande meining. Men så enkelt kan det vel ikkje vera? Angst, skam og skuld er naturlege og nødvendige varsellamper, er det ikkje? Dei kan vere uheldig dimensjonerte, men dei er nødvendige. Korleis skal ein veksa opp om ein ikkje blir varsla om fare? Korleis skal ein ta ansvar og tola nederlag viss ein ikkje skil mellom godt og dårleg? Men som sagt, i visse miljø, for eksempel på 60-talet, var det in å hevda at skuldkjensle var symptom på at ein enten var fundamentalist eller ei pyse. Då var ein mann som Hans Skjervheim god å ha! Eg ser han tydeleg for meg han var fast gjest på «Upopulære aften» på studentkroa kvar
torsdag. Der sat han med ølglaset sitt, alltid omgjeven av så mange studentar som det var plass til omkring bordet. Og han snakka. Og snakka. For eksempel om spontanisme, og om idear om såkalla fri utfalding for mennesket. Berre illusjon sa han. Sjølvmedvitet kan vere pinefullt, men vi slepp ikkje unna. Det spontane er føresetnadslaust og kan ikkje veljast. Vi kan ikkje velja å bli som Trobriander-folket igjen!
Trur du at ubehaget som merkelappen «kvinnelitteratur» fører med seg, kan skuldast skam? At ein ynskjer avstand til det kvinnelege for å kunna verta teken seriøst som forfattar?
Kvinnelitteratur, kva så? Kva elles skulle eg skriva? Eg opplever det som tragikomisk når dei kvinnene som for få bøker sidan fekk positiv merksemd for nettopp å ha teke opp ein slik tematikk, deretter nektar for at dei skriv såkalla kvinnelitteratur. Utan nærmare forklaring. Viss dei ikkje blir tekne på alvor, har det truleg mindre med det å gjera at dei er kvinner enn at dei ikkje minnest frå klokka tolv og til middag.
Øystein Rottem sa i eit intervju i P2 at kvinner ikkje er kvalifisert til å konkurrera med menn om litterære prisar...
Det intervjuet kjenner eg ikkje... men eg hadde så nær sagt: Det skulle då berre mangla at ikkje menn skriv betre enn kvinner sidan dei har hatt arenaen åleine så lenge! Men om dei verkeleg er så overlegne, ja så synest eg det er rart at dei ikkje er endå betre. Dei burde lege lysår framfor oss. Lysår, ja! seier Lunden og flirer så ho ligg skakkflat fram over bordet.
Er det tale om ein sentrum- og periferiposisjon her? Slik som den svenske lyrikaren Birgitta Lillpers peikar på når sentrumsmennene kjem på vitjing i periferien og hentar med seg originale utsegner som dei seinare vekslar inn i suksess i mannssamfunnet?
Den viktigaste arbeidsreiskapen til forfattaren, er forfattaren sjølv. Forfattaren er sentrum i si eiga skriveverd uansett. Han har sentrum med seg over alt. Men så knyter det seg sosiale og politiske aspekt til forfattaryrket, og det er noko anna. I Sverige for eksempel har det lenge vore vanskeleg å fungera som forfattar om ein bur i distriktet. I Noreg er det betre, her er vel ordet heimstaddikting etter kvart gått ut på dato. Me har oppdaga at også oslofolk kan vere «heimanfrå».
Men når kritikarane seier at fjordar og regn er vestlandsmotiv og samlagspoesi?
Det er uprofesjonelt. Då rotar ein saman geografiske og personlege motiv med litterære. Eg har skrive mykje om regn fordi eg kjem frå ein stad der det regnar mykje, men motiva ein forfattar brukar, er i ein viss forstand irrelevante. Det som er viktig, er kva forfattaren brukar dei til.
Vald var eitt av punkta eg lista opp. Sidan me ikkje har fylgt desse punkta så systematisk, kunne me kanskje halda fram der. Du har sagt at me ikkje kan forstå det kvinnelege før me har forstått den kvinnelege valden. Kan språket vera ein måte å få bukt med valden på?
Det finst mange ulike typar vald. Det er open vald og det er løynd vald. Kvinnevald er ofte løynd vald fordi vi er smartare enn menn. Ja. Og det er gjerne den løynde valden forfattarane interesserer seg for. Den løynde valden, fordommar, feilinformasjon, til dømes, banar ofte vegen for open vald. Den farlegaste løgna er den som bortimot er sann, heiter det. Den største utstillingsplassen for den løynde valden er media, sjølv om media fokuserer mykje på den opne valden. Den usynlege valden kan til dømes liggja i at media dagleg presenterer oss for eit røyndomsbilete som til 70-80 prosent består av ulykker, skandalar og vald. Pluss ein dæsh pop. Pluss ein blome. Pluss ei søt lita ape. Som eit slags kontrapunkt. Dette biletet er sjølvsagt tendensiøst, og dessutan kjedeleg. Når eg knapt orkar å sjå Dagsrevyen lenger, er det mindre fordi han vassar i ulykker og vald enn at han er
kjedeleg. Men ein skal kanskje vere forsiktig med å moralisera. Viss ein oppsøkjer ekstreme reaksjonar (og rapportar om vald er ei billeg kjelde til spenning), så kan det vere symptom på ein eller anna mangelsjukdom. Før hadde folk meir enn nok med å halda seg i live, og mange opplevde meir spenning enn dei likte i samband med det daglege strevet. I dag er dette radikalt endra. Samstundes har me visst ikkje greidd å finne noko meiningsfullt alternativ. Basehopping duger for nokon. For andre går det bra med piercing. Å kjenna spenning, og å oppsøkje grenser er viktig for svært mange menneske. Æh... du spurde om... om språket kan vere eit hjelpemiddel til å få bukt med vald. Ja. Det trur eg.
Samtalen kjem inn på det svenske forlaget Vertigo, som har sett seg føre å presentera «tekstar frå avgrundens rand» og den siste antologien deira der tolv forfattarar skriv om perversjonar. Eg spør meg sjølv om kva tid me får den fyrste litterære sexoverdosen og spør Lunden:
Held me ikkje snart på å drukna, ikkje berre i vald, men også sex?
Aldri i livet. Hadde det berre vore så vel! Ein freistar å gjera det, men vaknar opp neste morgon, neste år, neste hundreår med same holrommet. I hovud og kropp. Men dette dreiar seg om marginale fenomen som alltid har vore der og som truleg alltid vil vera der. Noka syndflod, eller drukningsulykke, har eg lite tru på. For folk flest er verken sex eller vald interessant isolert sett, det er delaspekt i tilværet. Også for det poetiske gemyttet er det berre interessant om det kan setjast inn i ein større samanheng.
Er det framleis risikabelt å skriva?
Tabugrensene er der framleis, grensene og grensebyggjarane flyttar berre på seg, får andre namn og nye tider. Dei er like risikable å utfordra som dei alltid har vore.
Kjem det fleire bøker frå Eldrid Lunden?
Ja, det håpar eg. No er det svært moro. Det fine med å bli eldre er at det stadig opnar seg nye rom, seier Eldrid, humrande ut på høghælar i julidagen.
|