Dag og Tid nr. 31, laurdag 2. august 2003

Klok på bok 625:
Diktet


God dag og tid! Det er visst ikkje berre eg som ferierer midt på blankaste sommaren. Viss han Dale-Oskar og han Barabass ikkje har lurt unna brev, er det berre fem svar som ventar på meg denne veka. Til gjengjeld har han Olav Molven i Bergen skrive ekstra langt:

«Eg har ikkje kunna kontrollere dette, men meiner det må vere Kirsten Thorup, ‘Den lange sommer’ (1979), frå romanserien ‘Lille Jonna’ (1977), ‘ Den lange sommer’ (1979), ‘Himmel og helvede’ (1982) og ‘Den yderste grænse’ (1987). Eg ser av ei bok at Jonna, når ho ser attende på livet sitt, tar til å forstå seg sjølv ut frå forelda si soge. La meg dessutan sitere kva Kirsten Thorup sjølv uttrykkjer: ‘ Mit udgangspunkt er altid virkeligheden, og de mest fantastiske elementer findes i virkeligheden. Det fantastiske findes også i menneskene – mennesker er meget uforudsigelige og overraskende. (...) Hvis man kun lærer folk at kende på overfladen, når man möder dem i toget eller på arbejdet, kan det se ud, som om de lever et kedeligt liv. Lærer man dem derimod nærmere at kende, er der altid, enten i deres måde at være på eller i deres liv noget, som er utroligt. Det er mit udgangspunkt. Det anser jeg også for at være realistisk!’ Elles? Mitt utgangspunkt kan vere at eg i 1972, i EF-kampen, var på lag med ein som bar familienamnet Thorup; ein forvitneleg kar med dansk bakgrunn! Slik kan eg vone at det vert ein slags samanheng, ein slutta ring dersom då Kirsten Thorup er svaret. Ho har no forresten vunne ei lang rekkje prisar. Barabass bør kanskje roast noko ned.
»

Han Barabass gjer som han vil. Ingen veit kvar hannen hoppar...

Vinnaren denne veka, ho Gro Arneberg Thorensen i Oslo, er sikrare i si sak enn han Olav: «Denne boken kjente jeg igjen med en gang! Det er nemlig min favorittforfatter dere serverer denne gangen: Kirsten Thorup og ‘Den lange sommer’. Boken er nummer to i rekken av i alt fire titler som omhandler Jonna fra hun er liten jente til hun blir voksen. Min interesse for Thorup ble vekket for noen år siden da hun var nominert til Nordisk råds litteraturpris. Jeg startet med bøkene om Jonna og leste meg fort igjennom alle romanene hennes. Håper hun snart kan nomineres på nytt.»

Han Gunder Runde held òg koken i sommarvarmen: «Kva gjer ein når ein står på farten og skal på ferie, og ikkje har sjanse til å verken halv- eller heilsjekke danske boksamlingar? Jau, då bruker ein Gunder-metoden, kombinert med søk i eigne bokeksemplar. Med andre ord: 1) finn ei dansk bok som har nok med sommar i tittelen 2) leit etter noko som kan minne om oppvekstroman i to band (eller fleire) 3) finn ein forfattar som har debutert sist på 60-talet, og som då truleg er fødd på 40-talet ein gong 4) bla i dine danske bøker, ‘vær tålmodig, menneske’ (omskriving av Inger H.). Og alt dette førte meg fram til Kirsten Thorup, fødd 1942, debut 1967 med diktsamlinga ‘Indeniudenfor’. Ho hadde publikumssuksess med oppvekstromanen (!) i to band (!) som kom i 1977-79 og som heitte ‘Lille Jonna’ og ‘Den lange sommer’ (!!). Mi kvalifiserte gjetting seier altså: Kirsten Thorup: ‘Den lange sommer’ (1979). Og her på vestlegaste vestkysten har faktisk sommaren vore lang og herleg varm. Det er blasfemi å reise herifrå, men flybillettane ligg klare, så får vi sjå korleis det ser ut på dei traktene dit vi skal. God (fortsatt lang) sommar frå Gunder Runde Ulsteinvik

Ho Torill J. Strøm på Myre i Vesterålen har heldigvis heller ikkje teke ferie frå Klok på bok: «Kjempeartig at Kirsten Thorups Jonna er med i Klok på bok. Sitatet er fra romanen ‘Den lange sommer’ som kom ut i 79. Med ‘Lille Jonna’ startet Kirsten Thorup den for lengst klassiske romanserien om lille Jonna, som også omfatter ‘Himmel og helvete’ og ‘Den ytterste grense’. Jeg møtte forfatteren for mange år siden på Nordens hus i Reykjavik der hun fortalte om sin nylig utgitte roman ‘Himmel og helvete’ (må ha vært i 83 eller 84), og siden har jeg lest alt jeg har kommet over fra denne forfatteren. Bøkene om lille Jonna er likevel de beste. Nordens hus hadde hver vinter en nordisk litteraturuke der en aktuell forfatter ble presentert, og det var alltid spennende besøk på et spennende sted. Nordens hus skulle jeg gjerne tatt med heim fra Island. Nostalgisk hilsen fra Torill på Myre.»

Du får lage eit alternativt hus i Nord, Torill! Då skal du få god reklame her hjå meg!

Ho Ingrid i Gaupne sender rett svar på eit postkort med bilete av ei vakker vestlandsbygd, og eg fell i tankar om kor godt vi har det.



Klok på bok 625

Døden er ikke til!
Hvelvet over meg sier stjernehimmelen det –
her nede på jorden
puster grenene langs mørket
med åpne munner dier de den store natt.
Og jeg, et løv,
fast inntil alt som puster,
dier, vokser
En gjenklang av meg finnes i de kolde stjerner der oppe
og i andre trær.


Denne lyrikaren gav ut mange diktsamlingar, men var taus i ein periode på 16 år. Ho fekk både Kritikarprisen og Doblougprisen. Ei bok med etterlatne dikt kom ut i 1997, to år etter at ho døydde. Stikkkord: Vold. Kven vil eg fram til? Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 8. august.

Eg har hatt det gyseleg fint i ferien. Har berre sete i skuggen og lese bøker og drukke god eplevin. Eg har hatt det så godt at eg fortener å ta til att på kvardagen, sjølv om han ikkje er så stri lenger.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |