Dag og Tid nr. 31, laurdag 2. august 2003
Leiar:
Marknadskreften
Kvar gong ei statleg verksemd blir privatisert, argumenterer politikarar med at det skal kome folket til gode. Dokumentasjon på at det er blitt slik, ser vi lite til både når det gjeld straum, telefon og posttenester.
Denne veka annonserte samferdsleminister Torhild Skogsholm (V) at alle jarnbanestrekningar her til lands skal setjast ut på den frie marknaden før 2006 i håp om å stoppe passasjerflukta frå NSB.
Det er særleg frisleppet av ekspressbussruter som har ført til at kundar har svikta dei gamle statsbanene. Busselskapa melder om ein auke på 16 prosent på fleire ruter berre det siste halvåret. Til hausten får toget òg konkurranse frå buss på den siste monopolstrekninga Nordlandsbanen mellom Trondheim og Bodø, skriv Dagsavisen.
Statssekretær Arnfinn Ellingsen (V) i Samferdsledepartementet sa til den same avisa at det må vere greitt om toget blir skadelidande berre fleire reiser kollektivt. Då gløymer han ein vesentleg ting: miljøvinsten. Dessutan meiner mange at tog er ein meir behageleg måte å reise på. Men slike argument måler ein ikkje i kroner og øre.
I praksis er det vanskeleg å la marknadskreftene styre på alle område i eit land som Noreg. Dei som bur i utkantane treng òg gode transporttilbod. Erfaringar frå Storbritannia syner dessutan at togtilbodet vart dårlegare med privat drift.
Samferdsleministeren ynskjer at vi framleis skal ha jarnbane i Noreg. Då må vi betale det det kostar.
Tiril Rem
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|